Andrejus Tereskinas sjekkar tilhøva i Rosendal

Av: | 7. February, 2009
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)

Den litauiske trenarkandidaten for Rosendal, Andrejus Tereskinas, var idag på plass i Rosendal for å sjekka tilhøva i klubben. A-laget stilte med 18 mann og hadde ein intern oppvisningskamp for Tereskinas.


Tereskinas var imponert over treningsfasilitetane, og fekk eit godt inntrykk av laget. Klubbleiinga fekk og eit godt fyrsteinntrykk av trenarkandidaten. Han kan skilta med den nest høgaste trenarutdanninga ein kan ta i Europa, og han har vert trenar for toppserielaget Vilnius i Litauen. Dette lovar bra for A-laget dersom no alt ordnar seg.

Tereskinas er skadefri og vil sannsynlegvis verte spelande trenar, om han kjem til Rosendal.  

No skal Tereskinas vera i bygda i tre dagar før han retunrnerer til heimlandet. Vi kjem attende med meir informasjon etterkvart som meir er avklara.



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann