Eit triveleg møte med FKH sitt trenarteam

Av: | 25. June, 2010
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)

Rundt 11-12 trenarar frå Rosendal si fotballgruppe møtte på "miniseminar" med trenarteamet til FKH i går kveld. Dei frammøtte fekk høyre historien bak FKH sin framgong og ein fekk med seg nokre treningstips. Det enkle har vore det beste for FKH.


Involvering frå spelarane på trening og i kamp er ei viktig forutsetjing for eit godt miljø og god innsats. Dette fortalde hovudtrenar Jostein Grindhaug. Vidare fortalde han at i treningsøktene deira la dei vekt på at ein skulle trena med ball så mykje så mogleg, også under kondisjonsøktene. Sitat frå Grindhaug: "Det er jo fotball vi spelar".

Vi takkar for at trenarteamet tok seg tid til dette miniseminaret og vi ynskjer dei lukka til vidare i tippeligaen!

Lenkje til FKH sine sider med nytt frå Rosendalsopphaldet.


Trenarteamet til FKH: f.v. Kjell Sture Jensen, Eirik Horneland og Jostein Grindhaug.
Foto: Arvid Nes



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann