Fotballjenter på slalomtur
11 jenter, 4 bilar og fem vaksne reiste fredags ettermiddag frå Rosendal. På Voss åt me Pizza på Dolly, sponsa av RT. Kjekt at det var våras tur til å bli sponsa. TAKK.
Laurdag var det nydelig ver, sol og -15 grader. Litt "surmuling" i køen då me skulle kjøpe keecard og dagskort til dei som ikkje hadde.
-- men det var ikkje våras jenter som "surmula", men vaksne Bergensarar som tykte me brukte for lang tid i billettbua.
Det var eit flott føre, fine heisar og flinke jenter på ski.
Som alle store idrettsstjerner hadde me også med oss eigen kokk, Ole Johnny. Han hadde laga niste til heile gjengen, så matpausen tok me i toppen av Kari Traa trekket på over 1000 m.o.h.
Om kvelden koste me oss med gryterett og forskjellige underholdnings innslag av jentene. Dei var også mykje ute i snøen og lagde hopp.
Me hadde ein fin tur heim på søndagen.
Måndag var det påan igjen med trening. No er me ikkje berre 1996 jenter, me er så vidt begynt å trene med 1995 jentene. Me skal faktisk spele 11 -ar fotball med offside og greier. Heldigvis har 1995 jentene spelt 11- ar fotball eit år så då kan me lære litt av dei. Gledar oss til å verte kjent med desse jentene !
Helsing Bodil
Fleire bilete kan du sjå her


