Prisar og opningstider hjå Rosendal Trim

Treningssenteret i Rosendal er ein flott plass for trening for alle som er 16 år eller eldre.



Velkommen til trening

For å få trene her må du vere 16 år og betale medlemskontingent.

Dersom du fyller desse krava kan du trene så ofte du vil mellom klokka 07 og 23. Du må gjerne ta eit par prøvetimar før du bestemmer deg, men viss du vil fortsetje å trene må du betale. For å komme inn treng du eit nøkkelkort. Dette kostar 100 kr, i tillegg kjem eit depositum på 100 kr.

Kortet får du på sporten i Rosendal eller hos vaktene.


Prisar:
  • PR GONG: 50 KR
  • PR MÅNAD: 300 KR
  • PR HALVÅR: 1200 KR
  • PR ÅR: 2000 KR

Det fins rabattordningar for:

  • studentar (450 kr for eit heilt år, men dette er tenkt til dei som bur vekke og kjem heim i feriar. Ikkje elevar på vidareg. skule!)
  • familiar (2000 for første medlem, 1500 for andre medlem, 1000 for resterande medl),
  • grupper (minimum 10 stk, 1500 kr pr person),
  • pensjonistar (1500 kr)
  • aktive medlemar av Rosendal turnlag (0,5 år: 750 kr, 1 år: 1500 kr). Du er aktiv medlem viss du har betalt avgift til turnlaget.

Lista over dei som har betalt kontingent vert oppdatert og hengt opp på tavla ca ein gong i månaden.

Slik betalar du: Finn deg ein giro i korga som heng på oppslagstavla i gangen. Hugs å skrive kor lenge du betalar for (år, halvår...). Dersom du vil betale pr gong, bør du samle opp litt, og så betale ein samla sum på dette (f.eks kvar 10. gong).

Du kan og betale inn på kontonummer 3460 07 54892. Hugs å merke med namn og kor lenge du betalar for.

Sidan treningsstudioet er dreve på dugnad og frivilleg innsats, er det viktig at alle hjelper til med å halde studio i orden. Det er for tida 7 stk som stiller som vakter. Vaktene passar på at studio ser bra ut og at apparata er i orden. Dersom alle kan rydde opp etter seg sjølv vil dette lette jobben for vaktene som absolutt ikkje får betaling for den jobben dei gjer.

Dersom vaktene oppdagar nokon som ikkje held seg til reglane, kan dei be vedkomande om å forlate rommet. Dei kan også utestenge. Men den aller viktigaste rolla til vaktene er å tilrettelegge for dei som trener og kunne vise dei korleis ein brukar apparata.




Vaktene er:
  • Kjersti Holmedal, tlf 45 02 05 63, (leiar)
  • Trond Eik, tlf 47 64 69 62
  • Raymond Olsen, tlf 92 01 77 17
  • Tommy Grøtte, tlf 47 30 06 63
  • Arne Sunde, tlf 91 87 09 40
  • Wenche Enes, tlf 95 96 78 08
  • Øystein Flatebø, tlf 97 12 31 81

Vaktene vil ikkje vere tilstades til faste tider, men lurer du på noko er det berre å ringe eller sende ei melding!

Hugs! Det skal ikkje brukast utesko inne. Set frå deg uteskoa i gangen. All trening er på eige ansvar!

Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann