Siger til herrelaget i serieopninga

Av: | 10. April, 2010
Legg til Facebook Print Kommentarer (1)

Alt låg til rette for ein flott fotballkamp på kunstgrasbanen i Rosendal denne laurdagen. Sola skein og ein rundt 50 personar hadde teke turen for årets fyrste seriekamp. Motstandarane i dag var Austrheim/Lindås, som vann si pulje i 5. divisjon i fjor. Kampen byrja med ein formidabel dobbelsjanse for heimelaget etter 2 minutt. Frode Havnerås kom seg fri på venstre kanten og la flatt inn til ein ventande Johannes Hjelmeland.  Johannes fyrde av eit skot som bortelaget sin målvakt så vidt greide å slå ut i feltet, returen tok Yngve Enes seg av, men heller ikkje han klarde lura målvakta. Heimelaget er aggressive dei fyrste 10 minuttane.


Etter 11. minutt kjem bortelaget opp på høgre kanten, rosendalsforsvaret heng ikkje heilt med.  Ballen vert slegen inn i feltet og passerer alle til ein ventande Austrheim/Lindås spelar som scorar sikkert. Etter scoringa var det helst bortelaget som hadde spelet, men heimelaget gav ikkje ved dørene og det var ikkje mange sjansane som vart produsert.

I det 44. minutt får Johannes ballen like utanfor 16 meteren og får kanontreff på skotet. Skotet smell i vinkelen og landar like føre Frode Havnerås. Frode gjer ingen feil og plassere ballen til side for målvakta med hovudet og utliknar til 1-1. Eit resultat alle trudde vile stå til pause, men det gjorde det ikkje. For på overtid greier Austrheim/Lindås å tre seg gjennom forsvaret til Rosendal og plasserar ballen sikkert i mål forbi siste skansen til Rosendal.


Andre omgong startar omsider etter at dommarane endeleg kjem på banen att. Det vart ikkje produsert mange sjansane det fyrste kvarteret, begge lag hadde kvar sine halvsjansar fram til det 64. minutt. Då tek Yngve Enes seg av eit frispark skrått til høgre utanfor 16 meteren. Han smell ballen direkte i mål, men uheldigvis for heimelaget vart det annulert på grunn av at dommaren hadde markert for indirekte frispark. Men utlikninga skulle koma berre fem minutt seinare. Yngve Enes får klar bane til ein retur innafor 16 meteren, han lot seg ikkje be to gonger og plasserer ein markkrypar til side for målvakta og utliknar til 2-2. Dette er velfortent for eit hardtarbeidande heimelag. Trenar Ivar B. Arnesen set seg sjølv innpå etter utlikninga, men må berre etter nokre minutt ut med skade. Bortelaget var no frampå med eitpar små sjansar, men forsvaret og målvakt Frank Mehl hadde stort sett god kontroll.

Det ser ut til at kampen skal enda 2-2, men veteran Morten Leganger ville det annaleis. I det 90. minutt får han sjansen frå 12-13 meter, skyt og plasserar ballen ved stolperota for ein utspelt bortemålvakt. Rosendal har snudd kampen til 3-2. 5 minutt vart lagt til, men sjølv om bortelaget prøvde å kome fram til gode sjansar, rydda heimelaget opp og kunne konstatera at det vart heimesiger i fyrste seriekamp.

Alt i alt ein godt gjennomførd kamp av Rosendal. Litt smårusk med passningspelet, men dei kjempa hardt og godt. Det skal og seiast at heimelaget hadde ein del unge splelarar som gjorde ein flott innsats på banen. Dette lovar bra for komande kampar.

Lag oppsett. Frank Mehl, Jan Evald Såtendal, Anders Nilsen, Kjetil Helvik, Svein A. Furdal, Yngve Enes, Johannes Hjelmeland, Jarle Vevik, Sindre Omvik, Frode Havnerås og Espen Åkra. På benken sat Trond Hellingsrud, Vegard Vikøren, Tom Enes, Morten Leganger og Ivar B. Arnesen, alle vart bytta inn i løpet av kampen.

Gult kort: Vegard Vikøren

 



Tilbake


Flott kampreferat!

Skrevet av Nykrohnborg.no
16.04-2010  00:16



Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann