Jenter 14 vidare til mesterfinale!

Av: | 30. October, 2010
Legg til Facebook Print Kommentarer (1)
Jenter 14 spelte ein strålande semifinalekamp idag. Hald/Telavåg/Skogsvåg kom frå Bergen med 107 pluss mål frå serien i bagasjen og dei har vunne alle kampane i si pulja. Jentene våre spelte ein god kamp som enda 1-1.  


Fyrste omgang vart prega av sterk motvind for heimelaget og Hald/Telavåg/Skogsvåg pressa på. Omtrent midt i omgangen greide bortelaget å få ballen bak ein god Rosendals målvakt Cathrine Røssland. Heimelaget gav ikkje opp og hadde to store sjansar for utlikning i denne omgangen. Mål vart det ikkje og stillinga til pause var 1-0 til bortelaget.

Andre omgang starta godt for heimelaget. Med litt medvind i ryggen føregjekk store deler av spelet på Hald/Telavåg/Skogsvåg sin banehalvdel. Heimelaget produserte fleire gode målsjansar, men mål vart det ikkje. Mot slutten av kampen kom løysinga, Ingebjørg Haugland kjempa seg fram til dølinja på høgre kanten, dribla av ein spelar og kom seg akkurat innafor 16. meteren før ho vart felt. Straffen sette Tina Skår kontant i nota og utlikna dermed til 1-1.

Resten av kampen pressa heimelaget på for å avgjera, men skota gjekk i nettveggen og ikkje innafor målstengene. Dommaren bles av kampen og det heile skulle avgjerast på antal cornera.

Det viste seg at ca 7 minutt før kampslutt var stillinga på corner 5-5, gleda vart stor då heimelaget sikra seg finaleplass med 7-5 i corner!

Alt i alt ein strålande kamp av jentene, god målvakt, godt forsvar, kjempande midtbane og aggressive spissar gjorde alle til at finalen er eit faktum!

Vi gratulerer og ser fram til kampen som skal gå anten mot Trio eller Arna - Bjørnar neste sundag.

Vi ynskjer lukke til!

Straffe, satt i mål av Tina Skår

Glade jenter etter siger

Strålande nøgd trenar



Fleire videsnuttar frå kampen finn du ved å klikke her



Tilbake


No skal me spela mot Trio i finalen !!! :-D

Skrevet av Hazel Ann # 22
31.10-2010  17:54



Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann