Fotballresultat

Marknadsplassen

Har du skiutstyr, sykkel eller andre ting til sals? Eller ynskjer du kjøpa noko? Då kan du nytta
"Marknadsplassen"
her på heimesida til Turnlaget. Heilt gratis!

Grasrotandelen


Grasrotandelen er ein ordning frå Norsk Tipping, kor du som registrert spelar kan velga eitt lag eller ein forening som du ynskjer å støtta - din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtta oss i ROSENDAL TURNLAG!
KLIKK HER FOR MEIR INFO

Aktivitetskalender

Velkomen til Rosendal Turnlag si heimeside


Rosendal Turnlag vart stifta i generalforsamling sundag 30. juni 1901. Om stiftarane kunne opplevd kva laget deira har utretta i bygdesamfunnet gjennom meir enn 100 år, så ville dei nok vore stolte og glade. 

På desse sidene vil vi leggja ut aktuell informasjon frå laget. Her skal du som trenar og lagleiar kunne finna det du trenge av informasjon. 




Storspel av Lillegut 11

Lillegut 11  har spela 3 kampar sidan sist oppdatering, og det har gått over all forventning. 10 juni var vi på Halsnøy til siste kamp før ferien. I starten av kampen såg ut som om vi allerede hadde tatt sommarferie, og Halsnøy gjekk tidlig opp til 1-0. Dette vekte gutane, og Kristoffer utlikna like etter til 1-1. Utover i kampen tok vi meir og meir ver spelet, og 3 nye mål av Kristoffer, Kristian og Ørjan gjorde at vi til slutt kunne reisa heim med ein fortent 4-1 siger.

02. sep., 2010

Les meir og sjå bilete

Kampoppsett til HeioCup

Då er kampoppsettet klart for sundagens HeioCup. Oppsettet ser bra ut. Dersom det er nokon som ser feil eller manglar må dei straks ta kontakt med Odd Steinar Arnesen i Uskedalen.

02. sep., 2010

Les meir og sjå oppsettet

Friidretten startar opp att

Friidretten for 4. klasse og oppover er startar opp att på
tirsdagar kl 18.00 - 19.15. 
Kvinnheradsmesterskap er 18. og 19. september på Husnes Idrettspark.
Idrettskulen er ikkje heilt klar enda, vi kjem tilbake med dato for oppstart.

01. sep., 2010

G14 vann 4-3 borte mot Solid

Rosendal leia 4-0 etter første omgan i denne 7'ar kampen. Dei spelte ein god første omgong. Andre omgong vart meir spanande en forventa og Solid putta 3 mål før dommaren blåste av kampen. Dei som laga måla var; Håvard Furdal 2, Sondre Eskeland og Hermund Døssland.

27. aug., 2010

Bittert 3-4 tap for A-laget

A-laget tapte 3-4 mot Fusa heime på graset i dag. Det såg lenge lyst ut etter at Tommy Røssland satte inn sitt tredje for dagen og ordna 3-2 til Rosendal. Men det skulle ikkje bli siger i kveld heller.

25. aug., 2010

Les mer

Fredagstreningane i fotball startar att

Kvar fredag klokka 17:30 - 19:00 er det trening for alle aldersgrupper på kunstgrasbanen. Det er bare å stilla med treningsklede og fotballsko. Teknikktrening er det det vert lagt mest fokus på på desse treningane.

23. aug., 2010

Damelaget vann 6-1 borte

Damelaget vann heile 6-1 borte mot Vestsiden-Askøy/Follese 2. 

23. aug., 2010

Les mer

Heio cup 2010

Uskedalen Idrettslag inviterer til Spar Heio-Cup, søndag 5. september.

Det vil bli følgjande klassar:

Gutar/Jenter fødd 2000

Gutar/Jenter fødd 2001

Gutar/Jenter fødd 2002

Gutar/Jenter fødd 2003

Gutar/Jenter fødd 2004

20. aug., 2010

Les meir

Overnatting i NorwayCup

Rosendal sine lag skal bu på Ellingsrudåsen Skole som ligg Nord Aust frå Ekebergsletta. Det er ca 20 minutts køyring frå Ekebergsletta.

16. juni, 2010

Klikk deg vidare for kart

Til nyhetsarkiv


Antal besøk;

 



RSS 2.0Til nyhetsarkiv

Translate this page

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann