Velkomen til Rosendal Turnlag si heimeside


Rosendal Turnlag vart stifta i generalforsamling sundag 30. juni 1901. Om stiftarane kunne opplevd kva laget deira har utretta i bygdesamfunnet gjennom meir enn 100 år, så ville dei nok vore stolte og glade. 

På desse sidene vil vi leggja ut aktuell informasjon frå laget. Her skal du som trenar og lagleiar kunne finna det du trenge av informasjon. 




Prosjektløyving frå Sparebank1 stiftinga

Rosendal T.L. søkte Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad om penger til å lage toalettbygg ved Rosendal Idrettspark. R.T. fekk tildelt kr. 150 000. Sjekken blir overlevert onsdag 30.mai i Kulturhuset på Husnes. Me er svært takknemlege for løyvinga. Dette var kjekt, tusen takk. 
Rosendal T.L. v/Arvid Nes 

21. May, 2012

Kjempekamp av Gutar 13

MÅÅÅL, MÅÅÅÅL, MÅÅÅÅÅL x 12....ja, det ville ingen ende ta då G13-laget varta opp med fotballfest for eit stort antall publikum på stadion søndag formiddag. Trio stilte med toppa mannskap og kjempa tappert. Sjølv om det var Rosendal som hadde eit visst overtak frå starten av, klarte Trio å gå til pause med bare å ligga under 2-5. Då dei redusertre til 3-5 etter kun 3 min av 2.omgangen hadde dei nok eit håp om eit lite under.

20. May, 2012

Les mer

Fotballskule 2012

Rosendal T.L. arrangerer fotballskule 26. - 28.juni, kl. 09:00 - 14:00 kvar av dagane. Merk dagane tirsdag, onsdag og torsdag. Fotballskulen er for jenter og gutar f. 1999 til og med 2004. Alle er velkommen til å melde seg på. Fotballskulen har blitt særs populær, så meld deg på snarast mogleg.

20. May, 2012

Les meir

Er det nokon som eig desse brillene?

Det er funne eit par briller i eine innbyttarbua ved kunstgrasbanen. Er det nokon som saknar dei kan ein ta kontakt med Arvid Nes på tlf.: 48 22 80 26. Klikk for bilete.

18. May, 2012

Bilete av brillene

Triospelar til Rosendal

Triospelaren Tobias Frislev skreiv tysdag under for Rosendal sitt gutelag. Han er ein lovande 15 åring som vert ein god tilvekst på gutalaget. Fotballgruppa ynskjer han velkomen til klubben!

16. May, 2012

3. serierunde for G16

Rosendal sitt gode G16 lag mønstra til kamp borte mot Trott 1 forrige torsdag. Trott har eit godt fyrstelag, og vi var forberedt på ein tøff kamp. Trott kom best igang og gjekk opp i leiing 1-0. Det var ein kamp med mange duellar, men likevel ein fin kamp utan stygt spel. Det einaste gule kortet vart tildelt Trott etter at Sondre Eskeland vart felt i godt driv utanfor 16. meteren.

15. May, 2012

Les meir

15 lag på jentecup

Heile 15 reine jentelag var på cup i Rosendal i helga. Dette var den fyrste reine jentecupen som er arrangert for dei yngste klassane. Ei jente uttala "Skal vi spela mot eit lag som bare er jenter?". Det tyder på at det ikkje bør vere den siste reine jentecupen.

15. May, 2012

Les meir

Invitasjon til miniturnering i Rosendal

Søndag 10. juni er det klart for miniturnering i Rosendal. Turneringa er for alderstrinna 6-9 år gutar, og 6-10 år jenter. Fint om klubbane melder på samla. Prøv å få reine gut- og jentelag. Mix lag bør ha ei sammansetting på to gutar og tre jenter. Flott dersom laga kan sende namneliste på førehand, dersom ikkje leverer du lagliste ved ankomst.

14. May, 2012

Les mer

Tap mot tøff motstand

Det vart tap 3-5 for J16-2 mot Austevoll/Selbjørn i tredje heimekamp for sesongen. Vi låg tidleg under 3-0, men hadde eit håp om poeng når vi klarte å utlikne til 3-3 tidleg i andre omgang. Slik gjekk det ikkje.

12. May, 2012

Les meir

Damekampen mot Gneist 2 er utsett

Damekampen er utsett til 28. mai!

11. May, 2012

G13-laget med tosifra seier mot Odda 2 onsdag kveld.

Det var Sondre som åpna scoringsshowet etter 8 minutt i kveld. Han var våken frampå returen, etter skudd frå Mathias. Deretter følgte Emil opp med å setta ballen kontrollert forbi sisteskansen, etter utspel frå Olav som blei headda videre i bakrommet frå Mathias.

10. May, 2012

Les meir

Oppdatert oversikt over treningstider - fotball

Oppdatert oversikt over treningstider pr. lag og pr. dag er lagt ut. Du finn dei under "Fotball" i menyen til venstre.

09. May, 2012

Les meir

Til nyhetsarkiv


Antal besøk;

 



RSS 2.0 Til nyhetsarkiv

Fjesboka

Søk på nettstaden

Search

Søk på nettet

Sponsorar

Kvinnheringen

NRK Hordaland

Siste nytt frå Brann