Lille jenter 96 held koken
Laurdag 13. sept. og søndag 14. sept. var 11 blide rosendalsjenter på fotball cup til Prestegardsskogen på Stord, Trott Idrettslag si Spar Haga jenteturnering. Laurdag køyrde me endelig minibuss, noko jentene har masa om lenge.
Då billetøren skulle ta betalt for 3 vaksne og 10 ungar, kan de sjølv tenkje dykk
kommentarane som kom, eg fekk assosiasjoner til Salhusvinskvetten.
Trott sine lag Junaited og Citti slo me høvesvis med 3 -0 og 6- 0. Mot Stord I spela me uavgjort 3 -3, som resultatet viser, ein jevn kamp. Dette var siste cup –helg denne sesongen, og me har fått påfyll ikkje berre iform av fotballerfaring, men og livserfaring %u263A og gode minner. Rosendal - OddaMandag tok jentene treningsfri før dei møtte Odda til kamp på Rosedal stadion tysdag 16.sept. Odda laget som gav oss sterk motstand i vårkampen var ikkje til å kjenne att, noko som og viste på resultatet: 10 – 1.Uskedal – Rosendal
Siste seriekamp denne sesongen er mot Uskedalen, kampen skulle gått 23. sept. men er utsatt ei veke eller to. Uskedalen er eit lag i framgong og dei gav oss skikkelig motstand i vår kampen. Det vert nok ein spennande kamp, håpar mange foreldre vert med til Heio og ”heiar”.
Fleir bilete frå Lillejentelaget finn de her


