Oppsummering etter dag to i Norway Cup

Av: | 2. August, 2010
Legg til Facebook Legg til Nettby Print Kommentarer (0)
Då er dag to i Norway Cup over. Gutar 14 tapte sin kamp mot Løten medan Jenter 14 vann sin kamp 2-1 over Hadeland.


Dette betyr at dersom gutane vinn over Vålerenga i morgon klokka 11:00 kan dei kome til A-sluttspelet, dersom ikkje er B-sluttspelet innan rekkevidde.

Gutar 13 som hadde fri idag, kan nå B-sluttspelet ved å slå Skedsmo i morgon klokka 19:30.

Jenter 14 er så godt som klare for A-sluttspel etter sigeren idag. Slår dei Zimbabwe klokka 16:30 i morgon er dei puljevinnarar og.

Både spelarane, lagleiarane og foreldre ser ut til å kosa seg her borte. Fint vær gjer alt mykje enklare og. På kampen til jentene i kveld var det ikkje langt frå 50 rosendalssupportera på sidelinja, noko som gjev ei flott ramme rundt kampane!

Video finn de her og på Facebook

 



Tilbake


Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann