Tine Fotballskule

Av: | 20. June, 2009
Legg til Facebook Print Kommentarer (0)
Forballskulen er no fullbooka.
Vi ønskjer alle påmeldte velkomen måndag 22. juni kl. 09:00.
Brann sender tre spelarar frå A-stallen.
Vi treng fleire instruktørar. Er det nokon som har sjanse til å hjelpa til så ta kontakt.

Fotballskulen er fullbooka, dvs. 100 personar. Det er kjekt å sjå at påmeldinga kjem frå heile Kvinnherad. Været ser no lovande ut for måndag, tysdag og onsdag. Så alt ligg til rette for flotte dagar.

Brann er særs nøgd med tidlegare besøk, så dei vil sende tre spelare fra A-stallen. Det er tøff konkurranse frå mange klubbar for å få dei på besøk. Dei kjem onsdag med helikopter, stor takk til Fonnafly.

Vi har 25 personar som instruktørar, 10 personar med på matlaging og anna. Vi treng fleire folk, spesielt instruktørar. Nokon er med ein dag, så då må vi ha fleire.

Ta kontakt med Arvid Nes viss du vil vera med, tlf. 48 22 80 26. Dette er ikkje noko krevande jobb, det er berre kjekt.

Frammøte: Innstruktørar møter kl. 08:20 for info kvar dag. Deltakerer og andre må vera på plass før kl. 09:00.



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann