Rosendal tapte opprykkskampen

Rosendal måtte som kjend vinna for å få opprykk. Dei virka noko nervøse i fyrste omgong, og to hendingar i forsvaret førte Solid opp i 3-0 leiing før pause.
Rosendal måtte no ha minst fire mål i andre omgong. Tom Enes tente eit lite håp då han sette inn reduseringa til 1-3 etter omlag 60 spelte minuttar. Vegard Ludvigsen reduserte til 2-3 etter eit frisparkskot som gjekk rett i mål. Frisparket førde diverre med seg ein utvisning på Tommy Røssland etter at han mista hovudet etter å ha blitt felt. Dermed spelte Rosendal med ti mann resten av kampen.
Like etter reduseringa kom 2-4 målet til Solid. Frank Mehl var omtrent på midtbanen og klarerte, ein solidspelar fekk hand om ballen og skaut frå midtbanen og i mål. Ny redusering til 3-4, av Lars Johan Myklebust, hjalp ikkje til å dra heim sigeren. Dermed rykke Solid opp medan vi vert verande i femte til neste år.
Vi gratulerar Solid og ynskjer dei lukke til i 4. divisjon til neste sesong.
Her kan du sjå bilete frå kampen


