Sterk siger av damelaget

Av: | 11. May, 2011
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)
Damelaget møtte i kveld topplaget Tertnes til dyst på Rosendal Stadion. Tertnes kom til Rosendal med god sjølvtillit og 19-0 i målforskjell før kampen. Damene frå Rosendal ville endra denne målforskjellen og det greide dei. Hildegunn Guddal skora 1-0 ganske tidleg i fyrste omgong. Anette Sandnes auka så til 2-0 like før pause.



Nøgde damer etter 3-0 siger mot Tertnes. (Foto: Yngve Bryn)

Damene frå Tertnes var raske og hadde sine sjansar, men forsvaret og målvakta til Rosendal tetta igjen bakover og hadde god kontroll. På slutten av sluttomgongen putta Hildegunn sitt andre for dagen og ordna ein 3-0 siger. Eit godt resultat mot eit godt lag.



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann