Invitasjon miniputtcup på Husnes

Av: | 14. September, 2010
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)
Fotballgruppa i IL Trio inviterer med dette til miniputt-turnering for klassar opp til 9 år på Kvednabekkjen søndag 26. september. Start ca kl 09.30, avslutta ca kl 16, avhengig av påmelding. Det blir klassar for 2001, 2002, 2003 og viss mogleg 2004 + jenteklasse 2000 for dei ulike årgangane. Viss det ikkje let seg gjere med reine jenteklassar, spelar reine jentelag i ein årsklasse yngre. Oppmodar elles om å melde på i korrekt klasse og unngå overårige spelarar. Oppmodar også om å legge opp til færrast mogleg innbyttarar på laga.


Dette er ein del av serieopplegget for miniputtane og det er ikkje noko deltakaravgift. Namneliste er heller ikkje naudsynt, men ein må registrere antal spelarar ved frammøte turneringsdagen.

Ber om at klubbane melder på laga sine samla til adresse: post@il-trio.no innan laurdag 18/9 kl 23.59.

Kampoppsett vert sendt ut snarleg etter dette (vonleg søndag kveld).
 
Mvh,
Are Ulseth
IL Trio Fotball



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann