Rosendal Smågut 95 på Varegg Cup i Bergen
Vi skulle spele på Varden i Fyllingsdalen.
Innleiande kampar vart spela laurdag 22. februar. Vi møtte først Smørås 2, og etter godt spel leia vi 4-0 etter 1. omgong. Laget hadde god kontroll i 2. omgong, scora eitt mål, og vann kampen til slutt 5-0.
Neste kamp var mot Nymark 1, som og vart slått med solide 7-0.
Dermed var vi klare som gruppevinnarar allereie før siste kamp mellom Nymark 1 og Smørås 2, og vi måtte planlegge ny Bergensreise helga etter.
Etter walkover i 16.-dels-finalene gjekk vi rett til 8.-dels finalen der vi skulle møte Smørås 1 laurdag den 28. mars. Vi møtte no betre motstand, samstundes som gutane ikkje klarte å ta ut sitt beste, og kampen endte med tap 0-4, og vi var ute av turneringa.
Det bar difor heim att, men alle var med godt mot. Ein hadde to fine Bergensturar, med møkje løye. God kebab og pizza fekk ein og med seg på veg heim.
Nymark 1 vann etter finaler sundag ettermiddag finalen i klasse smågut 95 med 4-1 over Lyngbø 1.
Spelarar som var med (inkl. nokre innlånte frå 94 og 96-laget):
Andreas Huse, Anders Straume, Eirik Berge, Dan Viljar Sæle, Martin Hauge, Sindre Aksnes, Kenneth Stensletten, Benjamin Ripel, Njål Hatteberg, Jonas Havnerås, Joakim Olsen, Sondre Eskeland, Kurt Raymond Jegteberg, Johannes Guddal, Hans Fredrik Zimmer.
For lagleiarane
Per Inge Olsen


