Suveren siger til jenter 16

Av: | 18. June, 2011
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)
Jenter 16 tok idag imot Nest-Sotra heime på graset. Nest-Sotra fekk ein hard tørn mot rosendalsjentene. Allereie etter 15 sekund stod 1-0 til heimelaget etter eit fint gjennomspel til Inga. Inga gjorde ingen feil og satte ballen bak målvakta til Nest-Sotra. Rosendal hadde totalt kontroll på kampen og spelte seg fram til den eine sjansen etter den andre.




Utover i omgangen vart det gode presset overført til mål, og til pause var det heile 5-0 til Rosendal.

Andre omgong starta nesten som fyrste, det tok nemleg ikkje lange tida før heimelaget gjekk opp til 6-0. Vidare godt spel førte til 7-0 og 8-0, før bortelaget kom med eit sjeldan angrep og scora eit trøystemål. Dette hindra ikkje heimelaget i å fortsetje det gode presset, og mot slutten putta dei to til og resultatet vart heile 10-1 til jentene.

Det er ingen tvil om at dette jentelaget kan hevde seg i DanaCup om nokre veker, det vert spanande å fylgje dei der. Trenar teamet Magne, Yngve, Ivar og Hildegunn har bygd opp eit lag som spelar ball og har eit system på spelet. Gratulera med sigeren.

Målscorarar: Ingebjørg 4, Helene 3, Julie 2 og Inga 1

Her er mange bilete frå kampen, og de vil sjå at Rosendal hadde mange sjansar



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann