Møbelsal
No kan du gjera eit kjempekupp ved innkjøp av nye møblar. Øystese fotball ved Roger Vassnes har tatt kontakt med fotballgruppa i Rosendal om sal av møblar. Dei har fått hand om eit lager frå Torpe møbel som har ein utsalsverdi på eit par millionar kroner.
R.T. fotball skal stå for salet i Kvinnherad saman med Øystese. Utsalsprisen frå oss blir ca. halv pris av butikkpris, så her kan du gjera ein særs god handel. Salet blir i Rosendal Samfunnshus 5., 6. og 7. desember med utstilling av møblane, og kjem til å gå over 14. dagar. Me kjem tilbake med annonser og utsalstider og diverse. Her er det berre å nytte sjansen for eit godt kjøp. Rosendal T.L. får 30% av salsummen. Dette er ein ny måte å få pengar i klubbkassa som bør slå godt an.
Helsing R.T. fotball


