80 miniar på trening på tysdag
Det var flott å sjå på mylderet av spelarar på stadion igår, heile 80 spelarar møtte opp til trening på ymse minilag. Rekrutteringa ser ut til å vera bra for framtida.
Eg kom ned på bana litt før halv sju på tysdag og aktiviteten var berre fantastisk. Miniar, friidrett, jenter og smågutar som skulle spele kamp. De er imponerande å sjå kva de som er trenarar og leiarar legg ned av tid og krefter, og den gleda de får fram hjå born og unge. Vonleg får de sjølv energi og glede av å halde på også. Eg vert i alle høve imponert av dykk.





09:54

