Informasjon om dame A-lag
Her vil vi leggja ut informasjon som er knytt til dame a-laget i Rosendal Turnlag.
Nyhetsarkiv
Oppdatert oversikt over treningstider - fotball
Oppdatert oversikt over treningstider pr. lag og pr. dag er lagt ut. Du finn dei under "Fotball" i menyen til venstre.
09. May, 2012
Storsiger til damelaget
Frøya gjesta rosendalsdamene sundag ettermiddag til årets første seriekamp. Rosendal spelte ein knallbra første omgong og leia 6-0 til pause. Andre omgongen var spelet litt prega av den store leiinga, men mot slutten putta jentene tre til og vann fortent 9-0. Herrane hadde Fitjar på besøk igår, der gjekk måla andre vegen og kampen enda med eit 5-0 tap.
22. Apr, 2012
Storsiger til damelaget
Frøya gjesta rosendalsdamene sundag ettermiddag til årets første seriekamp. Rosendal spelte ein knallbra første omgong og leia 6-0 til pause. Andre omgongen var spelet litt prega av den store leiinga, men mot slutten putta jentene tre til og vann fortent 9-0.
22. Apr, 2012
Kampprogram 2012 - Fotball
Det er laga ein flott oversikt over alle kampane til rosendalslaga for 2012. Eit dokument for alle heimekampar og eit for alle kampar. Klikk deg vidare for å sjå programma.
19. Apr, 2012
Kurs i skadeforbygging
Mandag 13. februar haldt Sveinung Eskeland kurs i skadeførebygging, samt opplegg når skade har skjedd. Det vart eit lærerikt og nyttig kurs for både spelarar og trenarar på jente og A-lag damer. Det er mykje å henta på desse områda, dersom ein får kunnskap om det.
17. Feb, 2012
Nytt treningsoppsett på kunstgrasbanen
16. Jan, 2012
Uavgjort for damene i kveld
Rosendalsdamene hadde i kveld besøk av Arna/Bjørnar 3. I eit ruskete vær vart resultatet til slutt 2-2. Ingunn Uglehus og Hildegunn Furdal ordna måla til Rosendal.
17. Oct, 2011
Opprykkskamp på kommande sundag!
Herrelaget vann i dag 3-1 borte mot Vadmyra 2. Solid vann sin kamp og ligg tre poeng føre Rosendal. Dersom Rosendal vinn kampen mot Solid på sundag er dei klare for opprykk. Så då er det ein ting å gjera, nemleg å møte opp på stadion fyrstkommande sundag klokka 14:00.
Damelaget vann 3-0 heime mot Os i ettermiddag.
09. Oct, 2011
Damelaget vann borte mot Bønes
Damelaget vann 3-2 borte mot Bønes idag. Damene spelte ein veldig god kamp, med god innsats og lagmoral. Måla vart laga av Ingunn Uglehus (2) og Elisabeth H. Eide.
17. Sep, 2011
Damelaget vann 4-0
Damelaget vann 4-0 borte mot Austevoll/Selbjørn i dag. Måla vart skora av Kristine Enes Medhaug, Elisabeth H. Eide, Anette Sandnes og Helene Skåla.
21. Aug, 2011
Damelaget ubesigra gjennom vårsesongen
Damelaget vann igår 5-2 heime mot Odda. Dermed er damelaget ubesigra i vårsesongen. Dei har vunne alle kampane unnateke ein uavgjort. Vi gratulerar med ein godt gjennomført vårsesong.
20. Jun, 2011
Damelaget vann 1-0 borte
Rosendalsdamene reiste til bortekamp mot Frøya idag. 5 jentespelarar var med til denne kampen. Katrine debuterte i mål. Rosendal hadde mange både halv sjansar og hundreprosentsjansar. Men det måtte straffe til for at skoringa skulle komme.
13. Jun, 2011
Damelaget vann 4-2 borte
Damelaget spelte bortekamp igår mot Varegg/Sandviken 3. Dei kunne reise heimatt med tre poeng og ein flott 4-2 siger. Dermed ligg no damene på 3. plass med 2 kampar mindre spelt enn 1. plassen og 1 kamp mindre spelt en 2. plassen. Dette ser lovande ut. Kun 3 poeng opp til 1. plass.
09. Jun, 2011
Damene vann 3-0 borte mot Samnanger
Damene vann 3-0 borte mot Samnanger no i kveld.
Kristine Medhaug, Ingebjørg Haugland og Reidun Musland skora måla. Dermed har damene vunne alle sine fire kampar til no i sesongen. Dei ligg no likt med Tertnes og Fyllingen på toppen av tabellen. Alle lag med 12 poeng, men Rosendal har ein kamp mindre spelt.
24. May, 2011
Damelaget vann, herrane spelte uavgjort
23. May, 2011
Sterk siger av damelaget
Damelaget møtte i kveld topplaget Tertnes til dyst på Rosendal Stadion. Tertnes kom til Rosendal med god sjølvtillit og 19-0 i målforskjell før kampen. Damene frå Rosendal ville endra denne målforskjellen og det greide dei. Hildegunn Guddal skora 1-0 ganske tidleg i fyrste omgong. Anette Sandnes auka så til 2-0 like før pause.
11. May, 2011
Informasjon Fotballforsikringen 2011
NFF har et sterkt fokus på Fotballforsikringen og ønsker å tilby våre medlemmer markedets beste dekninger. Vi har etablert et unikt konsept hvor Idrettens Helsesenter (IHS) er en meget viktig del i behandlingen av de som skades.
11. May, 2011
Damekampen på søndag er flytta
06. May, 2011
Damelaget vann over Minde
Damelaget til Rosendal hadde full kontroll på kampen mot Minde sundag kveld. Når dommaren bles av kampen stod det 7-2 til Rosendal i målprotokollen. Ein god kamp der eindel spelarar frå jentelaget fekk sin damelagsdebut. De kan lesa meir på Kvinnerhingen ved å klikka deg vidare
11. Apr, 2011
Alle kampar er lagt ut på kalenderen
No er alle kampane i vårsesongen lagt ut på aktivitetskalenderen. Neste kamp vil kome opp med nedteljing opp i høgre hjørne på sida. Kampane er tekne ut frå Speaker.no. Dersom det vert endringar innbyrdes må det gjevast beskjed om dette til underteikna.
07. Apr, 2011
To heimekampar i helga
Herrane spelar mot Laksevåg 2 på laurdag klokka 15:00. Damelaget spelar mot Minde på sundag klokka 18:00. Møt opp!
05. Apr, 2011
Hordabø trakk det lengste strået
Det enda 4-3 til Hordabø i kretsfinalen på stadion i dag. Stillinga var 3-3 då det stod att 3 minutt.
28. Oct, 2008
KM-finale for damer i Rosendal
Rosendalsdamene får spela KM-finale for 4. divisjon heime på stadion. Dette skal skje sundag 12. oktober. Klokka 15:00.
28. Oct, 2008
Damelaget i tredjedivisjon
Nymark 2 - Odda 1-1. Odda greide ikkje å slå Nymark med 10 mål idag og rosendalsdamene er definitivt klare for opprykk!
28. Oct, 2008
Ein herleg gjeng
Flott jenter !!!! Alle gjorde ein strålande jobb på banen i dag. Ingen andre enn spelarane og innbyttarane veit korleis presset har vore på oss dei siste to vekene. Då vi med eit redusert lag spelte uavgjort 1-1 mot Nymark på bortebane, fekk jentene til å bestemma seg for å vinna resten av kampane. Når Varegg/Sandviken i tillegg "snubla" dei siste kampane, var det berre Odda og Rosendal som stod att som mogelege vinnarar av serien. Til tross for skader og litt slitne damer, har alle saman vore flinke og stått fram som EIT LAG saman. Det har vore ein tøff haust med fire bortekampar etter kvarandre før siste kampen i dag. No får vi berre håpa at det held heilt inn…(vert avgjort imorgon når Nyrmark og Odda møtest i Bergen).
28. Sep, 2008
Damene nesten klare for opprykk
Damene er nesten klare for opprykk etter å ha slege Fana 2 heile 4-0. Alle måla kom i andre omgong.
28. Sep, 2008
Damelaget vann borte mot Løv-Ham
Damelaget hadde ein flott kamp mot Åsane II på laurdag, og til tider glimrande fotballspel. Laget me spela 2-2- mot i vår, vart overkøyrde av Rosendalsdamene.
28. Sep, 2008
Flott kamp av damene
Damelaget hadde ein flott kamp mot Åsane II på laurdag, og til tider glimrande fotballspel. Laget me spela 2-2- mot i vår, vart overkøyrde av Rosendalsdamene.
28. Sep, 2008
Tilbake




