Informasjon om jentelaget
Her vil vi leggja ut informasjon som er knytt til jentelaget i Rosendal Turnlag.
Nyhetsarkiv
Tap mot tøff motstand
Det vart tap 3-5 for J16-2 mot Austevoll/Selbjørn i tredje heimekamp for sesongen. Vi låg tidleg under 3-0, men hadde eit håp om poeng når vi klarte å utlikne til 3-3 tidleg i andre omgang. Slik gjekk det ikkje.
12. May, 2012
Oppdatert oversikt over treningstider - fotball
Oppdatert oversikt over treningstider pr. lag og pr. dag er lagt ut. Du finn dei under "Fotball" i menyen til venstre.
09. May, 2012
Ny god kamp av J16-2
Andre heimekamp for sesongen gav siger 5-2 til J16-2. Med god hjelp frå spelarar frå J16-1 og J14 vart vi nok spelarar til å stille eit godt lag. Ein stor takk til alle som stilte opp :)
03. May, 2012
Knapp siger i fyrste heimekamp
Rosendal 2 - J16 spela sin fyrste heimekamp for sesongen mot Fana på kunstgraset. Ein jamn kamp enda til slutt med siger 2-1.
28. Apr, 2012
Kampprogram 2012 - Fotball
Det er laga ein flott oversikt over alle kampane til rosendalslaga for 2012. Eit dokument for alle heimekampar og eit for alle kampar. Klikk deg vidare for å sjå programma.
19. Apr, 2012
Kurs i skadeforbygging
Mandag 13. februar haldt Sveinung Eskeland kurs i skadeførebygging, samt opplegg når skade har skjedd. Det vart eit lærerikt og nyttig kurs for både spelarar og trenarar på jente og A-lag damer. Det er mykje å henta på desse områda, dersom ein får kunnskap om det.
17. Feb, 2012
Invitasjon til Trio cup
Påmeldingsfrist 1 veke før kvar cupdato. Informasjon kan også finnast under Trio Cup på våre nettsider, il-trio.no.
25. Jan, 2012
Nytt treningsoppsett på kunstgrasbanen
16. Jan, 2012
Jentene er beste jentelag i 2. divisjon i Hordaland
Jentelaget vann med sterke 3-1 borte mot Varegg/Sandviken i kveld. Dermed er dei Hordaland sitt beste jentelag i 2. Divisjon. Inga skora eitt og Helene to. Kampen er nett ferdig og det vert meldt om årsbeste av jentene.
17. Nov, 2011
Fotballavslutning 2011
Fotballavslutning for lag frå og med 10 år til og med 16 år vert i Rosendal Samfunnshus sundag 20. november kl. 14:30 til ca 17:30.
24. Oct, 2011
Jentelaget vann lokaloppgjeret mot Trio
Med siger ville jentene vinna si pulje i årets serie. Jentelaget starta trått i kampen, der Trio tok leiinga etter bare få minuttar. Jentene kom litt meir med etterkvart og utlikna like etter.
21. Oct, 2011
Jentene spelar avgjerande kamp idag
Jentelaget spelar i kveld sin siste seriekamp. Då kjem Arna-Bjørnar 2 på besøk. Dersom rosendalsjentene vinn denne så er dei så godt som seriemeistrar. Einaste som kan forkludra dette er at Nordhordland vinn med over 16 mål over Bergen Nord/Hovding i deira siste kamp. Kampen går i kveld (onsdag) klokka 19:30.
19. Oct, 2011
Jentelaget vann toppoppgjer
Jentelaget vann i føremiddag 2-0 heime mot Erdal. Dermed leia Rosendal tabellen når to kampar gjenstår. Måla vart scora av Ingebjørg Haugland. Heile laget jobba knallhardt heile kampen gjennom, noko som påførde Erdal eit sjeldan tap.
16. Oct, 2011
Jentelaget vann toppoppgjer
Jentelaget vann i føremiddag 2-0 heime mot Erdal. Dermed leia Rosendal tabellen når to kampar gjenstår. Måla vart scora av Ingebjørg Haugland. Heile laget jobba knallhardt heile kampen gjennom, noko som påførde Erdal eit sjeldan tap.
16. Oct, 2011
Jentelaget vann 7-1 borte mot Bergen Nord/Hovding
Jentelaget vann heile 7-1 i kampen mot Bergen Nord/Hovding i dag. 1-0 kom etter eit flott vollyeskudd frå 16 meteren av Mariell.
08. Oct, 2011
Biletsamling frå DanaCup
Jentelaget klarte som kjend ein flott sølv plass i B-sluttspelet i DanaCup. Dei er komne vel heimatt og vi har her laga eit lite fotoalbum og lagt ut nokre videosnuttar frå deira tur til Hjørring i Danmark.
04. Aug, 2011
Suveren siger til jenter 16
Jenter 16 tok idag imot Nest-Sotra heime på graset. Nest-Sotra fekk ein hard tørn mot rosendalsjentene. Allereie etter 15 sekund stod 1-0 til heimelaget etter eit fint gjennomspel til Inga. Inga gjorde ingen feil og satte ballen bak målvakta til Nest-Sotra. Rosendal hadde totalt kontroll på kampen og spelte seg fram til den eine sjansen etter den andre.
18. Jun, 2011
Informasjon Fotballforsikringen 2011
NFF har et sterkt fokus på Fotballforsikringen og ønsker å tilby våre medlemmer markedets beste dekninger. Vi har etablert et unikt konsept hvor Idrettens Helsesenter (IHS) er en meget viktig del i behandlingen av de som skades.
11. May, 2011
Alle kampar er lagt ut på kalenderen
No er alle kampane i vårsesongen lagt ut på aktivitetskalenderen. Neste kamp vil kome opp med nedteljing opp i høgre hjørne på sida. Kampane er tekne ut frå Speaker.no. Dersom det vert endringar innbyrdes må det gjevast beskjed om dette til underteikna.
07. Apr, 2011
Jentelaget i avgjerande kamp
Fyrstkommande fredag eller laurdag spelar jentelaget sin siste kamp for sesongen. Kampen går borte mot Trott og vinnaren av kampen vert puljevinnar.
28. Oct, 2008
Tilbake



