Rosendalsjentene tapte på myntkast
Rosendalsjentene kjempa hardt i semifinalen. Dei spelte ein kjempekamp der dei hadde presset på motstandaren gjennom heile kampen.
Reglane i turneringa er slik at dersom det fortsatt er uavgjort etter 2x5 minutt ekstraomgongar skal kampen avgjerast på myntkast. Diverre gjekk det ikkje Rosendals sin veg på myntkastet denne gongen heller. Det er 6. gongen Rosendal tape ein kamp i Norway Cup på myntkast, seks av seks moglege. Dette er utruleg bitter melder dei frå sletta og jentene greide ikkje å halda tårene borte.
Uansett jenter; De har gjort ein kjempeinnsats i cupen! Vi her heima har fått spenning til siste slutt, takk skal de ha!
No er det småjenter 14 som skal i elden klokka 16:40


