G14: Trott - Rosendal 3-2
Bortekamp mot serieleiar Trott.
Rosendal spelte ein særs god kamp. Langt ut i fyrste omgang låg vi under 2-0, men greidde å henta oss inn igjen til 2-2. Trott fekk så eit frispark rett utanfor sekstenmeteren som dei satte i mål, dermed vart det 3-2 før pause.



