Tereskinas tilsett

Av: | 28. February, 2009
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)
GRENDA: – 10. mars kjem Andrejus Tereskinas til landet og byrjar då umiddelbart som trenar for Rosendal, seier Sigurd Vikøren.


To månader med mellombels trenarløysing går no mot ein ende, og 4.-divisjonslaget til Rosendal har endeleg fått avklara kven som skal leia laget gjennom 2009-sesongen. – Husvære og arbeid er skaffa, og Tereskinas tar til som hjelpearbeidar ved Kvinnherad Elektro 23. mars. Han kjem til bygda 10. mars og startar med ein gong på trenargjerninga for a-lag, opplyser Sigurd Vikøren, som har hatt ansvaret får å få på plass trenaren.Kjartan Thoresen har saman med Kjetil Helvik leia treningane til Rosendal denne vinteren, i påvente av at ei permanent løysing skulle finnast. Han ser fram til å få litauaren på plass.– Dette blir kjempespennande. Han har heilt sikkert mykje å fara med etter ti år som proff og eit halvt hundre landskampar. Både som trenar og spelar vil han nok vera med på å få fart på oss i denne sesongen, seier den målfarlege trenarvikaren. Når Tereskinas har overtar roret på Rosendal-skuta, har han fem og ei halv veke på seg til både å få opp seglingsfarten og førebu mannskapet på seriestart.Håvard Sætrevik for Grenda 



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann