Nyhetsarkiv
Keepertrening
Fotballgruppa har starta opp att med keepertrening etter ein pause. Treninga er kvar mandag kl. 18:00 - 19:00 i gymsalen. Keeperane let vel om treninga. Dei som har ansvaret for treninga er Halvard Enes, Leif Sverre Enes og Ivar Mehl.
31. Jan, 2012
Årsmøte
Fotballgruppa: Søndag 5. februar, klokka 18:00 i møtelokale i samfunnshuset.
Hovudlaget: Søndag 12. februar, klokka 18:00 i møtelokalet i samfunnshuset.
30. Jan, 2012
Invitasjon til Trio cup
Påmeldingsfrist 1 veke før kvar cupdato. Informasjon kan også finnast under Trio Cup på våre nettsider, il-trio.no.
25. Jan, 2012
Dametrim i kveld klokka 19:30
Det vert i kveld dametrim i gymsalen klokka 19:30. Velkomen til alle som ynskjer å trimma seg litt.
24. Jan, 2012
Ny spelar til Rosendal
Trio-spelar Gaute Pal Holm har meldt overgang og skreve under for Rosendal. Han er født i 1993, og er frå Valen. Rosendal Turnlag ynskjer han velkomen.
23. Jan, 2012
Frank Mehl til Trio, Halvard Enes til Rosendal
Dager etter Frank Mehl meldte overgang til Trio, meldte Halvard Enes seg til teneste for Rosendal sitt herre A-lag. Halvard har i fleire år vert målvakt for Os sitt A-lag, men har no flytta heim. Det vert spanande å få Halvard med att. Vi vil takka Frank for sin innsats i klubben gjennom fleire år, lukka til i Trio.
18. Jan, 2012
Keepertrening
Kvar mandag, frå og med 16. januar, vert det keepertrening
Tidspunkt: kl.18:00-19:30.
Vi har med oss Halvard Enes som ein av trenarane. Halvard er flytta heim igjen etter fleire år som keeper på Os. Møt opp!
16. Jan, 2012
Seriepåmelding 2012
16. Jan, 2012
Nytt treningsoppsett på kunstgrasbanen
16. Jan, 2012
Sonesamling i Rosendal
Helga 10.-11.mars blir det stor samling i Rosendal av unge fotballgutar og jenter 13-14 år. Dei kjem tidleg lørdag og avsluttar søndag ettermiddag. Overnatting og matservering skjer i Rosendal Samfunnshus, gymsal m.m. Det blir trening og kampar både lørdag og søndag.
13. Jan, 2012
Dommarkurs
Hordaland Fotballkrets skal arrangere rekrutteringsdommerkurs 28.-29.januar. Kurset arrangeres på Triohuset, Husnes. Vi har stort behov for flere dommere i deres klubber, og i den forbindelse ber vi om at dere hjelper til med å spre informasjon om kurset til aktuelle kandidater i deres klubb og område. Klubbmedlemmer, familie, venner og tidligere aktive spillere som kanskje kan tenke seg å begynne å dømme.
06. Jan, 2012
Klare for eit nytt trim år
Barnetrimmen 4-6 år startar opp att mandag 9 januar kl 17-18. Barnetrimmen 0-4 år startar opp att lørdag 14 januar kl. 16-17.
Dansetrimmen startar igjen torsdag 12 januar kl 1930.
Dametrimmen utgår fordi det var for lite oppmøte. Merk at dansetrimmen har bytta dag.
05. Jan, 2012
Invitasjon til Zinken-cup 2012
Vedlagt følger invitasjon til årets Zinken Cup. Cupen gjelder for klassene smågutt/jente og gutt/jente.
05. Jan, 2012
A-lags trenarane er klare for 2012 sesongen
Leif Sverre Enes vert hovudtrenar for herrane medan, Magne Skår, Hildegunn Furdal og Yngve Bryn vert trenarar for Dame- og jentelaget i komande sesong.
02. Jan, 2012
Ingen overgangar til Trio
Verken Vegard Enes Ludvigsen eller Anders Nilsen har meldt overgang til Trio slik Kvinnheringen skreiv. Det har vert kontakt, men ingen kontrakt er underskriven.
31. Dec, 2011
Oppdatert stastistikk frå Kvinnheradløpet
No finn du oppdatert statistikk frå Kvinnheradløpet her på sidene. Klikk deg vidare og bruk menyen til venstre.
19. Dec, 2011
Julegåvetips! Klubbklede tilsals hjå Rosendal Sport
Det er no for salg hos Rosendal Sport kle som RT fotballgruppa brukar. Desse er utstyrt med klubb emblem og diverse logoer for sponsorer.
16. Dec, 2011
Tredje soneuttak
No er uttaket til samlinga i januar klar. Ingen enkel oppgåve då det har vore mange spelarar som har fått prøvd seg, og det er avgrensa tid å vurdera dei på. Men slik er det nå eingong, og me har gjort uttaket etter beste evne. Det er som de ser 12 utespelarar + 2 målvaktar i kvar klasse.
16. Dec, 2011
Skisamling Seljestad (Korlevoll) 6.-8.januar 2012
Det blir treningssamling for aktive utøvarar på ski 6.-8. januar 2012 på Seljestad.
På Korlevoll/Seljestad er det flotte skiforhold og vi får dermed ein fin start på årets skisesong. Det vert fleire treningsøkter, god mat og sosialt samvær. Detaljert program kjem seinare. Overnatting på Korlebu.
13. Dec, 2011
Stem på Rosendal fotballgruppa
Håpar du vil stemme på dei unge fotballspelarane frå 6-10 år i Rosendal, så dei kan få seg utstyr som bl.a. minimål for 5'ar fotball. Dei er mange, og treng fleir mål i rett størrelse så fleire kan spele samtidig. Med ei stemme frå deg kan ungane få fleire mål! Klikk deg vidare, klikk så på "stjernene". Frist 18. desember.
08. Dec, 2011
Spelarutviklingsprosjekt for gutar / jenter fødd i 1997 og 1998
Sone Sunnhordland gratulerar med uttaket og ynskjer deg velkomen til 2. sonesamling
Sundag 11. desember kl. 10.00 - ca. 15.00 i Vardhallen i Haugesund (Innandørs kunstgras). De må sjølv ordna transport til og frå Haugesund (Vardhallen). Det er fint om klubbane kan samordna transport.
05. Dec, 2011
Årsmelding
Husk innlevering av årsmeldingane! Fotballgruppa har frist 10.desember. Resten 31.desember. Årsmeldinga skal sendast til kvinnherad@a1grafisk.no
05. Dec, 2011
Vinnarar av fotball-lotteriet
Rosendal T.L. Fotball takkar alle loddkjøparar og dei som har bidrege med premiar til lotteriet og åresal. Spesielt takk til Rosendal Sport, Expert Rosendal, Kvinnherad Bygg, Kulør Rosendal, Felleskjøpet, Gullsmed Eide, Bo Grønt Rosendal, Rosendal Bokhandel, Rimi Rosendal, Trygg Trafikk v/Jan Fosse, Schat Harding, Spar Uskedal og SR Bank 1 Kvinnherad.
22. Nov, 2011
HUSK!! Trenar -lagleiarmøte
Tirsdag 22.november, kl.19:00 er det klart for trenar- lagleiarmøte i Rosendal Samfunnshus, rom 208, hjørnet 2. etg mot Rådhuset
22. Nov, 2011
Smikkfullt hus på fotballavslutning
320 stolar var sett ut i samfunnshuset for å ta i mot heile fotballfamilien i Rosendal. Som alltid vart det stuande fullt med born, føresette og besteforeldre. Kvelden opna konfransier, Håvard Sætrevik, med å dela ut pokal til dei fire yngste alders bestemte laga. Etterpå vart kakebordet opna. Her bugna det av kaker i alle fasongar og smakar.
21. Nov, 2011
Jentene er beste jentelag i 2. divisjon i Hordaland
Jentelaget vann med sterke 3-1 borte mot Varegg/Sandviken i kveld. Dermed er dei Hordaland sitt beste jentelag i 2. Divisjon. Inga skora eitt og Helene to. Kampen er nett ferdig og det vert meldt om årsbeste av jentene.
17. Nov, 2011
Husk dansetrim i kveld!
Husk dansetrimmen i kveld, den startar klokka 19:30. Husk og dame/herretrim på torsdag til samme tid! Møt opp!
15. Nov, 2011
Info om barnetrim
Det vert ikkje barnetrim lørdag 12. november pga loppemarknad.Siste lørdag med barnetrim før jul vert lørdag 26 november.
07. Nov, 2011
Fotballavslutning 2011
Fotballavslutning for lag frå og med 10 år til og med 16 år vert i Rosendal Samfunnshus sundag 20. november kl. 14:30 til ca 17:30.
07. Nov, 2011
Lokalderby og seriefinale!
Torsdag 27.10 tek gutelaget i mot Trio 1 på kunstgraset i Rosendal. Kampen er ikkje bare eit lokalderby, men også ein seriefinale. Tala er klare: Tar heimelaget poeng, vinn vi pulja. Får Trio med seg alle poenga, vinn dei pulja.
26. Oct, 2011
Framleis mogleg å melde seg på jubileumsfesten
No er det 60 påmelde til jubileumsfesten, det er enno råd å melda seg på festen, men då må det skje raskt til Bodil eller Willy.
26. Oct, 2011
Rosendal sitt smågutlag tapte kvartfinalen
Rosendal sitt smågutlag har vert på cup i Haugesund i helga. Her nådde dei A-sluttspelet etter å ha spelt uavgjort mot 1. divisjonlaga Avaldsnes og Skjold. I tillegg vann dei 3-0 mot 2. divisjonslaget Forus. I kvartfinalen tapte dei 1-0 mot Erdal. Dermed var det slutt, men dei gjorde ein kjempeinnsats i Haugesund.
22. Oct, 2011
Tips om årets grasrotoppgjer
Are Ulseth har tipsa grasrotredaksjonen i TV2 om gutekampen mellom Rosendal og Trio som går av stabelen 27. Oktober. Dersom TV2 går for denne kampen vil iallefall deler av den komme på TV som årets grasrotkamp. Vi kryssar fingrane.
21. Oct, 2011
Jentelaget vann lokaloppgjeret mot Trio
Med siger ville jentene vinna si pulje i årets serie. Jentelaget starta trått i kampen, der Trio tok leiinga etter bare få minuttar. Jentene kom litt meir med etterkvart og utlikna like etter.
21. Oct, 2011
Jentene spelar avgjerande kamp idag
Jentelaget spelar i kveld sin siste seriekamp. Då kjem Arna-Bjørnar 2 på besøk. Dersom rosendalsjentene vinn denne så er dei så godt som seriemeistrar. Einaste som kan forkludra dette er at Nordhordland vinn med over 16 mål over Bergen Nord/Hovding i deira siste kamp. Kampen går i kveld (onsdag) klokka 19:30.
19. Oct, 2011
Avslutnigsfest for minilag 6-9 år
Mykje folk var samla for å feira dei yngste i R.T. fotballgruppa på avslutningfesten i Rosendal Samfunnshus tysdag kveld. 90 unge spelarar deltok, samt søsken og føresette. Det vart ei hyggjestund for spelarane, og dei fekk servert hot dog, brus og is. Etterpå var det utdeling av medaljer og minimerke for dei som hadde teke det. Det er kjekt å sjå at det gror godt blant dei yngste.
19. Oct, 2011
Fem strake sigrar på smågut 14 år denne hausten
Etter tap i dei to fyrste kampane denne hausten, så har vi vunnet resten. Siste kamp denne sesongen, vert på mandag 24/10 og går mot serieleiar Trott. Denne helga reiser vi til Haugesunds Avis-cup. Der vert vi 11 spelarar
frå Rosendal, og så har vi lånt 6 spelarar frå Halsnøy.
19. Oct, 2011
Uavgjort for damene i kveld
Rosendalsdamene hadde i kveld besøk av Arna/Bjørnar 3. I eit ruskete vær vart resultatet til slutt 2-2. Ingunn Uglehus og Hildegunn Furdal ordna måla til Rosendal.
17. Oct, 2011
Jentelaget vann toppoppgjer
Jentelaget vann i føremiddag 2-0 heime mot Erdal. Dermed leia Rosendal tabellen når to kampar gjenstår. Måla vart scora av Ingebjørg Haugland. Heile laget jobba knallhardt heile kampen gjennom, noko som påførde Erdal eit sjeldan tap.
16. Oct, 2011
Rosendal tapte opprykkskampen
Det var duka for årets kamp i Rosendal sundag. Fleire hundre tilskodarar var møtt opp, og i lag med det flotte været var det ein flott atmosfære rundt kampen. Dei fyrste 15 minuttane var jamnspelte der det helst vart trilla ball til kvarandre. 0-1 kom etter eit flott skot som målvakta, Frank, ikkje kunne gjera noko med.
16. Oct, 2011
Svært vellukka Kvinnheradsmeisterskap i friidrett
Laurdag den 7. oktober arrangerte Trio lagsmeisterskap i friidrett. Igjen var Rosendal Turnlag den største kontingenten og av 50 startande var 29 deltakarar frå Rosendal Turnlag. ikkje minst var det mange foreldre som var med å hjelpte til. Stemnet skulle gå over to dagar, men etter å ha sett værmeldinga for søndag vart alle øvingar avvikla laurdag.
10. Oct, 2011
Opprykkskamp på kommande sundag!
Herrelaget vann i dag 3-1 borte mot Vadmyra 2. Solid vann sin kamp og ligg tre poeng føre Rosendal. Dersom Rosendal vinn kampen mot Solid på sundag er dei klare for opprykk. Så då er det ein ting å gjera, nemleg å møte opp på stadion fyrstkommande sundag klokka 14:00.
Damelaget vann 3-0 heime mot Os i ettermiddag.
09. Oct, 2011
Jentelaget vann 7-1 borte mot Bergen Nord/Hovding
Jentelaget vann heile 7-1 i kampen mot Bergen Nord/Hovding i dag. 1-0 kom etter eit flott vollyeskudd frå 16 meteren av Mariell.
08. Oct, 2011
God følelse etter siger
Gutelaget reiste fredag til Svortland på Bømlo, for å møte Bremnes 3. Vi hadde eindel forfall til kampen, Njål, Eirik, Hermund og Stian var utilgjengelige. Dette gjorde at vi måtte låne fleire 97 spelarar. Kampen var jamnspelt, det endte med Rosendal siger.
08. Oct, 2011
Flott minitunering på Husnes
Det var mange lag i aktivitet på Husnes forrige sundag då Trio arrangerte årets siste miniturnering. Godt vær gjorde sitt til at det vart ein velluka dag. Klikk deg vidare for å sjå bilete frå turneringa. Alle bilete er teke av Hilde Olderkjær.
07. Oct, 2011
Haustlotteri - fotballgruppa
Hautlotteriet til R.T. Fotball er i gang, med mange fine gevinstar. 1.gevinst er eit gåvekort på sykkel, verdi kr. 6000,- . 2. gevinst er bestikk, verdi kr. 4350,- . 3.gevinst er eit hendig og lite videokamera til verdi kr. 2000,- . Totalt er det 15 gevinstar.
06. Oct, 2011
Rosendal Turnlag 110 år
I høve jubileet vil vi gjerne invitere alle medlemmer med følgje til jubilleumsfest på Rosendal Fjordhotel laurdag 29. oktober klokka 19:30.
Pris: Kr 350,- Pr. person - 2 Rettars middag
Aldersgrense: 18 år
06. Oct, 2011
Seriedag for G10 onsdag klokka 17:00
Det vert seriedag for G10 onsdag ettermiddag frå klokka 17:00 til 19:00. Møt opp og få med deg underhaldande fotball. Etterpå kan du sjå damelaget mot Varegg/Sandviken 3.
04. Oct, 2011
Damekamp i onsdag 5. oktober
Rosendalsdamene spelar i morgon kamp mot Varegg/Sandviken 3 klokka 19:30 på kunstgraset.
04. Oct, 2011
Resultatliste Kvinnheradløpet
03. Oct, 2011
Kampoppsett for seriedag G10 5. oktober
Onsdag 5. oktober er det klart for årets siste seriedag for G10. Vi startar opp klokka 17:00 på kunstgraset fordelt på tre banar. Vi skal då vera ferdige ca 19:00.
29. Sep, 2011
Godt oppmøte på Zumba trening!
Det var oppstart med zumba i går 27 sept. Godt oppmøte, vi var 35 damer med gode zumba rytmer. Veldig kjekk trening med fengande musikk og lette kjekke øvelsar. Ei trening som alle kan klare, også menn :)
28. Sep, 2011
Snart start for Kvinnheradløpet for 30. gong
Kvinnheradløpet går av stabelen sundag 2. oktober 2011. Kvinnheradløpet vart fyrste gong arrangert i 1982. Løpet startar på Rosendal Stadion, vidare mot Nes, opp til kyrkja og rundt Omshagen. Derifrå opp Svartedalen til Skeie, ned vegen frå Skeie og til Rosendal Stadion. Heile løypa er på 9,2 km.
28. Sep, 2011
Zumba og dame/herretrim
Turngruppa startar opp med Zumba tysdagar klokka 19:30. Dametrim/Herretrim på torsdagar klokka 19:30. Klikk deg vidare for meir informasjon.
26. Sep, 2011
Kampoppsett til miniturnering på Kvednabekkjen
Her finn de kampoppsett for laurdagens miniputt-turnering. Perfekt blir det aldri, men har prøvd å ta omsyn til alle ønskjer.
http://www.il-trio.no/no/nyheter/3071/
26. Sep, 2011
Årets dårlegaste kamp av gutelaget
Laurdag reiste gutelaget til Tysnes for å møte Njardar/Tysnes. Vi hadde få spelarar tilgjengelige både Eirik, Nikolai og Johannes G. var blant dei utilgjengelege. Det resulterte i at vi fekk låna ein del smågutelagspelarar, til tross for at dei skulle møte Njardar/Tysnes rett etter kampen vår var slutt. Takk til smågutelaget! Kampen vart spela på ein våt og glatt grasbane, og vi sleit til tider med å halde oss på beina. Kampen enda 3-0.
26. Sep, 2011
A-laget vann borte mot Fusa
23. Sep, 2011
Brann til CupFinale, 85 % av lesarane tippa rett!
Endeleg! Brann er i cupfinalen etter 2-0 siger mot Fredrikstad igår. Vi har hatt ein avstemming gåande her på sida og der meinte (ikkje uventa) heile 85 % at Brann nådde finalen, og dei fekk rett!! No er det bare å sjå fram til 6. november! Kanskje storskjerm i samfunnshuset hadde vore noko??
22. Sep, 2011
Heimetap mot Rubbestadnes
Jenter 13/14 tapte i kveld 1-4 mot eit sterkt jentelag frå Rubbestadnes. Stillinga ved pause var 1-1.
20. Sep, 2011
Invitasjon til miniturnering på Kvednabekkjen
Inviterer med dette til årets siste cup for miniputtane, på Kvednabekkjen laurdag 1.oktober. Varighet frå ca kl 10-16. Ber om at klubbane sender felles påmelding til meg innan laurdag 24.september.
Mvh,
Are Ulseth
IL Trio
20. Sep, 2011
Uheldig tap i lokalderby
Sist fredag var det duka for eit nytt lokalderby mot Trio på Kvednabekkjen. Vi hadde Eirik tilbake igjen på laget, han var saman med Joakim, Rosendal sin beste.
19. Sep, 2011
Tap i vanskleg bortekamp
I ein vanskleg bortekamp mot serieleiar Stord tapte Jenter 97/98 0-3 i dag. God innsats til tross så vart motstanden eit hakk for stor.
18. Sep, 2011
Damelaget vann borte mot Bønes
Damelaget vann 3-2 borte mot Bønes idag. Damene spelte ein veldig god kamp, med god innsats og lagmoral. Måla vart laga av Ingunn Uglehus (2) og Elisabeth H. Eide.
17. Sep, 2011
Arvid får frivilligprisen i Kvinnherad Kommune!!
Nyhenda om at Arviden får frivilligprisen i Kvinnherad Kommune er knapt offentleggjort. Arvid fekk telefon frå kommunen nett for nokre minuttar sidan. Vi gratulerer han mykje med tildelinga, og den er vel fortent. Vi kjem attende med meir informasjon seinare.
15. Sep, 2011
Nøklar på avveie
I fotballrommet manglar det to nøklar. Dette er ein H-nøkkel og ein 002-nøkkel. Vær gild og sjekk i lommer o.l. om du har den. I tilfelle heng den i skåpet i ballrommet!
15. Sep, 2011
MiniCup på Halsnøy på søndag
15. Sep, 2011
Friidrett kvar tysdag!
13. Sep, 2011
Gutelaget vann 4-3 mot Rubbestadneset
Gutelaget tok torsdag kveld i mot Rubbestadneset. Etter ei veke med litt sjukdom i laget, var det godt at Njål meldte seg til teneste.
12. Sep, 2011
Rosendal Turnlag vil gratulera Kjell Ove med 50 års dagen!
Leiar i fotballgruppa, Kjell Ove Underhaug fyller idag 50 år. Han ser framleis ikkje ein dag eldre ut enn 39, men no er han altså 50. Vi gratulerar jubilanten på vegne av heile turnlaget!
08. Sep, 2011
Jamn kamp i regn og vind
06. Sep, 2011
Heiocup er flytta til grusbanen i Uskedalen.
Pga mykje vatn på grasbanen er Heiocup flytta til grusbanen. Grusbanen ligg med skulen i Uskedalen.
Kampoppsett er ingen endring på.
03. Sep, 2011
Tap i lokalderby
Gutelaget tapte torsdag kveld mot Trio 2, kampen endte 3-0. Rosendal hadde ballen mest, men sleit med å trengje gjennom eit godt organisert Trio forsvar.
02. Sep, 2011
Miniturnering på Halsnøy 18. september
18. september er det klart for miniputtcup på Halsnøy. Kampane kjem til å gå på den nye kunstgrasbanen i Eidsmarka, som blir offisielt opna same dag.
02. Sep, 2011
Seriedag i Herøysundet for G10
Onsdag kveld var det klart for nest siste seriedagen for gutar 10 år. Vi reiste til Herøysund med to jamne lag som spelte 2 kampar kvar.
01. Sep, 2011
Nye innbyttarboder
Rosendal T.L. tok laudag i bruk dei nye innbyttabodene ved grasbanen. No kan innbyttarane sitta tørt i haustregnet. Dei er kjøpt av midlar som fotballgruppa fekk tildelt frå tidligare Kvinnherad Sparebank.
29. Aug, 2011
A-laget vann borte
A-laget vann 1-0 borte mot Fitjar i dag. Lars Johan vart matchvinnar i det 30. minutt. Klikk deg vidare for å lesa referat frå Fitjarposten.
27. Aug, 2011
Kampoppsett HeioCup 2011
26. Aug, 2011
Gutelaget i medvind!
Gutelaget tok torsdag kveld i mot Bremnes 3. Rosendal hadde få spelarar tilgjengelige så dei måtte låne jente/damelagsspelaren Tina Skår. Gutelaget var klart betre enn bømlingane, og vann fortent 6-1.
26. Aug, 2011
Tornado Bergen FK takkar for kampen
Tusen takk for et godt gjennomført arrangement ifb fotballkampen Fredag 19. August. Vi ønsker spesiellt å takke de sjåførene som hentet oss på ferjekaien og kjørte oss tilbake etter kampslutt, uten de ville vi ikke kunne gjennomført kampen! Vi håper å få spille mot dere neste sesong også, for dette var en kamp med en fantastisk ramme rundt! Lykke til videre i sesongen, Sportslig hilsen Tornado Bergen FK
24. Aug, 2011
Starta hausten med storsiger
Småjente 13/14 fortsette der dei slapp i Norway Cup og leverte ein god kamp mot Moster. Etter 4-0 til pause endte kampen 7-2.
23. Aug, 2011
G16: Bømlo - Rosendal 1-7
Rosendal G16 reiste torsdag til Langevåg idrettsplass for å møte Bømlo. Rosendal vant kontrollert 7-1.
22. Aug, 2011
Damelaget vann 4-0
Damelaget vann 4-0 borte mot Austevoll/Selbjørn i dag. Måla vart skora av Kristine Enes Medhaug, Elisabeth H. Eide, Anette Sandnes og Helene Skåla.
21. Aug, 2011
Barnetrimmen startar opp att
Barnetrimmen startar opp att i morgon! Her er tidene for dei forskjellige gruppene:
Barnetrimm 0-2 år lørdag kl 1500-1545Barnetrimm 3-4 år lørdag kl 1600-1645Barnetrimm 5-6 år mandag kl 1700-1800
19. Aug, 2011
Nytt kamptidspunkt: Rosendal - Tornado Bergen
18. Aug, 2011
Kvinnheradløpet 2011
Kvinnheradløpet går av stabelen sundag 2. oktober 2011. Start "Turklasse utan tidtaking" frå 10:00. Fellesstart med tidtaking 12:00. Kvinnheradløpet vart fyrste gong arrangert i 1982, i år er det såleis jubileumsløp 30 år.
10. Aug, 2011
7 x tap i myntkast
MYNTKAST: - Jeg er fortsatt i sjokktilstand over at det har skjedd igjen, sier ungdomsleder i Rosendal TL Arvid Nes. Sju ganger av sju mulige har et Rosendalslag tapt i myntkast, og dermed blitt slått ut av Norway Cup. Uflaksen begynte allerede i 1993, og onsdag føyde Rosendals småjentelag seg inn i ulykkesrekken, etter å ha spilt uavgjort 1-1 mot Hessa IL i sekstendedelsfinalen.
08. Aug, 2011
HeioCup 2011
Då gjere vi klar for ny miniput cup på heio søn 4 sept kl 10. Det gjeld årsklasse 2001, 2002,2003 og 2004. Påmeldingsfristen er fre 19 aug.
08. Aug, 2011
Biletsamling frå DanaCup
Jentelaget klarte som kjend ein flott sølv plass i B-sluttspelet i DanaCup. Dei er komne vel heimatt og vi har her laga eit lite fotoalbum og lagt ut nokre videosnuttar frå deira tur til Hjørring i Danmark.
04. Aug, 2011
G15/16: Rosendal -Memin Funes FC.
Gutane tapte 4-0 i 8. delsfinalen og gjekk dermed ut av cupen. Vi takkar alle laga for glitrande innsats i NorwayCup. Ynskjer laga god fornøyelse i Tusenfryd i dag og vel heim på fredag.
04. Aug, 2011
G 14 er ute av NorwayCup
Gutane tapte 6-0 mot Løv-Ham. Løv-Ham er eit av dei beste laga i Hordaland så dette er ingenting å skamma seg over. Vi takkar gutane for flott innsats under NorwayCup 2011!!
03. Aug, 2011
Sluttspelkampar vidare idag
16:20 J14: Rosendal - Hessa
20:10 G15/16: Rosendal -Memin Funes FC.
Følg kampane her!
03. Aug, 2011
Jenter 14 og gutar 15/16 er vidare i sluttspelet
Jentene vann 3-1 mot Kjapp og er klare for 16-delsfinale mot Hessa i ettermiddag. Ingeborg laga 2 mål medan Julie laga eitt.
Gutane vann 3-1 mot Volsungur og er klare for 8-delsfinale i kveld mot Memin Funes FC.
Vi gratulere begge laga med flott innsats.
03. Aug, 2011
Sluttspelkampar i dag
09:00 G15/16: Rosendal - Volsungur
09:00 J14: Rosendal - Kjapp
14:30 G14: Rosendal - Løv-Ham.
Følg kampane her!
02. Aug, 2011
NorwayCup- G15/16: Rosendal-Holmlia SK, kl 17:30
Gutelaget vann 7-0 mot Holmlia og er klare for a-sluttspel i morgon. Målskorarar var Sondre 4, Jonas 2 og Benjamin
02. Aug, 2011
NorwayCup: J14: Rosendal-Reinsfjell kl. 16:00
Jentene klart uavgjort 0-0 i denne jamne kampen. Det betyr at dei skal møte Kjapp i a-sluttspelkamp i morgon tidleg.
02. Aug, 2011
NorwayCup: G14: Rosendal-Sunndal2, kampstart tysdag kl. 11:00
Gutane vann heile 8-0.
Dei som skåra var: Hermund 2, Simon 2, Eirik 2, Vemund og Tobias. A-sluttspelet er sikra, dette vert spennande :)
01. Aug, 2011
NorwayCup: G15/16: Rosendal-Jotun kl. 13:45
Gutane vann heile 6-0 mot Jotun. Målskårarar var, Jonas 2, Andreas, Sondre, Benjamin og Hans Fredrik. Vi gratulerar!
01. Aug, 2011
NorwayCup: J14: Rosendal-Harøy 3 kl. 12:15
01. Aug, 2011
Mykje har skjedd dei siste dagane
Mykje har skjedd på "cupfronten" dei siste dagan når sida var nede. Kampane vart oppdatert via Facebook så mange har likevel fått med seg resultata. Vi tek likevel ei lita oppsummering her.
01. Aug, 2011
Då er sidene oppe att
Diverre har sidene vert nede sidan fredag. Det har vore ein totalkrasj på ein av serverane i Oslo. Vi satsar på at det no vert stabilt og bra att.
01. Aug, 2011
DanaCup Kvartfinale- kl. 10:10 Rosendal - Solberg
Då er vi klare for kamp, og ynskjer jentene lukke til.
- Kampen er igang.
- MÅL!! 1-0, signert av Julie.
- MÅL!! 2-0, Julie putta igjen.
- Rosendal har hatt to store sjansar, men diverre ikkje mål.
- Inga med skot i tverrleggjaren.
- MÅL!! 3-0, hattrick av Julie, Rosendal har full kontroll.
- Ingebjørg skyt like over.
-PAUSE
- Då er kampen starta att.
- MÅL, til Solberg denne gongen, 1-3
- MÅL!! 4-1, corner av Silje som Julie set i mål.
- MÅL, 4-2
- SLUTT, jentene vann 4-2. Vi gratuelerar med semifinale. Denne skal spelast 16:50 i dag.
29. Jul, 2011
Kvartfinale klokka 10:10 i morgon
Kvartfinalen for jentene i DanaCup går mot Solberg klokka 10:10 i morgon. 16:50 går ein eventuell semifinale.
28. Jul, 2011
Dana Cup: 8. delsfinale Rosendal-Vind IL
- Stolpeskot av Ingebjørg.
- Frispark, skot like over av Tina.
- 1-0 til Rosendal, mål av
Helene.
- 2-0 til Rosendal, mål av
Julie.
- Pause!
- Pga kommunikasjonsproblemar så gjekk oppdateringane treigt, forhåpentligvis blir dette bedre i 2. omgang.
- Då var 2. omgang i gang.
- 3-0 til Rosendal, korner av
Silje, og heading av Ingebjørg.
- 4-0 Flott heading av Ingebjørg
- 5-0 signert av Helene
- 6-0 flott skot av Tina rett i kassen.
-SLUTT,
Då er jentene klare for kvartfinale. Vi kjem attende til kor tid den vert.
28. Jul, 2011
DanaCup - kl- 19:30 Rosendal - Ullensaker/Kisa
Kampen er igang, no satsar vi på siger.
Tyskarane vann sin siste kamp og tok andre A-sluttspel plassen. Rosendal går vidare i B-sluttspelet.
- Stolpeskot av Silje.
- Rosendal dominerar kampen og manglar no bare ei scoring.
- 1-0 til Rosendal, mål av Ingebjørg.
- 2-0 til Rosendal, mål av
Silje.
- 3-0 til Rosendal, mål av
Silje.
- 4-0 til Rosendal, mål av
Julie.
- 5-0 til Rosendal, mål av
Ingebjørg.
- Då var det slutt, det er 8. dels finale i måro, kl: 16:50.
Følg med!
27. Jul, 2011
DanaCup - kl. 12:30 Eintracht Lüneburg SV - Rosendal
Kampen er igang, no ventar vi bare på sms'ar frå Danmark.
Alle kampane vert spelt med sørgjebånd, for å vise medfølelse for dei drepte og pårørande etter terrorkatastrofen. Dette vil og Rosendal sine lag i NorwayCup gjera.
- 5. min. Skot i tverrleggjaren av Helene, men fortsatt 0-0.
- PAUSE: Stillinga er 0-0 i ein særs tett kamp.
2. Omgang
- 10 min. Tyskarane scorar, ufortent. 1-0.
SLUTT: Rosendal tapte diverre 1-0 i ein jamn kamp.
Rosendal var det beste laget i denne kampen, men det vart ikkje uttelling diverre.
Neste kamp: Rosendal - Ullensaker/Kisa klokka 19:30. Følg oss då ;)
27. Jul, 2011
DanaCup - kl. 20:30 Rosendal - Volda
Rosendal ligg under 2-0 i kampen mot Volda.
Rosendal tapte 2-0 mot Volda.
26. Jul, 2011
DanaCup - kl. 13:30 Tønsberg FK - Rosendal 0 - 10
Rosendal leiar 1-0 etter scoring av Ingebjørg.
- 2-0 - Sjølvmål
- 3-0 - Ingebjørg
- 4-0 - Tina
- 5-0 - Julie
- 6-0 - Silje
- 7-0 - Julie
- 8-0 - Silje
- 9-0 - Ingebjørg
-10-0 - Ingebjørg
Ny kamp klokka halv ni mot Volda, følg med ;)
26. Jul, 2011
Informasjon om NorwayCup
22. Jul, 2011
Endring i kampoppsett Norway Cup
Det er foretatt ein endring i kampoppsettet for Jenter 13/14 år i Norway Cup. Ein kamp er flytta frå sundag til mandag.
14. Jul, 2011
Kampoppsett Dana Cup 2011
Kampoppsett for årets Dana Cup er no klar. Rosendal Turlag stiller med eit lag i årets turnering. Dette er i klasse G15, jenter født etter 1.1.1996.
06. Jul, 2011
Kampoppsett Norway Cup 2011
No er kampoppsettet klart for alle 3 laga som skal til Norway Cup i år. Rosendal TL skal i år ligge på Hallagerbakken Skole.
05. Jul, 2011
Fotballskulen over for denne gongen
Då var Tine - Fotballskule over for denne gongen. Det har vore nokre trivelege dagar der dei 114 spelarane har vist god innsats og vilje. Vi takkar alle spelarar, instruktørar og dei som hjalp til med arrangementet for godt arbeid. Du kan klikka deg vidare og sjå mange bilete frå dagane.
Bileta er tekne av Kåre Eik, Arvid Nes og Romar Skeie Olsen.
30. Jun, 2011
Værmeldingane slo ikkje til
Det var knytta stor spenning til været under fotballskulen idag. 38 mm nedbør og kuling sto for tur denne tysdagen i følge yr.no. Men for eingongskuld traff dei ikkje heilt når det gjaldt vind og regn, og fotballskulen har hatt ypparlege forhold idag.
28. Jun, 2011
Fotballskulen er igang
Igår starta fotballskulen i Rosendal med 114 påmelde. Det vart litt ekstra utfordrande med dårlege værmeldingar, men det gjekk over all forventning. Regnet la ikkje dempar på utfoldinga på banen. Det virka som alle var glade og nøgde og stemninga var god heile dagen.
28. Jun, 2011
Smågut 14 år på Eidfjord Cup
Dette var ei kjempebra turnering for et hardt arbeidende rosendalslag. Gutane storspelte heile helga, og i innleiande kampar slo dei fyrst Kringlebotn 5-0, og så tapte dei mot same laget 1-3. Vidare slo dei Harding Kvit i to kampar 3-1 og 1-0 . Rosendal vart då puljevinnarar.
27. Jun, 2011
FOTOKONKURRANSE jubileumsåret 2011- kampen om det beste blinkskuddet!
Hordaland Fotballkrets (HFK) fylte 100 år i år. I den anledning er det utlyst en fotokonkurranse: HFK ønsker å få tilsendt aktivitetsbilder fra tidligere fotballsesonger eller fra inneværende sesong. Har du ett eller flere blinkskudd av spillere, trenere, tilskuere eller dommere i aksjon - enten fra nyere tid eller fra "gamle dager", oppfordrer vi deg til å delta i konkurransen!!!
27. Jun, 2011
Husk å kle fotballspelaren etter været
Det er meldt litt regn på dagane med fotballskule. Husk difor å kle fotballspelaren din med kle som kan tåla litt regn. Ull innerst kan anbefalast.
26. Jun, 2011
Påmeldte til Fotballskulen i Rosendal
Her finn du liste over dei som har fått plass på Fotballskulen. Kontroller at du er komt med. Er du påmeldt, men namnet manglar, må du kontakte Arvid Nes, mob. 48 22 80 26. Ved påmeldt nr. 110 blir ein stående på venteliste. Tusen takk til alle som vil vera med. Satsar på fint vær, og at det vert kjempegøy for alle.
26. Jun, 2011
J-99 på Etne-cup
SOMMARFERIE!!!!! Men berre frå skulen. Tida er inne for fotball på heiltid. I alle fall dei neste dagane. J-99 pakkar bagen med det som må til for ei helg i Etne med fotball, gutar, leik og moro. Det er eit positivt og sprudlande lag som denne helga er i Etne for å spela underhaldande og ikkje minst engasjerande fotball. Fyrste siger kjem allereie når vi i ein lang kø på ferjekaien i Matre blir vinka ut av køen og får kjøra fyrst på ferja, medan fleire bilar blir ståande igjen på kaien når ferjebommen går ned. Da lønnar seg å bestilla plass på førehand!
25. Jun, 2011
EidfjordCup
25. Jun, 2011
Nok ein siger for G16
G16-laget møtte i går kveld Njardar/Tysnes. Kampen vart spela på ein våt grasbane i Rosendal. Kampresultatet vart 6-1. Rosendal tok kommandoen i kampen frå start av og starten var stort sett spela på Njardar/Tysnes sin banehalvdel, utan at Rosendal skapar de store sjangsane.
24. Jun, 2011
G14: Trott - Rosendal 3-2
Bortekamp mot serieleiar Trott. Rosendal spelte ein særs god kamp. Langt ut i fyrste omgang låg vi under 2-0, men greidde å henta oss inn igjen til 2-2. Trott fekk så eit frispark rett utanfor sekstenmeteren som dei satte i mål, dermed vart det 3-2 før pause.
22. Jun, 2011
Gamle avisutklypp
Leif Sverre Enes har teke vare på eindel avisutklypp frå storheitstida til A-laget seint på 80-talet. Desse klyppa har vi fått låna og scanna inn i eit adobedokument. Her er mykje godt lesestoff og bilete for både gamal og ung. Er det andre som har samla slikt tek vi gjerne i mot det for scanning.
21. Jun, 2011
Hjelp til fotballskulearrangementet
Dersom det er nokon som kan og ynskjer å vera med å hjelpe til litt under fotballskulen 27.-29. juni kan dei melda si interesse til Arvid. Det gjeld hjelp til registrering, matservering og fruktservering m.m. Telefonnummer til Arvid er: 48228026
21. Jun, 2011
G 14 med sterk bortesiger
Gutar 14 år spelte borte mot Odda i helga. Rosendal spelte ein særs god kamp og vann heile 6-0. Dei hadde overtaket gjennom heile kampen, og scora på sjansane sine. Veldig gode gjennomspelspassningar, og det var god fart i laget. Godt keeperspel med mange bra redningar.
20. Jun, 2011
Damelaget ubesigra gjennom vårsesongen
Damelaget vann igår 5-2 heime mot Odda. Dermed er damelaget ubesigra i vårsesongen. Dei har vunne alle kampane unnateke ein uavgjort. Vi gratulerar med ein godt gjennomført vårsesong.
20. Jun, 2011
Informasjon om Tine Fotballskule
Mandag, tirsdag og onsdag 27 - 29. juni, kl. 09:00 - 14:00 kvar dag. Første dag samlast alle i gymsalen, og alle må vera på plass til klokka 09:00. Der vert det registrering, inndeling i puljer, utlevering av utstyr m.m. All aktivitet føregår på gras eller kunstgrasbanen.
19. Jun, 2011
A-laget i scoringsform
A-laget spelte i ettermiddag heimekamp mot Vadmyra 2. Etter ca 20 spelte minutt kunne spelande trenar, lars Johan, notera si fyrste scoring i kampen. Han nøya seg ikkje med det og 6 minutt seinare noterte han sin andre. Like før pause satte Vadmyra 2 inn reduseringa, og kampen enda 2-1 til pause.
19. Jun, 2011
Suveren siger til jenter 16
Jenter 16 tok idag imot Nest-Sotra heime på graset. Nest-Sotra fekk ein hard tørn mot rosendalsjentene. Allereie etter 15 sekund stod 1-0 til heimelaget etter eit fint gjennomspel til Inga. Inga gjorde ingen feil og satte ballen bak målvakta til Nest-Sotra. Rosendal hadde totalt kontroll på kampen og spelte seg fram til den eine sjansen etter den andre.
18. Jun, 2011
Flott jubileumsfeiring
Værgudane var med oss i dag under 110 års jubileet til Rosendal Turnlag. Ikkje altfor mange møtte opp til opptoget gjennom skålagato, men det seig på med folk utetter dagen.
18. Jun, 2011
Jenter 12 med god bortekamp
Vårens siste seriekamp på kunstgraset i Odda. Jentene spela ein god kamp der innsatsen var på topp og vi vann 5-0. Målscorarane var Mari Omvik Furdal 3 mål, Mari Klette Leganger og Kristine Tveit.
Vi har vunne alle kampane i vår, målskilnaden er 36-2 – noko vi må sei oss svært nøgde med. Vi har vore 12 jenter i ”troppen” og treningsframmøte har vore bra.
17. Jun, 2011
God sesongavslutning for G10
Gutar 10 år var i ettermiddag på Halsnøy og spelte to kampar. Fyrste kamp var mot Trio sitt eine 2001 lag. Her vart det ein jamn kamp som vi til slutt vann 4-3.
15. Jun, 2011
Jubileumsfeiring - Rosendal Turnlag 110 år!
Laurdag 18. Juni er det klart for jubileumsfeiring. Programmet finn du her. Vi oppmoar alle som ein om å ta turen, store og små.
15. Jun, 2011
Tippeligatabellen slik weblesarane meiner den blir
Som de sikkert har sett har vi hatt ute ei spørring om kva lag som vinn Tippeligaen i 2011. 87 personar har stemt og her kan du sjå resultatet og samanlikna det med dagens tabell. Sjekk og ut vår nye spørring som ligg i høgre margen ;o)
15. Jun, 2011
Smågut 14 år - Rosendal - Solid 8-2
Rosendal spelte ein god kamp, der dei hadde god kontroll gjennom heile kampen. Det var eit forferdeleg regnvær, og banen var ei suppe av vatn og gras. Einaste minus var at heimelaget dabba av i andre omgong, da vi hadde så god leiing.
15. Jun, 2011
Herrelaget med storsiger på bortebane
Herrelaget reiste igår til bergenskanten for å møte Søre Neset, som før kampen låg 2 poeng føre Rosendal. Rosendal fekk ein tidleg scoring mot seg, og låg under 1-0 allereie etter 1 minutt.
15. Jun, 2011
Kamp til siste slutt
Siste vårkamp for Jenter 13/14 vart ein kamp både mot naturkreftene og motstandar Bremnes. Etter å ha lege under 0-2 til pause, snudde jentene kampen i andre omgang og vann 3-2. Godt gjort!
14. Jun, 2011
Damelaget vann 1-0 borte
Rosendalsdamene reiste til bortekamp mot Frøya idag. 5 jentespelarar var med til denne kampen. Katrine debuterte i mål. Rosendal hadde mange både halv sjansar og hundreprosentsjansar. Men det måtte straffe til for at skoringa skulle komme.
13. Jun, 2011
Flott dag på miniturnering
Dagens miniturnering i Rosendal vart eit flott arrangement med fint vær og mykje folk. Til saman 42 lag var påmeldt og frå klokka 11:00 - 16:00 var det stor aktivitet på stadion. Heile 317 spelarar var på plass, og det er ny rekord.
13. Jun, 2011
Fotballskulen er fullteikna
110 spelarar er no påmeldt. Dei som melder seg på no vert satt på venteliste. Det er håp om å komme med om ein teiknar seg på venteliste.
13. Jun, 2011
Andreas Mayer vert instruktør på fotballskulen
Den tidlegare Bayern Munchen- og Rosenborg spelaren Andreas Mayer kjem til fotballskulen. Han ringte frå Tyskland og meldte at han kunne vera instruktør alle tre dagane på fotballskulen. Han var og med litt for eitpar år sidan, og er ein utruleg god instruktør. Bakgrunnen for dette er at sonen hans frå Herøysundet skal vera med under fotballskulen.
13. Jun, 2011
Kvinnherad Energi gav kr 25.000,- til nye mål
Kvinnherad Energi ser verdien av lokal lagsdrift og har sponsa Rosendal Turnlag med kr. 25.000,- til to nye mål. Ei flott gåve som turnlaget er takksame for. Måla er komne på plass og overrekkinga av sjekk frå Kvinnherad Energi gjekk føre seg igår.
10. Jun, 2011
Gutalaget gjorde reint bord mot Rubben
Gutalaget reiste til Bømlo og skulle møte Rubbestadneset igår kveld. Rosendalsgutane jobba godt gjennom heile kampen og vann til slutt 5-4.
10. Jun, 2011
Damelaget vann 4-2 borte
Damelaget spelte bortekamp igår mot Varegg/Sandviken 3. Dei kunne reise heimatt med tre poeng og ein flott 4-2 siger. Dermed ligg no damene på 3. plass med 2 kampar mindre spelt enn 1. plassen og 1 kamp mindre spelt en 2. plassen. Dette ser lovande ut. Kun 3 poeng opp til 1. plass.
09. Jun, 2011
God heimekamp
Jenter 13/14 sin andre heimekamp for året ga ein komfortabel seier over Fitjar. Etter 2-0 til pause, vart sluttresultatet 5-0. Ein god prestasjon med mykje fin fotball innimellom.
08. Jun, 2011
100 påmeldte til fotballskulen
No er det 100 stk. påmelde til Fotballskulen. Det er eigentleg fullt, men vi reknar med vi kan klare fem til, med andre ord er det no første mann til mølla!
08. Jun, 2011
Husnes Cup 2011
Påmeldingsfrist til årets Husnes Cup (19.-21.august) er gått ut, men det er framleis ledige plassar for lokale lag. Merk at nytt av året er at alle lag frå Kvinnherad slepp å betale lagspåmelding (450 kr). Auken som er gjort i pris på deltakarkort gjeld heller ikkje C-kortet (som er utan mat og overnatting), det er framleis på 250 kr pr spelar.
I dette inngår cupdeltaking med lagfoto og premie, grilling fredag, diskotek laurdag mm.
08. Jun, 2011
Informasjon om minicup i Rosendal 13. juni
MERKNAD: DET ER GJORT STORE ENDRINGAR I PLANEN I FORHOLD TIL VERSJON 1. Rosendal Turnlag arrangerer miniturnering i Rosendal mandag 2. pinsedag 13. juni 2011. Totalt vert det nytta 6 banar, 4 av dei på kunstgraset, og 2 på grasbanen. Første kamp starter kl. 11.00, og dei siste kampane er avslutta til kl. 16.00.
08. Jun, 2011
Etterlengta seier
Etter å ha vore uheldig i forrige bortekamp som enda med tap for Rubbestadnes lykkes endelig jenter 13/14 i kamp og slo Bømlo 7er 3-1 borte. Dette var første heimetapet til Bømlo i år.
07. Jun, 2011
200 grasrotmotakarar er nådd!
No har vi bikka 200 grasrotmotakarar! Dette er særs bra og vil ved neste utbetaling i august utgjera nærmare kr 20.000,- for kvartalet vi no er inne i. Neste mål må no vera 250 stk, så dersom du ikkje har registrert deg hos Norsk Tipping enno så er det for all del ikkje for seint!
07. Jun, 2011
Gutelag i medvind
Gutar 16 reiste mandag til Bømlo for å møte Bremnes 3. Laget reiste med kun 12 spelarar. Her var blant anna Simon Korttila, tomålscoraren fra forrige kamp og Håvard Omvik Furdal som i helga skada seg på ny, då han fekk ein djupt kutt i fingeren og måtte operera. Men dette skulle likevel ikkje være nokre hindring.
07. Jun, 2011
Oppsett miniturnering
Kampoppsettet til Miniturneringa som går av stabelen i Rosendal 13. juni er klart. Dersom noko er feil så ta kontakt med Per Inge Olsen på telefon 99512569. Nokre justeringar er allereie på gong, så dette er ikkje endeleg.
06. Jun, 2011
Puljeoppsett i NorwayCup 2011
Rosendal Turnlag stiller med tre lag i årets NorwayCup. Puljeoppsettet er klart og du kan finne det ved å klikke deg vidare.
03. Jun, 2011
Oversikt over påmelde minilag
Det er snart klart for årets miniturnering i Rosendal. 40 lag er påmelde. Klikk deg vidare for å sjekke om ditt lag er påmeldt.
03. Jun, 2011
Impulssamlingen 7. juni på Stord er utsatt
Impulssamlingen 7. juni på Stord er utsatt på grunn av for få påmeldte. Vi prøver igjen i august, og kommer tilbake til ny dato. Følg også med på www.idrett.no/hordaland for siste nytt om ungdom i klubb og kurstilbudet generelt.
03. Jun, 2011
Lokaloppgjer på tysdag for jenter 99
Fyrstkommande tysdag spelar J-99 kamp mot Trio heime på stadion. Kampen byrjar klokka 19:00. Møt opp og støtt jentene.
02. Jun, 2011
DAMEKAMPEN AVLYST!
Kampen mot Fyllingen2 idag er avlyst. Fyllingen kan ikkje stilla lag.
02. Jun, 2011
Flott innsats av G10 i Uskedalen
Gutar 10 år var i ettermiddag i Uskedalen og spelte to kampar mot andre 10 års lag i kommunen. Fyrste kamp gjekk mot Trio, her vann vi 7-4. I andre kamp var det Halsnøy Gul som var motstandar. Her vann Rosendal heile 14-1.
01. Jun, 2011
Herrane vann stort
Onsdag kveld var det duka for heimekamp mot Fusa. Rosendal kontrollerte kampen frå start til slutt og vann heile 6-0! 15 år gamle Sondre Eskeland og Vegard Iversen kom innpå i andre omgong og skora sine fyrste mål på senior nivå.
01. Jun, 2011
Flott klubbdomarkurs
Det var eit flott klubbdommarkurs i Rosendal på torsdag. 14 aktive og ivrige ungdommar tok kurset. Spesielt kjekt at så mange jenter var med. Alle får vestar med påskrift klubbdommer, så no er det berre å bruke dei i klassane under 12 år. Ta vel i mot dei, oppmuntre dei og gje dei mykje skryt.
31. May, 2011
Damene vann 3-0 borte mot Samnanger
Damene vann 3-0 borte mot Samnanger no i kveld.
Kristine Medhaug, Ingebjørg Haugland og Reidun Musland skora måla. Dermed har damene vunne alle sine fire kampar til no i sesongen. Dei ligg no likt med Tertnes og Fyllingen 2 på toppen av tabellen. Alle lag med 12 poeng, men Rosendal har ein kamp mindre spelt.
24. May, 2011
NY TID: Klubbdommarkurs i Rosendal 14:30
Det vert klubbdommarkurs i Rosendal torsdag 26. mai. Kurset vert på Rosendal ungdomsskule frå kl 14:30 i klasserom 1. Kurset er det første steget på dommarstigen og vil vere aktuelt for alle som vil dømme i barnefotballen (under 12 år). Er du over 12 år kan du vere med på kurset. Påmelding til Arvid tlf. 48228026 eller Willy tlf 90805405.
24. May, 2011
Fotballskule 2011
Rosendal T.L. arrangerar fotballskule mandag 27. til onsdag 29. juni frå klokka 09:00 - 14:00 alle dagar. Fotballskulen er for jenter og gutar født 1998 til og med 2003. Pris for alle dagar er kr. 650,- pr spelar. Då får du Tinepakke (ryggsekk, t-skjorte m.m.), ein fotball og tre måltider (2 fruktmåltid og lunsj) pr. dag. pr. dag.
24. May, 2011
Damelaget vann, herrane spelte uavgjort
23. May, 2011
To A-kampar på sundag
Herrane spelar mot Lysekloster på sundag klokka 17:00 på grasbanen. Damene spelar mot Bønes sundag klokka 18:00 på kunstgraset. Møt opp og få med deg to kampar samtidig!
20. May, 2011
Spanande lokaloppgjer
Rosendal og Trio 2 leverte torsdag kveld ein spanande og underhaldande kamp for gutar 15/16 år, med mange mål. Trio tok leiinga 1-0, og få minutt etterpå utligna Rosendal til 1-1. Like etterpå vart det 2-1 til Rosendal, så følgde laga kvarandre med 2-2, 3-2 og 3-3 etter sjølvmål.
20. May, 2011
Invitasjon til Miniturnering i Rosendal
13. juni (2. pinsedag) vert det arrangert miniturnering på kunstgraset i Rosendal. Planen er å starte opp klokka 11:00 og avslutte ca klokka 16:00.
Vi satsar på fint vær og mange fotballinteresserte!
Vi oppmodar alle klubbar som kan om å stilla med reine jentelag i cupen. Det hadde vert kjekt for jentene.
19. May, 2011
Invitasjon til Spar Haga Cup 2011
IL Trott har gleden av å invitere dykk til haustens store fortball begivenhet på Stord. Den populære Spar Haga turnering er i år utvida til også å inkludera gutar og jenter i 10 års klassen.
18. May, 2011
Aktivitetsleiarkurs
Rosendal T.L. arrangerte tysdag, laurdag og sundag denne veka kurs for trenarar for dei yngste laga. Eivind Nissestad frå Trio var kursleiar. Det vart eit et lærerikt og positivt kurs og dette er nok eit kurs mange fleir burde ta seg tid til å vera med på. Tysdag og laurdag var teori, sundag praksis med øvelsar.
16. May, 2011
Sterk siger av damelaget
Damelaget møtte i kveld topplaget Tertnes til dyst på Rosendal Stadion. Tertnes kom til Rosendal med god sjølvtillit og 19-0 i målforskjell før kampen. Damene frå Rosendal ville endra denne målforskjellen og det greide dei. Hildegunn Guddal skora 1-0 ganske tidleg i fyrste omgong. Anette Sandnes auka så til 2-0 like før pause.
11. May, 2011
Informasjon Fotballforsikringen 2011
NFF har et sterkt fokus på Fotballforsikringen og ønsker å tilby våre medlemmer markedets beste dekninger. Vi har etablert et unikt konsept hvor Idrettens Helsesenter (IHS) er en meget viktig del i behandlingen av de som skades.
11. May, 2011
Tap i første heimekamp
Småjenter 97/98 måtte gje tapt i første heimekamp for sesongen. Motstander var Stord 2, eit av dei bedre laga i pulja.
10. May, 2011
Innsamling av sportsutstyr
Frå Linda Lillesletten i Flyktningetenesta er det kome førespurnad om sportsutstyr til flyktningar, som det er kome fleire av til Kvinnherad den siste tida. Mange av dei har dårleg råd og det vil vere dyrt for dei å kjøpe nytt i tillegg til kontigent og årsavgift i idrettslaga. Så dersom nokon har utstyr som er blitt for lite, eller ikkje er i bruk kan de ta kontakt med Linda på tlf. 53 48 27 29/ 91 66 70 64. Dei treng utstyr i alle storleikar.
10. May, 2011
Damekampen på søndag er flytta
06. May, 2011
G16 Rosendal - Bømlo
Rosendal G16 tok imot Bømlo til seriekamp torsdag. Rosendal starta friskt og gjekk tidleg opp i 2-0 leiing. Bømlo jobba seg inn att i kampen og reduserte til 2-1. Etter reduseringa jamna spelet seg ut, men mot slutten av 1. omgang spelte Rosendal offensiv fotball, og pauseresultatet vart 5-1.
06. May, 2011
Gutar 2002 startar treningane
11. mai klokka 17:30 vert det treningsstart for gutar 2002. Petter Ulvestadbakken tek trenaransvaret, og Randi Solheim er med som lagleiar og hjelpetrenar.
05. May, 2011
Gutar 10 år vann sine to kampar
Gutar 10 år var i går i aksjon på Husnes på den fyrste av 5 seriedagar for sesongen. 2 kampar stod på programmet for kvelden og det var mot Trio02 og Uskedal01. Trio02 er eit knakandes godt lag med spelarar som er 9 år.
05. May, 2011
3-0 siger over Fitjar
Herrelaget heva seg mange hakk frå sist bortekamp og vann 3-0 over bortelaget Fitjar onsdag kveld. Måla vart skora av Frode Havnerås, Kjetil Helvik (str) og Øystein Skår. Joakim Olsen og Sondre Eskeland fekk sin deby for heimelaget.
05. May, 2011
Spennande bortekamp mot Trio
Det vart ein spennande kamp for Jenter 97/98 mellom Trio og Rosendal på Kvednabekkjen i kveld. Oppgjeret vart jamnt til slutt etter at Rosendal leia 2-0 ved pause.
03. May, 2011
Tap for herrane
Rosendal tapte 4-2 på laurdag mot Tornado Bergen. Dei låg under 3-0 etter 30 min. Reduserte rett før og rett etter pause. Rosendal flytta laget høgare mot slutten av andre omgang, Tornado utnyttar dette og scorar 4-2 rett før slutt. A-laget gledar seg no til å visa ei betre side på onsdag kl 18.45.
02. May, 2011
Kampoppsett seriedag på Husnes
På onsdag er det klart for årets fyrste seriedag for 10 års laga. Kampane går på Husnes frå klokka 17:45.
02. May, 2011
Kampoppsett miniturnering i Herøysund
Pga ein feil der 4 lag ikkje har kome med, kjem det her NYTT kampoppsett for morgondagens turnering i Herøysund. Det er prøvd etter aller beste evne å gjere endringane minst mogleg, men litt må det bli. Endringane er merka med raudt på oppsettet.
29. Apr, 2011
Kampflytting
A-kampen som skulle gått i Rosendal 7. mai er flytta til onsdag 4. mai klokka 18:45. Då kjem Fitjar på vitjing til Rosendal.
28. Apr, 2011
Bortekamp småjenter 97/98 mot Moster
Då var første bortekamp unnagjort. Dessverre vart det med tap 3-5. Ut i frå spel og sjansar burde vi klart uavgjort, men kreftene strakk ikkje heilt til denne gong.
26. Apr, 2011
Aktivitetsleiarkurs
Det blir aktivitetsleiarkurs i Rosendal med Eivind Nissestad i mai. Kurset går over tre dagar, tysdag 10.mai kl.18-21, laurdag 14.mai kl.10-15 og sundag 15.mai kl.10-15.
25. Apr, 2011
Vinnarar av lotteri
Rosendal T.L. fotball hadde utloddning av tre store esker med påskemat lørdag 16. og onsdag 20. april. Salet av lodd gjekk strålande. Vinnarane av lotteriet vart:
21. Apr, 2011
Rotula 2010
13. Apr, 2011
Damelaget vann over Minde
Damelaget til Rosendal hadde full kontroll på kampen mot Minde sundag kveld. Når dommaren bles av kampen stod det 7-2 til Rosendal i målprotokollen. Ein god kamp der eindel spelarar frå jentelaget fekk sin damelagsdebut. De kan lesa meir på Kvinnerhingen ved å klikka deg vidare
11. Apr, 2011
Fotballskule - Hordaland fotballkrets
Hordaland Fotballkrets sin fotballskule for Kvinnherad har vore avvikla i Rosendal over fem kveldar dei to siste vekene. Dei beste er vidare og skal til slutt verte kretslaget for Hordaland. Dette er gutar og jenter født i 98. For heile Hordaland er 500 gutar og jenter tekne ut i fyrste runde.
11. Apr, 2011
A-kampen mot Laksevåg er avlyst
Laksevåg greier ikkje stilla lag i morgon og kjem då ikkje. Kampen er avlyst, og Rosendal får tre nye poeng. Laksevåg derimot kan venta seg bot frå kretsen for å ikkje stilla til oppsett kamp.
08. Apr, 2011
Fjelltrim 2011
Fjelltrimkorta for året er lagt ut for sal hjå Rosendal Sport. Prisen er kr 50,- pr kort inkludert årspremiering.
Du tek med kortet og klypper i det på kvar av dei fem toppane, samstundes som du skriv namnet ditt med eiga handskrift i boka som ligg i eit skrin på posten.
08. Apr, 2011
Siger i første seriekamp for G16
Gutar 16 var første lag ut med seriespel i 2011. Laget tok kommandoen frå start og satte Rubbestadneset under press. Rosendal hadde stort sett eit spelemessig overtak gjennom heile kampen, og vann fortent 4-1. Måla vart scora av Sondre Eskeland (3) og Jonas Havnerås (1, på straffe).
07. Apr, 2011
Alle kampar er lagt ut på kalenderen
No er alle kampane i vårsesongen lagt ut på aktivitetskalenderen. Neste kamp vil kome opp med nedteljing opp i høgre hjørne på sida. Kampane er tekne ut frå Speaker.no. Dersom det vert endringar innbyrdes må det gjevast beskjed om dette til underteikna.
07. Apr, 2011
Flott tur til BenditCup på Stord
Tre lag reiste sundag frå Rosendal til Stord på BenditCup. G 99, G 2001 og J 2001 stilte med kvar sine lag. Vi var heldige med været og stemninga på turen var høg. Spelarane såg ut til å ha ein triveleg cup dag, og gutar 2001 avslutta dagen med å synga "Glory glory Rosendal" på scenen under premieutdelinga.
06. Apr, 2011
Treningsoppsett for fotballen er lagt ut
05. Apr, 2011
To heimekampar i helga
Herrane spelar mot Laksevåg 2 på laurdag klokka 15:00. Damelaget spelar mot Minde på sundag klokka 18:00. Møt opp!
05. Apr, 2011
God seriestart av herrane
05. Apr, 2011
Minicup-datoar for sesongen er klare
På møte på måndag vart det fastsatt minicup datoar. Klikk deg vidare for datoane. Du finn dei og under kvart minilag si side.
05. Apr, 2011
Barnefotballkvelden
Presentasjonen som vart nytta under barnefotballkvelden er lagt ut. Du finn den ved å klikke deg vidare.
04. Apr, 2011
Asbjørn 70 år
I dag, 4.april, fyller æresmedlem, Asbjørn Soltveit 70 år. Asbjørn har gjort omtrent det som er mogeleg å gjere innan Rosendal Turnlag. Han har vore spelar, trenar, leiar, dugnadsleiar og gjort ein uvurderleg innsats for laget. Det er mest ikkje råd å rekne opp alt det han har betydd for oss. Han var den som var med og la grunnlaget for jentefotballen i laget og i periodar trente han fleire lag. Var det noko som skulle gjerast på dugnad sa han aldri nei.
04. Apr, 2011
HUSK! Barnefotballkveld torsdag kl.1800
Hordaland Fotballkrets skal i samarbeid med NFF sette ekstra fokus på barnefotballen i løpet av vinteren og våren. Vi inviterer derfor alle trenere, lagledere og foreldre for 7-12 års lagene i klubben til en kveld der vi har fokus på hvordan man kan legge til rette for best mulig aktivitet for de aller yngste.
30. Mar, 2011
Kampoppsett til Bendit Cup på Stord
Då er kampoppsettet klart for dei to rosendalslaga som skal til Bendit Cup på Stord. Det er heile 172 lag påmelde. Rosendal spelar på sundagen. Klikk deg vidare for oppsettet. Velg "Rosendal" som klubb og årsklasse på spelarane.
28. Mar, 2011
Husk!! Trenar og lagleiarmøte
Onsdag 30. mars klokka 18:30 vert det trenar og lagleiar møte for fotballgruppa. Møte er i Rosendal Samfunnshus, rom 208 (rom på hjørna, 2. etg, mot rådhuset).
28. Mar, 2011
Friidretten tek til att på tysdag
25. Mar, 2011
Rosendal vann 3-1 borte mot Trio
Rosendal spelte treningskamp mot Trio igår kveld på Kvednabekkjen. Forrige kamp enda 3-1 til Trio, men igår fekk Rosendal revansj og vann 3-1 borte. Du kan lesa meir om kampen på Trio sine sider ved å klikke deg vidare
22. Mar, 2011
Rosendal Turnlag 110 år i 2011
Laget vårt har nådd den erverdige alder av 110 år i år. Styret har diskutert korleis dette burde markerast. Vi synest det hadde vore flott å markert dette med å syne fram mest mulig av aktiviteten i laget. Vi har sett på laurdag 18. juni som ein fin dag å markere dette på. Friidrettsgruppa har alt sett av denne dagen til avslutning på vårsesongen.
17. Mar, 2011
G14 Trio-Rosendal 3-2
Det blei som venta ein jamn kamp. Vi hadde nokon målsjansar, men gikk for det meste for langt med ballen før den blei fyrt av. Trio fekk to mål i fyste omgang, og vi fekk to mål i andre omgang. To minutt før slutt, klarte Trio å scora sigersmålet, på noko som kan betegnast som eit arbeidsuhell frå oss. Det var ein kjekk kamp, med fart og trøkk heile kampen. Alle gjorde ein solid jobb.
16. Mar, 2011
Rosendal tapte 3-1 for Trio
A-laget til Rosendal hadde Trio på besøk på kunstgraset igår kveld. Det vart eit tett og godt oppgjer som Trio vann 3-1. Rosendal står fram som eit nytt lag i år og kjempa godt mot laget som ligg ein divisjon over. Yngve Enes skora målet til Rosendal i sluttminuttane.
16. Mar, 2011
Vil du prøva deg som fotballdommar?
Er du interessert i fotball?
Ynskjer å lære meir om lovar og reglar i fotball?
Ser det kjekt ut å dømme fotball?
Du får ein spanande idrett og hobby, der du må lære deg å ta avgjerder og ta ansvar. I tillegg kjem du inn i eit utviklande og godt miljø.
16. Mar, 2011
Invitasjon Husnes Cup 2011
IL Trio inviterer til Husnes Cup, ein cup for gutar og jenter i alderen 10-12 år. Turneringa blir arrangert for 11. år på rad og går av stabelen 19.-21.august. I tillegg til 11-12-årsklassane (7ar) er det som i fjor ein G10-klasse (5ar).
14. Mar, 2011
Barnefotballkvelden er utsatt
Barnefotballkvelden som var satt opp onsdag 16. mars, er etter ynskje frå Hordaland Fotballkrets utsett til torsdag 31. mars, kl.18:00. Årsaka er at førelsaren måtte ut på reiseoppdrag. Så vel møtt torsdag 31. mars!
10. Mar, 2011
Invitasjon til TrioCup - minilaga
Vedlagt finn de invitasjon til innecup i Husneshallen for årsklassane 2002, 2003 og 2004. Påmeldingsfrist er 1 veke før cup, altså laurdag 2.april.
10. Mar, 2011
Fleire var med i Vasaloppet frå turnlaget
Vi skreiv tidlegare at Arve Lunestad var deltakar i Vasaloppet. Det var også Åsmund Hellesøy, han gjekk inn på ein heiderleg 2944. plass. Klikk deg vidare for bilete som Åsmund tok under arrangementet.
09. Mar, 2011
Gåvesjekk og hjartestartar til Turnlaget
Mandag klokka 19:30 vart ein sjekk på kr 30.000,- tildelt Rosendal Turnlag frå Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen. Pengane skal som kjend gå til ein hjatestartar. Sigurd Brattetveit frå Hjertevakten leverte samstundes ut ein solid og robust hjartestartar.
08. Mar, 2011
Sonesamling Bremnes
08. Mar, 2011
Overlevering av hjartestartar
I kveld 7. mars, vil Rosendal Turnlag få levert ein hjartestartar. Vi søkte Gjensidigestiftelsen om midlar til ein startar og vi var blant dei heldige som fekk dette. I kveld vil Sigurd Brattetveit frå Hjertevakten AS kome med hjartestartaren, og det vert overrekking klokka 19:30 ilag med Einar Holsvik frå Gjensidigestiftelsen.
07. Mar, 2011
Flott innsats på TrioCup
Gutar 10 år stilte som einaste lag frå Rosendal på TrioCup sundag 6. mars. Der spelte dei fire kampar, vann tre av dei og tapte ein.
07. Mar, 2011
Rosendal Turnlag i Vasaloppet
Arve Lunestad gjekk igår Vasaloppet frå Salen til Mora. Han gjekk dei 9 mila på 6.52.03 og blei med det nr 4686 av 14730 deltakarar.
Flott prestasjon av Arve.
07. Mar, 2011
Video frå treningskampen til Rosendal
Lars Johan har redigert og lagt ut på facebook, video frå 1-1 kampen mot Norheimsund. Klikk deg vidare for å sjå høgdepunkta.
04. Mar, 2011
Rosendal viste gode takter
Rosendal sitt herre a-lag spelte igår treningskamp mot Norheimsund. Dei spelte i 3x30 minuttar og kampen enda 1-1. Rosendal viste gode takter gjennom kampen og det vert spanande å fylja laget i sesongen.
03. Mar, 2011
Treningskamp for A-laget
01. Mar, 2011
Styret i Fotballgruppa 2011
Styret i fotballgruppa er klart. Kjell Ove Underhaug tek eit år til som leiar, noko som er gledeleg. Vidare er Edle Lomheim og Hildegunn Furdal komen inn som styremedlemer. Vi ynskjer fotballgruppa lukka til med sesongen.
24. Feb, 2011
Facebooksida vår er stengt, men vi har ei ny!
Då er det same skjedd for Rosendal Turnlag si FB-side som aviser rundt om i kommunen, vi er stengt ute. Dette på grunn av at sida var ei "personlig side". Alle som var ven med Rosendal Turnlag må no bli dette på nytt.
Klikk deg vidare for å vera med oss att;)
16. Feb, 2011
Invitasjon til Solid Bendit Cup 2011
IL SOLID ønsker i samarbeid med BAMA, å invitere til Bend It Cup Nysæter kunstgressbane i Sagvåg. Lørdag 2.og søndag 3. april 2010.
16. Feb, 2011
Sølvvinnar i G16 på Husnes
Gutar 16 var i helga på cup på Husnes. Dei spelte seg til ein flott andre plass i cupen som Odda vann. Les meir om cupen på Trio sine heimesider.
15. Feb, 2011
Fotballkretsen feira 100 -års jubileum
Hordaland Fotballkrets feira laurdag 12. februar at dei runda 100 år. Det vart ei fin markering. Først var det kretsting, der Kjetil Næs frå Rosendal Turnlag vart gjenvalgt som nestleiar, om kvelden var det ein flott jubileumsmiddag. Rosendal Turnlag hadde tre utsendingar, desse var Kjell Ove Underhaug, Arvid Nes og Leif Sverre Enæs.
14. Feb, 2011
Pengegåve til idrettstalent
Anders Bennæs er ein svært lovande friidrettsutøvar. Han har imponert så mykje at ein pensjonist i Rosendal torsdag overrekte 10.000 kroner til talentet.
Søren Herlof Albrethson (72) føreslo i desember Anders Bennæs til Grenda si kåring av årets namn i Kvinnherad, mellom anna på bakgrunn av hans strålande resultat under eit ungdomsstemne på nasjonalarenaen Bislett. Då Bennæs ikkje kom med i finaleheatet i kåringa, fann Albrethson ut at han ville visa støtte på anna vis. I eit hektisk friminutt på Rosendal ungdomsskule torsdag, overrekte han ein konvolutt med 10.000 kroner i.
31. Jan, 2011
Barnefotballkveld
Hordaland Fotballkrets har lag eit opplegg på korleis klubbane kan gje eit best mogleg opplegg for barnefotball (6-11 år) lokalt. Rosendal fotball søkte og har fått bekrefta at vi kjem med på opplegget. Dette er berekna på leiarar, trenara, samt foreldre som har ansvar for barn i den alderen. Håpar at alle kan stilla. Kurset er i Rosendal Samfunnshus 16. mars.
31. Jan, 2011
I anledning Hordaland Fotballkrets' 100 års jubileum lyser vi ut en stor fotokonkurranse!
HFK ønsker å få tilsendt aktivitetsbilder fra tidligere fotballsesonger. Har du et blinkskudd av spillere, trenere, tilskuere eller dommere i aksjon - enten fra nyere tid eller fra "gamle dager", oppfordrer vi deg til å delta i konkurransen!!!
28. Jan, 2011
Invitasjon til innandørs-cupar på Husnes
Trio arrangerar fleire innandørs-cupar ut gjennom vinteren for aldersbestemt fotball. Klikk deg vidare for å sjå dato for cup og påmeldingsinformasjon.
27. Jan, 2011
Sonesamling i Haugesund
Lørdag 22. januar var sone sunnhordland samla på Sakkestad i Haugesund, til kampar mot team Haugesund sparebank/htf satsinga sine lag. Kampane foregjekk inne på kunstgrass i Haugarhallen, der ein spelte 8 mot 8 i 3x25min omg.Frå Rosendal var Hermund Døssland med på G97, Sondre Eskeland på G96, Julie S Olsen J97. Kari Bråtun, Katrine Y Røssland og Tina Skår var på J96.
25. Jan, 2011
Rosendal Turnlag på utviklingskveld
Torsdag kveld var ni personar frå styret i Turnlaget på utviklingskveld med Arne Njøten. Dette var andre kvelden på kort tid Njøten kom til Rosendal for å kurse styret. Her vart framtida til Turnlaget diskutert med både korte- og langsiktige mål.
21. Jan, 2011
Ny dato for karusellrenn
Karusellrennet i Fjellhaugen vert arrangert tysdag 25.01.
Barnerennet startar klokka 18:00.
Klassisk renn klokka 18:30.
20. Jan, 2011
"Utviklingskveld" med Arne Njøten
Rosendal Turnlag inviterer til "utviklingskveld" med Arne Njøten. Her skal framtida til Rosendal Turnlag diskuterast. Vi oppmoar alle som er interessert i Turnlaget om å stilla.
Stad: Rosendal Ungdomsskule, klasserom 1
Tid: Torsdag 20/01, klokka 18:00 - 21:00.
Det vert enkel servering.
19. Jan, 2011
Sonesamling for fotball i Haugesund lørdag 22. januar
Desse Rosendalspelarane er tatt ut på samling som vert avikla i Haugesundhallen.
Gut f.96 - Sondre Eskeland.
Gut f.97 - Hermund Døssland
Jenter f.96 - Silje Øyre, Tina Skår, Helene Skåla, Kari Bråtun, Kathrine Yri Røssland
Jenter f.97 - Julie Skeie Olsen
Rosendal Turnlag gratulerar, og ynskjer alle lukke til.
17. Jan, 2011
Skirenn AVLYST
Grunna været og føret i løypa og på vegen er skirennet i Fjellhaugen avlyst i dag.
16. Jan, 2011
Banen er grøn att
Det nye brøyteskjæret som Rosendal Turnlag har kjøpt inn og bygd om, fungerar utruleg bra. Torsdag vart den testa for første gang, og resultatet vart veldig bra. Så no kan vi få gode treningstilhøve, sjølv om det kjem meir snø i vinter. Bilete er teke ca. ein halvtime etter brøyting.
14. Jan, 2011
Nytt brøyteskjær
Når vinteren kjem med så mykje snø som die to siste vintrane krevst det skikkeleg brøyteutstyr. Rosendal Turnlag har no skaffa seg nytt brøyteskjær, som vi har bygd om ein del. Det skal verte spanande å sjå kor godt den tar snøen. Vi takkar Tore Nerhus for flott dugnadsjobb med ombygginga.
13. Jan, 2011
Herre A-laget er igang med treningane
Rosendal sitt A-lag på herresida er kome bra igang i det nye året. Lars Johan Myklebust har overteke som hovudtrenar og han har med seg ordførerkandidat Leif Sverre Enes, som hjelpetrenar. Dei har fått ein ny flott giv i laget.
12. Jan, 2011
Husk å send inn bidrag til årsmeldinga!
Fristen er gått ut, så dersom du ikkje har skrive ditt bidrag til årsmeldinga enno må du vera rask for at det skal kome med. Sigurd vil ha det skriftlege i word.
Tabellar MÅ sendast i PDF format.
Send ditt bidrag til kvinnherad@a1grafisk.no
Frist: Utgått
06. Jan, 2011
Skitrening på skøyter
Skitreninga i morgon (tysdag) vert på skøyter på Rosendal Stadion klokka 17.00.
03. Jan, 2011
Islagt idrettsbane
Det er no sprøyta vatn på løpebanen og halvrundingen mot samfunnshuset, der det skal bli ishockeybane. Så no kan det bli god, gammal skøyestemning på Rosendal Stadion. Det er Åsmund Mehl og Svein Jarle Mehl som har vore drivkreftene for å få det til, flott gjort.
30. Dec, 2010
A-Lag Herrer
Måndag 20. desember var det spelarmøte i Rosendal. Kjekt å sjå at 21 spelarar møtte opp. Det kan gå mot ein spennande og interessant sesong for Rosendal A-lag herrer om alt fell på plass. Sjølv om det endo ikkje er underskrive noko, har følgande sagt seg villig til å vera med på visse vilkår: Lars Johan Myklebust og Leif Sverre Enes på trenarsida, her jobbar me med ein til.
23. Dec, 2010
Husk å meld deg på aktivitetsleiarkurset
Vi minne5 om aktivitetsleiarkurset i Rosendal 11. og 15.-16. januar. Dette er svært viktig å få med seg for alle som jobbar med born og unge. Ta kontakt med Arvid Nes for meir info og påmelding: 48 22 80 26, arv-ne@online.no
23. Dec, 2010
30.000,- til hjartestartar frå Gjensidige Stiftelsen
Rosendal Turnlag er innvilga kr 30.000,- av Gjensidige Stiftelsen til kjøp av hjartestartar. Vi takkar Gjensidige Stiftelsen for gåva. Litt utpå nyåret vil vi ha ein hjartestartar i området rundt stadion.
22. Dec, 2010
Spelarmøte herre A-lag
Det vert spelarmøte i "fotballrommet" på Samfunnshuset i kveld (mandag) klokka 18:30! Alle spelarar (nye og gamle) er velkomne til møtet.
20. Dec, 2010
Vinnarar av julelotteriet til fotballgruppa - Rosendal Turnlag
1.gev. - Julemat for 2000kr - Olger Leganger
2.gev. - Julemat for 1000kr - Olger Leganger
3.gev. - Ekstra stor Kong Håkon konfekt - Sylvi Seglem
4.gev. - Ekstra stor Kong Håkon konfekt - Reidar Fagerland
5.gev. - Stor Kong Håkon konfekt - Torild Pedersen
6.gev. - Stor Kong Håkon konfekt - Ida Røssland
Rett trekking, 19.12., ved Torgeir Fosse.
Rosendal T.L. fotball takkar alle som kjøpte lodd. Som de ser vann samme person både 1. og 2. gevinst i to forskjellige loddbøker, det må seiast å være eit bra lykkekjøp av lodd.
20. Dec, 2010
Tid for årsmelding - RoTuLa
Det nermar seg tid for å sende bidrag til RoTuLa. Dei skal også i år sendast til Sigurd i A1 Grafisk. Dersom de har med bilde er det fint. Gje dei same namn som den skriftlege fila, dersom det er fleire berre gje dei nummer. Dette er for at det ikkje skal gå i surr med bilde. Bildefila kan vera i dei vanlege filformata, men pass på at det er brukande oppløysing.
03. Dec, 2010
Kristorn og julanek på Jul i Rosendal
Skal du ha kristorn eller julanek til jul? Dersom svaret er ja, tek du turen til Rosendal Turnlag fotballgruppe si julabod på Jul i Rosendal. Der vert det høve til å kjøpe begge deler, og du støttar fotballgruppa med nokre kroner!
24. Nov, 2010
Johnny Furdal skal møte Brann
På fredag skal eit saamansatt lag av 2. og 3. divisjonsspelarar spela kamp mot Brann. Det har vore ei avstemming på kven som får spela. Johnny Furdal er ein av dei 60 som var nominerte som får sjansen. Troppen består av 18 spelarar.
22. Nov, 2010
Vinnarar av fotball-lotteri 2010
Rosendal T.L. vil takka alle loddkjøparar som bidrog til eit kjempeflott resultat. Det vart seld lodd for 40 000 kr. Tusen takk til alle bedriftene som bidrog med gevinstar: Expert Rosendal, Gullsmed Eide, VPS, Kvinnherad Bygg, Grenda, Kulør, Tilbords Rosendal, Rosendal Sko, Rosendal Turisthotell, Felleskjøpet, Hårfin, Stemning, Sparebank1 SR bank Kvinnherad, Rosendal Bokhandel og Eldbjørg Kristiansen.
Klikk deg vidare for å sjå vinnarane.
22. Nov, 2010
Fotballavslutning i fullsatt sal
Søndag var det duka for fest i Samfunnshuset. Fotballsesongen 2010 vart avslutta med premiedryss, kaker og kaffi. Rundt 300 var tilstades under festen, med andre ord var det ein fullstappa sal. Løv-Ham spelar Anders Næs og kjærasten Tina Algrøy, som spelar på Arna Bjørnar sitt toppserielag, stod for utdelinga av premiane.
22. Nov, 2010
Premieutdeling Kvinnheradkarusellen på ski 2010
Det vert premieutdeling for Kvinnheradkarusellen på ski i Kantina på Malmanger skule onsdag 24.11.2010 kl. 19.00. Vaksne frå R.T. møter kl. 18.30.
Utanom premieutdeling blir det kaffi, saft, kaker og utlodding.
Det er hyggeleg om det kjem fleire deltakarar enn dei som skal ha premie.
19. Nov, 2010
Fotballavlsutning
Hugs fotballavslutning for året på søndag 21. november kl. 15:00, for laga 10 år til og med 16 år. Ta med føresette, søsken, besteforeldre og andre, og få ein fin søndagsettermiddag i Rosendal Samfunnshus.
Program:
Mat; brus og pølse til born, kaffi og kaker til voksne. Alt er gratis.
Medaljeutdeling
Åresal med flotte gevinstar
Trekking av haustlotteriet
Velkommen til alle
16. Nov, 2010
Stem på Johnny Furdal
Brann skal spele treningskamp mot eit samansatt lag fra 2.- og 3. divisjonsklubbane i Hordaland. Sparebanken Vest har gått inn som sponsor for motstanderlaget.
Fredag 26. november møtes Brann og Sparebanken Vest-laget til treningskamp i Vestlandshallen. Kven som spelar på motstandarlaget er det du som kan avgjera. Johnny Furdal er einaste lokale spelar som kan stemmast på. Klikk deg vidare og stem!
16. Nov, 2010
Fjelltrimåret 2010
Fjelltrimåret 2010 er eit av dei beste fjelltrimåra gjennom tidene. I 32 år har fjelltrimmen pågått, og året 2010 er det tredje beste i antal besøk på toppane.
15. Nov, 2010
Aktivitetsleiarkurs i Rosendal
I midten av januar vert det aktivitetsleiarkurs i Rosendal. Datoane er satt til 11.januar og 15.-16. januar. Meir informasjon kjem seinare.
10. Nov, 2010
Fotballfesten - påmelding
Det er enno eindel som ikkje har meldt seg på fotballfesten komande laurdag. Dersom du har gløymt det så ring Arvid på tlf. 48 22 80 26 så snart som råd og meld deg på.
09. Nov, 2010
Andreplass på Smalahåvecupen
Oldboysane vann 4 av 5 kampar på Smalahåvecupen i år. Erdal slo oss 2-1 i nest siste kamp og dermed vart det andre plass. Vi hadde ei flott helg på Voss, og vi fekk oss pokal i år og.
08. Nov, 2010
Anders avgjorde for Løv-Ham
Løv-Ham vann 3-2 borte mot Strømmen. Dermed er dei klare for kvalifisering til tippeligaen. Anders Næs ordna med 3-2 målet og vart dermed matchvinnar.
07. Nov, 2010
J14 finale: Trio - Rosendal
Jentene tapte på corner. Stillinga var 1-1 ved full tid, då var det cornera som skulle avgjere det heile. Her hadde Trio ein corner meir enn Rosendal, dermed er Trio mestera i J14 2. divisjon. Vi gratulerer. Kampreferat finn du her på Trio sine sider: http://www.il-trio.no/no/nyheter/2702/
07. Nov, 2010
Minibuss til jenter 14 finale på Husnes på søndag
Det er satt opp minibuss til meisterkampen på Husnes på søndag! Bussen går frå Samfunnshuset klokka 13:00 og kostar maks 50 kroner tur/retur pr. person. Bussen har plass til 16 stk så her er det første mann til mølla prinsippet som gjeld. Eventuelle spørsmål kan rettast til Øyvind Lernes tlf: 91511468.
05. Nov, 2010
Tenkjer ut framtida for turnlaget
Rosendal Turnlag har starta prosessen med å staka ut kursen for åra framover. Å tilsetja dagleg leiar er blant dei sentrale diskusjonspunkta. Måndag kveld var representantar for Rosendal Turnlag på «framtidskveld» under leiing av Arne Njøten frå Hordaland Idrettskrets. Njøten spurde fyrst forsamlinga kor godt dei trudde turnlaget var førebudd på framtida.
04. Nov, 2010
Legg turen til Husnes på søndag!
Om det er lang eller kort tid sidan sist du var på Husnes, så er fyrstkommande søndag tida for å ta turen til ytre luten på nytt! Då er det som kjend meisterfinale for J14 mot Trio klokka 1400. Møt opp og hjelp jentene til nok ein siger!
04. Nov, 2010
Endring på kamptidspunkt - meisterfinale
Finalen på Husnes mellom Rosendal og Trio er flytta frå 15:00 til 14:00!!
Møt opp!!
03. Nov, 2010
Meisterfinale på Husnes
Kampen om meistertittelen i 2. divisjon jenter 14 går mot Trio på Kvednabekkjen. Kampstart klokka 14:00 på søndag den 7. november! Ta turen og hjelp jentene til siger!
01. Nov, 2010
Smalahåvecup 2010
I tradisjon tru reiser oldboysane på Smalahåvecup på Voss til helga. I 2009 vann rosendalslaget si pulje og vil i år prøve det samme. Kampoppsett finn du ved å klikke deg vidare.
01. Nov, 2010
Tildelt 60 000,- frå sparebanken
Rosendal Turnlag er tildelt kr 60 000,- som skal brukast til innbyttarboder på grasbanen. Vi er hjartans takknemlige for gåva frå banken, takk.
01. Nov, 2010
Trio vert motstandaren til Rosendal jentene
Då er det duka for lokaloppgjer om mestertittelen i jenter 14 2. divisjon. Trio låg under 3-1 mot Arna Bjørnar på bortebane, men dei greidde å kjempa seg til eit 3-3 resultat. Dermed var det også her cornera som skulle avgjera kampen. Trio slo til med 6-3 i cornera og dei er og klare for finale, gratulera. Finalen går på neste sundag, truleg på Husnes, vi gler oss!!
31. Oct, 2010
Jenter 14 vidare til mesterfinale!
Jenter 14 spelte ein strålande semifinalekamp idag. Hald/Telavåg/Skogsvåg kom frå Bergen med 107 pluss mål frå serien i bagasjen og dei har vunne alle kampane i si pulja. Jentene våre spelte ein god kamp som enda 1-1.
30. Oct, 2010
Møt opp på meisterkamp på laurdag
Jenter 14 spelar som kjend om meistertittellen i sin divisjon i fotball. På laurdag klokka 13:30 er det klart for semfinale mot Hald\Telavåg\Skogsvåg på kunstgraset i Rosendal. Møt opp og hjelp jentene til finalen. Det vert open kiosk og god stemning. Ein eventuell finale går sundag 7. november.
26. Oct, 2010
Lagmeisterskap i friidrett
Søndag 24 oktober arrangerte Rosendal Turnlag lagsmeisterskap i friidrett
for jenter og gutar i alderen 10-19 år. Det vart konkurrert i 5 øvingar.I tillegg vart det arrangert 60 meter og lengde for rekruttar 6-9 år. Trass i ein kald start på dagen stilte heile 50 born til start og mange deltok i alle øvingane.
25. Oct, 2010
Trenar og lagleiarmøte
Tid: Tysdag, 2. november, kl.18:00
Stad: Rosendal Samfunnshus, rom 208 (rom på hjørna, 2.etg mot Rådhuset)
Saksliste
Sesongen 2010
Sportsleg
Utstyr - ballar, laga sitt ansvar
Innlevering av drakter, ferjekort, nøklar, m.m.
Rydding i skap og rom
Reglar for bruk av garderobar og gymsal
Tildeling av tid for laga i gymsal
Tilbod om teknisk trening, samt keepertrening
Avslutningsfestar 2010
Årsmeldingar for 2010
Kursbehov trenarar/leiarar
Bruk av nettside og videokamera
Eventuelt
Sesongen 2011, idear og tankar om neste år
Vel møtt til alle!
Alle laga bør vera med på møte.
Helsing Rosendal T.L. fotball
22. Oct, 2010
Skisamling, barmarkstrening 29. - 31. oktober
Det blir samling med overnatting for skigruppa helga 29. - 31. oktober på Røde Kors hytta på Fjellhaugen. Her blir det sosialt moro og treningsøkter.
Pris pr. deltakar ca kr. 200 (inkluderar overnatting og mat).
Påmeldingsfrist innan lørdag 23. oktober til Helge Furdal tlf 99512585.
Meir info vert sendt ut seinare til påmelde
mvh
Skigruppa
20. Oct, 2010
Endeleg er garderobane ferdige
Endelig er garderobane i Rosendal Samfunnshus ferdig oppussa, og kan takast i bruk. Dei har fått eit flott løft, nye dusjar og nye løysningar. Garderobane ser veldig bra ut, og det var på høg tid det vart gjort noko sidan dei gamle var nedslitte etter 28 års bruk. Det manglar enno benkar, men dei kjem på plass i veke 44.
18. Oct, 2010
Meisterkampen for jenter 14 er flytta
Kampen om meistertittelen i jenter 14, 2. divisjon, er flytta til 30. oktober klokka 13:30. Då kjem Hald\Telavåg\Skogsvåg til Rosendal for å spela semifinale. Finalen går allereie dagen etter.
17. Oct, 2010
Endeleg to etterlengta sigrar
Smågut -97 vann i helga 8-3 borte mot Søre Neset. Sist helg vann dei 5-2 borte mot Smørås. Dette er to etterlengta sigrar, for eit lag som har slitt litt denne sesongen. Med litt byting av plassar for spelarane på banen, så blei det plutseleg eit vinnarlag. Gutane storspelte i desse to kampane, og dei står alltid på, sjølv om det har vore stang ut i dei fleste kampane.
13. Oct, 2010
Fredagstrening vert onsdagstrening
Fotballtreninga som er på fredagar, som er ei frivillig ekstratrening for alle spelarane, tar ein pause. Den startar opp att onsdag 3. november, kl.17:30 - 19:00. Me blir ute så sant været tillet det, og i gymsalen om været skulle vera dårleg. Dette er eit viktig og godt treningstilbod, så me håpar at mange blir med. Dette er eit tilbod for både utespelarar og keeper.
Møt opp.
11. Oct, 2010
Heimetap med mykje liv på tribunen
Topplaget Valestrand/Hjellvik vitja stadion på laurdag. Dei hadde som vanleg med seg ein stor supporter delegasjon som stod for eit rørande liv på tribunen. Rosendal gjekk i leiing med 1-0 etter ein flott scoring av Kjetil Helvik.
11. Oct, 2010
Fin miniavslutning
Minilaga avslutta fotballsesongen i kveld. Normalt er den arrangert i vestibylen i samfunnshuset, men pga dobbelbooking vart den flytta til kantina i rådhuset. Spelarane som var rundt 70 stk, starta festen med pølser og brus.
05. Oct, 2010
Torsdag tok Idrettsskulen til att
Torsdag tok Idrettsskulen til att. Over 20 forventningsfulle ungar var klar for instruksar frå trenar Tone Fredheim Mælen. Treningstida er fast torsdagar frå kl 18 - 19. Alle frå 1 - 4 klasse er velkomne.
04. Oct, 2010
Resultat Kvinnheradløpet
Resultatliste for Kvinnheradløpet 2010 er lagt ut. Du finn dei ved å klikka på "Kvinnheradløpet" i venstremargen. Oppdatert bestetider er og lagt ut.
04. Oct, 2010
Vinnarar i fotball, jenter 14
For Jenter 14 år er det 4 avdelingar i Hordaland. Rosendal og Trio har begge gode lag i denne aldersgruppa. Rosendal har vunne avd. 3 og Trio avd. 2. Dei skal ut i semifinalekampar om å verte kretsmeister i 2. div. i Hordaland. Dei unngjekk å møte kvarandre i semifinalen. Rosendal møter Hald/Telavåg/Skogsvåg heime, og Trio møter Arna Bjørnar borte. Vinne begge, blir det rein Kvinnherad finale, og det har aldri hendt før. Kampane i semifinalen er satt opp til 23. oktober.
01. Oct, 2010
Kvinnheradløpet 2010
På sundag er det klart for Kvinnheradløpet igjen! Vi ynskjer alle som deltek ein god tur og håpar på nokolunde vêr. Klikk deg vidare for meir informasjon
30. Sep, 2010
Jenter 14 vann 5-2
Jentene vann 5-2 heime mot Fana 2 igår. Dermed er dei puljevinnarar og skal seinare ut i kamp om kretsmeisterskapet. Vi gratulerer!
29. Sep, 2010
Jenter 14 spelar viktig kamp i dag
Jenter 14 som leiar si gruppe, skal i kveld klokka 18:30 spela heime mot Fana Fotball 2. Kom og hjelp jentene til nok ein siger som kan gjere dei til kretsmeistrar i haust!
28. Sep, 2010
Oppstart til Idrettsskulen
Starter fyrstkommande torsdag 30.09.2010 kl. 1800-1915 på idrettsbanen. 1.-4. klasse. Tider og kva vi skal gjere på vert lagt ut seinare.
Helsing Tone Fredheim Mælen
28. Sep, 2010
Seriedagen for minigutar 10 år
Forrige onsdag arrangerte Rosendal seriedag for minigutar 10 år. Då samlast alle 10 års laga i området og spelar eindel kampar mot kvarandre.
28. Sep, 2010
Tap for damene, etterlengta siger for herrane
Damene gjekk på eit 1-4 tap heime mot oppryksrivalen Fyllingen. Dermed må damene vinna mot Bergen Nord/Hovding og Fyllingen tape mot Skjergard i siste kamp for at det skal verte opprykk. Herrane vann 3-1 heime mot Voss 2 i sin kamp i helga.
27. Sep, 2010
Lillegut 11 laget hadde torsdag besøk av Halsnøy i årets nest siste heimekamp.
Vi var ikkje med frå start i kampen, og det var fullt fortent då Halsnøy gjekk opp til 1-0 midt i første omgang. Etter dette kom vi meir med, og Kristian knalla inn 1-1 ei stund etter. Torgeir følgde opp med nok eit mål, og vi leda noko ufortent 2-1 til pause.
27. Sep, 2010
Bot til Stord
Hordalad Fotballkrets har gitt Stord 3 gutar 14 år ei bot på kr 2000,- for å ha nytta to spelarar som var eitt år for gamle, i kampen mot Rosendal 21. august. Kampen gjekk i Rosendal, og Stord vann 2-0. Dei fekk behalde poenga.
27. Sep, 2010
God innsats på Kvinnheradsmeisterskapet i friidrett - Resultatlister er lagt ut!
Med 29 deltakarar på KM i friidrett stilte også år Rosendal TL med den største kontingenten. Dårleg ver laurdag gjorde at det kun var mogleg å gjennomføre diskos denne dagen. Resten vart flytta til søndag. Det vart
gjennomført i alt 6 øvinger. Det vart i år ikkje arrangert stafettar. Rosendalsgjengen gjorde det sterkt.
23. Sep, 2010
Uavgjort mot topplaget
Gutter 14 år frå Rosendal/Uskedal var tysdag 21. september på Fitjar og spelte seriekamp. Dei spelte ein bra kamp, og hadde presset på topplaget i store delar av kampen. Fitjar hadde ein god keeper som tok det meste, og om ikkje han redda så strauk ballen stengene. Fitjar tok ein heldig leiing i 2.omgang, men noken minutt seinare skaut Sondre Eskeland eit langskot i mål. Resten av kampen pressa Rosendal stort, men det vart ikkje fleire mål og kampen enda 1-1.
22. Sep, 2010
Kampoppsett til miniturnering på Husnes
Oppsettet er klart for miniturneringa på Husnes til helga. Klikk deg vidare for lenke til oppsettet.
21. Sep, 2010
Toppkamp på sundag
På sundag klokka 17:00 bør du stilla opp på stadion dersom du er fotballinteressert. Då møter damelaget Fyllingen som ligg tre poeng bak Rosendal. Rosendal leiar idag gruppa med 31 poeng.
20. Sep, 2010
Anders avgjorde for Løvene
I ein kamp der bortelaget skulle hatt mange mål, var det kun Anders Næs som greidde å overlista Follo sin målvakt. Dermed vart Anders matchvinnar i borteoppgjeret, vi gratulerar.
20. Sep, 2010
Avslutningsfestar - fotball
Avlutningsfestane for fotballgruppa er fastlagt.
Minilaga, frå 9 år og nedover, 5.oktober klokka 17:30 i vestibylen i samfunnshuset.
Trenarar, oppmenn og vaksne spelarar vert på Løfallstrand skule 13. november.
For ungane, aldersbestemt fotball, vert det i samfunnshuset 21. november
17. Sep, 2010
Seriekveld i Rosendal
Onsdag 22. septeber er det klart for seriekveld for gutar 10 år i Rosendal.
17. Sep, 2010
Lotteri
Rosendal T.L. Fotball startar no opp med det årvissa haustlotteriet, med mange flotte gevinstar. Håpar alle støttar oss med loddkjøp i år og. Dette er eit lotteri som har vore lett å selja. Har du lyst å vere med å selja lodd privat eller på arbeidsplassen, ta kontakt med Arvid Nes: mob. 48 22 80 26
15. Sep, 2010
Invitasjon miniputtcup på Husnes
Fotballgruppa i IL Trio inviterer med dette til miniputt-turnering for klassar opp til 9 år på Kvednabekkjen søndag 26. september. Start ca kl 09.30, avslutta ca kl 16, avhengig av påmelding. Det blir klassar for 2001, 2002, 2003 og viss mogleg 2004 + jenteklasse 2000 for dei ulike årgangane. Viss det ikkje let seg gjere med reine jenteklassar, spelar reine jentelag i ein årsklasse yngre. Oppmodar elles om å melde på i korrekt klasse og unngå overårige spelarar. Oppmodar også om å legge opp til færrast mogleg innbyttarar på laga.
14. Sep, 2010
Det er snart klart for Kvinnheradløpet
Sundag 3. oktober er det atter klart for årets Kvinnheradløp. Statistikkane er no oppdatert i tillegg så er det lagt ut oversikt over kven som skal ha 5-, 10- og 20- års merket i år. Klikk deg inn på "Kvinnheradløpet" på i venstremargen for meir informasjon.
14. Sep, 2010
4 på rad for Lillegut 11
Lillegut 11 laget fortsetter med storspelet, og på torsdag var det Odda raud som fekk unngjelda på grasbanen i Rosendal. Kampen starta forsiktig, men vi tok snart grep om kampen og rulla opp det eine angrepet etter det andre utover i omgangen. Utteljinga stod ikkje i stil noko vinden og må ta litt skulda for. Etter å ha brent fleire 100% sjansar løsna det endelig 5 minutt før pause då Ian banka inn 1-0 frå nesten død vinkel.
13. Sep, 2010
G14 sigra over Moster
Tysdag var Rosendal/Uskedal til Moster og spelte seriekamp. Dei presterte mykje bra spel på ein flott kunstgrasbane. Rosendal/Uskedal vann heile 9-3.
08. Sep, 2010
Seriekveld i Rosendal for G10
Rosendal inviterer laga i G10 klassen til seriekveld, onsdag 22. september, kl.18:00. To kampar på kvart lag. Kampane varer i 2x15min. Fem utespelarar + keeper.
Håpar at det vert ein flott fotballkveld for alle.
Påmelding innan onsdag 15. september, til Arvid Nes: arv-ne@online.no, tlf. 48 22 80 26.
07. Sep, 2010
Storspel av Lillegut 11
Lillegut 11 har spela 3 kampar sidan sist oppdatering, og det har gått over all forventning. 10 juni var vi på Halsnøy til siste kamp før ferien. I starten av kampen såg ut som om vi allerede hadde tatt sommarferie, og Halsnøy gjekk tidlig opp til 1-0. Dette vekte gutane, og Kristoffer utlikna like etter til 1-1. Utover i kampen tok vi meir og meir ver spelet, og 3 nye mål av Kristoffer, Kristian og Ørjan gjorde at vi til slutt kunne reisa heim med ein fortent 4-1 siger.
02. Sep, 2010
Kampoppsett til HeioCup
Då er kampoppsettet klart for sundagens HeioCup. Oppsettet ser bra ut. Dersom det er nokon som ser feil eller manglar må dei straks ta kontakt med Odd Steinar Arnesen i Uskedalen.
02. Sep, 2010
Friidretten startar opp att
Friidretten for 4. klasse og oppover er startar opp att på
tirsdagar kl 18.00 - 19.15.
Kvinnheradsmesterskap er 18. og 19. september på Husnes Idrettspark.
Idrettskulen er ikkje heilt klar enda, vi kjem tilbake med dato for oppstart.
01. Sep, 2010
Damekamp avlyst
Kampen som skulle gått i morgon, laurdag, mot Skjergard er avlyst. Skjergard kan ikkje stilla lag og dermed er det 3 poeng til Rosendal.
27. Aug, 2010
G14 vann 4-3 borte mot Solid
Rosendal leia 4-0 etter første omgan i denne 7'ar kampen. Dei spelte ein god første omgong. Andre omgong vart meir spanande en forventa og Solid putta 3 mål før dommaren blåste av kampen. Dei som laga måla var; Håvard Furdal 2, Sondre Eskeland og Hermund Døssland.
27. Aug, 2010
Bittert 3-4 tap for A-laget
A-laget tapte 3-4 mot Fusa heime på graset i dag. Det såg lenge lyst ut etter at Tommy Røssland satte inn sitt tredje for dagen og ordna 3-2 til Rosendal. Men det skulle ikkje bli siger i kveld heller.
25. Aug, 2010
OBS OBS! A-kampen flytta fram til 19:00
På grunn av lysforholda i kveld er kampen flytta fram eit kvarter. Kampstart mot Fusa er kl. 19:00.
25. Aug, 2010
Fredagstreningane i fotball startar att
Kvar fredag klokka 17:30 - 19:00 er det trening for alle aldersgrupper på kunstgrasbanen. Det er bare å stilla med treningsklede og fotballsko. Teknikktrening er det det vert lagt mest fokus på på desse treningane.
23. Aug, 2010
Damelaget vann 6-1 borte
Damelaget vann heile 6-1 borte mot Vestsiden-Askøy/Follese 2.
23. Aug, 2010
Flytting av A-lagskamp
Kampen til a-laget mot Fusa, som skulle gått komande laurdag, er framskynda til komande onsdag. Då får vi håpa at dei får revansjera 7-2 tapet mot Sandviken.
22. Aug, 2010
Heio cup 2010
Uskedalen Idrettslag inviterer til Spar Heio-Cup, søndag 5. september.
Det vil bli følgjande klassar:
Gutar/Jenter fødd 2000
Gutar/Jenter fødd 2001
Gutar/Jenter fødd 2002
Gutar/Jenter fødd 2003
Gutar/Jenter fødd 2004
20. Aug, 2010
Oppstart for minigut 9 år
Minigutar 9 år startar treningane på mandag 23.08 klokka 17:30! Vel møtt
16. Aug, 2010
Videosnuttar NC 2010
Då er det lagt ut snuttar frå dei to siste dagane i Norway Cup! Gå i menyen til venstre under "Norway Cup 2010" og sjå!
06. Aug, 2010
Live: Gutar 14, Rosendal - Ølen 1
Då er det snart klart for Rosendal gutar 14 sin 16/dels finale i B-sluttspelet. Dei spelar mot Ølen kloka 09:00.
Vi håpar vi skal få til live oppdatering, men idag regnar det og då kan det bli litt vanskeleg å stå på sidelinja med pc-utstyret. Vi køyre opp og ser.
05. Aug, 2010
LIVE: Jenter 14, Rosendal-Gneist - 16-dels finale
Då er det snart klart for jentene sin 16. dels finale mot Gneist. 18:00 er kampstart. Jentene har i vår spelt seriekamp mot Gneist, men då mot Gneist 2. Då vann jentene med eitt mål. Gneist laget som er her er einar-laget og er nok hakket kvassare enn laget dei møtte i serien. Vi ynskjer jentene våre lukka te!
Været er flott her i dag og!
04. Aug, 2010
Oppsummering etter tredje dag
Då var puljespelet over. Jentelaget går til A-sluttspel med, gutar 14 til B-sluttspel medan gutar 13 er ferdige for denne gongen.
Kampoppsettet kjem vi attende til, men jentene spelar truleg i morgon klokka 18:00 mot Gneist! Gutane torsdag morgon klokka 09:00.
Videoar er lagt ut på nettet, du finn dei i venstremenyen under Norway Cup 2010
03. Aug, 2010
Live gutar 13, Rosendal-Skedsmo
Grunna litt fram og tilbake og sein kamp vil denne kampen bli oppdatert frå Oslo, men ikkje frå Sletta. Vi held dykk oppdatert på mål via telefon frå Sletta
03. Aug, 2010
LIVE: Jenter 14, Rosendal-Zimbabwe
Då er det straks klart for jentene sin siste puljekamp. Zimbabwe er motstandard, dei har 0 poeng etter 2 kampar så dette bør gå greitt. Oppvarminga er igang i strålande solskinn.
03. Aug, 2010
Live: Gutar 14, Rosendal - Vålerenga 1
Då er det klart for siste puljekamp for G14. Gutane har sove godt og er klare for ein hard kamp mot favorittlaget, Vålerenga.
03. Aug, 2010
3 avgjerande kampar idag
Då er vi komen til den tredje cup dagen. Jentelaget er sikra A-sluttspel og kjempar om puljesiger. Gutar 14 har sjanse på A-sluttspel om dei slår Vålerenga og Gutar 13 kan greie B-sluttspel om dei vinn over Skedsmo idag. Så som de ser vert det spanande idag og!
03. Aug, 2010
Oppsummering etter dag to i Norway Cup
Då er dag to i Norway Cup over. Gutar 14 tapte sin kamp mot Løten medan Jenter 14 vann sin kamp 2-1 over Hadeland.
02. Aug, 2010
LIVE: Jenter 14, Rosendal-Hadeland
Då er det snart klart for ein spanande kamp. Dersom jentelaget vinn denne kampen er det mykje som skal til for at dei ikkje skal nå A-sluttspelet.
Kampstart 16:30
02. Aug, 2010
Rosendal TL på radio NRK Hordaland
Maylin, oppmann til jentelaget til Rosendal, skal mellom kvart på fem og fem intervjuast på radio hordaland, P1. Dersom du ikkje får inn P1 distrikt, kan du gå på nettet her: http://nettradio.nrk.no/default.php?kanal=p1
02. Aug, 2010
Live: Gutar 14, Rosendal - Løten
Då er vi her! Etter litt att og fram fann vi fram, stillinga er 0-0
02. Aug, 2010
Ny dag nye sjansar!
Då er det snart tid for kamp igjen! Gutar 14 spelar klokka 09:00 mot Løten/Nordbygda medan jenter 14 spelar mot Hadeland klokka 16:30. Gutar 13 har fri i dag etter to kampar igår.
Det er tydeleg at det er interesse for Norway Cup heime, 324 unike treff hadde turnlaget på sidene igår, noko som er ny rekord!
02. Aug, 2010
Oppsummering etter fyrste dag på Norway Cup
Då er heile fire kampar avgjort. Jenter 14 vann 6-0 over Vålerenga, G13 tapte 9-1 mot Vålerenga og 1-0 mot Bossmo og G14 vann 5-0 mot Bardufoss.
01. Aug, 2010
Live: Gutar 13, Rosendal - Bossmo Y
Då er kampen igang. Satsar på at batteriet held heile kampen både hos gutane og pc....
01. Aug, 2010
Live: Gutar 13, Rosendal - Vålerenga 1
Kampstart 10:00, gutane er klare og vil bita frå seg!
01. Aug, 2010
LIVE: Jenter 14, Rosendal-Vålerenga 1
Då er kampen snart igang. Jentene er under oppvarming og er friske og raske. Dette vert spanande. Kampstart klokka 09:00, følg med!
31. Jul, 2010
Då er NorwayCup-eventyret igang
Etter litt kluss med bussen på haukelifjellet, og med påfyljande skifte av buss, kom spelarane vel fram til middag på Ekeberg litt før åtte i kveld. Spelarane verka med godt mot og ser fram til tøffe kampar i morgon.
31. Jul, 2010
Endring i kampoppsett NorwayCup 2010
Endringar er gjort på kampoppsettet. Sjekk det nye her.
26. Jul, 2010
200 nye vimplar
Rosendal Turnlag har kjøpt inn 200 nye vimplar. Nokre av dei skal vera med til Norway Cup og delast ut til motstandarane i turneringa. Så då vil iallefall ein av dei hamne i Zimbabwe.....
14. Jul, 2010
Anders fortset i Løv-Ham ut sesongen
Løv-Ham, Brann og Anders er einige om ein avtale der Anders blir i Løv-Ham ut sesongen. Anders har starta i tre av fire kampar for løvene.
14. Jul, 2010
IL Trott inviterer til cup
Den populære Spar Haga jente turnering er i år utvida til også å inkludera gutar i 11 og 12 års alderen. Det vil bli ein rein 7er turnering med følgande klassar.
-Småjenter 11 år - LJ11
-Smågutter 11 år - LG11
-Småjenter 12 år - LJ12
-Småguter 12 år - LG12
02. Jul, 2010
Rosendal vann fortent
A-laget til Rosendal avslutta vårsesongen med siger over Djerv som innehar tredje plassen i divisjonen. Rosendal var i høgste grad med på notane i denne kampen. Til pause stod det 0-0, men begge lag hadde sine sjansar til å skora.
26. Jun, 2010
Fotballskulen 2010 er historie
Då var fotballskulen over for denne gongen. Spelarar, instruktørar og støtteappartet er særs nøgd med arrangementet. Idag vart det avslutning med is og utdeling av diplomar.
25. Jun, 2010
Eit triveleg møte med FKH sitt trenarteam
Rundt 11-12 trenarar frå Rosendal si fotballgruppe møtte på "miniseminar" med trenarteamet til FKH i går kveld. Dei frammøtte fekk høyre historien bak FKH sin framgong og ein fekk med seg nokre treningstips. Det enkle har vore det beste for FKH.
25. Jun, 2010
Anders Næs på fotballskulen
Det vrimla av spelarar rundt FKH-spelarane på onsdag. Igår var det Anders Næs, utleigd til Løv-Ham frå Brann, dei vrimla rundt. Anders er med som instruktør på fotballskulen og måtte skriva eit rikt antal autografar på diverse t-skjorter, sekkar, armar og sko igår.
25. Jun, 2010
FKH besøkte fotballskulen
Det var stor stas på fotballskulen då spelarar frå FK-Haugesund kom på besøk. Det vart heftig autografskriving og lange køar. Spelarane frå Haugesund var og med gruppen då dei blant anna hadde skottrening.
23. Jun, 2010
Fotballskulen er i gong
Då er årets Tine Fotballskule vel i gong. Rundt 110 spelarar vil i tre dagar trena fotbalferdighetane sin på stadion. Det er eit yrande liv i strålande vêr på både grasbanen og kunstgraset.
23. Jun, 2010
Trenarseminar med Jostein Grindhaug
Torsdag 24. juni klokka 19.00 vert det trenarseminar for trenarar i Rosendal. Seminaret er med FKH-trenar, Jostein Grindhaug, på Rosendal Turisthotell. Vel møtt!
21. Jun, 2010
Info Fotballskule
No skal alt vera klart til 3 dagars fotballskule. Dei som meldte seg på før 14.juni har fått plass, dei som har fått beskjed etter 14.juni er også klare. Det er kjekt å sjå at interessa for å vera med er så stor.
20. Jun, 2010
Overnatting i NorwayCup
Rosendal sine lag skal bu på Ellingsrudåsen Skole som ligg Nord Aust frå Ekebergsletta. Det er ca 20 minutts køyring frå Ekebergsletta.
16. Jun, 2010
Stor deltaking frå Rosendal Turnlag under Ulvik leikane
Stor deltaking frå Rosendal Turnlag under Ulvik leikane.
Med 21 unge utøvarar på plass var truleg Rosendal den største kontingenten under årets stemne. Målsettinga var å ha ein kjekk tur med grillkos, leik og overnatting på gartnerskulen frå laurdag til søndag og personlege rekordar og konkurransetrening under leikane søndag. Vi fekk rikeleg av begge deler.
16. Jun, 2010
Eit yrande liv på miniavslutning
I kveld var det avslutning for minilaga i Rosendal. Det var kring 150 born og vaksne som møtte opp. Med rundt 100 minispelarar (6-10 år) ser det ut til at rekrutteringa for Rosendal sine seniorlag er sikra.
15. Jun, 2010
Vårsesongens siste trening for minigut 9 år
Minigutane hadde siste trening for vårsesongen igår. Vi har vert med på 3 miniturneringar og storspelt på kvar einast turnering. På tilsaman 12 kampar så har vi vunne 10, spelt ein uavgjort og tapt ein. Særs bra innsats frå alle spelarane.
15. Jun, 2010
Gutalaget vann over Bremnes
Mandag kveld var det klart for gutalaget sin siste kamp for sesongen, mot Bremnes (3. div, avdeling 4). Begge lag låg på øvre halvdel av tabellen før kampen, og vi kunne difor vente oss ein jevn kamp. Begge lag låg likevel godt etter Halsnøy som leder pulja etter seks strake sigrar.
15. Jun, 2010
FKH vitjar Rosendal
Eliteserielaget, Haugesund, kjem til Rosendal tysdag 22. juni og skal trena her fram til fredag 25.juni. I samband med dette vil dei onsdagen vitja fotballskulen frå ca klokka 13:00 til 14:00.
14. Jun, 2010
Tap for seniorlaga
Damelaget møtte tabelltoppen, Fyllingen, borte og gjekk på årets fyrste tap. 5-0 vart sluttresultatet. Herrelaget møtte Laksevåg heime og tapte 2-0.
14. Jun, 2010
Fotballskulen er fullteikna
101 spelarar er påmeldt fotballskulen og er no fullteikna. Dersom du ynskjer å stå på venteliste tek du kontakt med Arvid Nes på tlf. 48 22 80 26. Slik det ser ut no vil Haugesund sitt eliteserielag vere med på fotballskulen på onsdagen, det vert knallbra!
14. Jun, 2010
Småjentene vann eit tett toppoppgjer
PS, videolenken virkar no.
Det vart ein tett og jamn toppkamp på kunstgraset i dag. Gneist vitja Rosendal med likt tal poeng og kampar. Første omgang bar preg av nervøsitet og mangel på skot framføre mål. Rosednal hadde eit visst overtak i heile omgangen.
13. Jun, 2010
Hardanger Friidrettsfestival - Strandebarm 3-4 juli
Dette er eit kjempekjekt stemne som går over 2 dagar. Fenomenalt flotte forhold!!Øvelsesprogram finn du her: http://speaker.forbundetonline.no/FOTerminliste.aspx?w=CompetitionCalendar&c=CompetitionInfo&d=EventId%7C267136.
Alle som vil delta må sende melding til Kjersti eller Ole før den 25. juni for felles påmelding.
11. Jun, 2010
Kampoppsett miniturnering på Halsnøy
Kamoppsettet for miniturneringa på Halsnøy fyrstkommande laurdag er klart. Husk å parkere på skuleområde på Øyatun Skule eller på området ved samfunnshuset. Ikkje parker ved senteret, då handelstanden nok ser at "kundane" får plass der.
09. Jun, 2010
Ulvikleikane - friidrettstemne
Rundt 20 utøvarar frå Rosendal Turnlag skal til Ulvikleikane i friidrett i helga. Det går an å etteranmelde. Eg skal innover tidleg søndag morgon og har plass til 2 til. Blir det fleire etteranmelde enn det så er vi avhengige av foreldre som kan køyre.
Dersom du ikkje er påmeldt og har luyst å delta så gå inn på http://speaker.forbundetonline.no/FOTerminliste.aspx?w=CompetitionCalendar&c=CompetitionInfo&d=EventId|265422 og sjå øvingsprogrammet og ta kontakt med Ole eller Kjersti.
08. Jun, 2010
EM friidrett for landslag
Som medlem av et idrettslag i Hordaland får du nå mulighet til å kjøpe billetter til
EM i friidrett for de 12 beste nasjoner i Europa til spesialpris. I uke 23 og fram til tirsdag 15. juni får du/dere 20 % rabatt på billetter ved kjøp på nettsiden til Billettservice.
08. Jun, 2010
Herrelaget tapte borte mot Voss 2
Herrelaget reiste til Voss med bare 11 mann i borteoppgjeret mot Voss. Fleire sentrale spelarar var av ulike grunnar ikkje med. Dermed var det eit minimum av spelarar som var med og tape 5-2 mot botnlaget Voss 2.
07. Jun, 2010
Damelaget vann 7-0 heime
Damelaget vann heile 7-0 mot Minde/Ny-Krohnborg på laurdag. Dermed ligg Rosendal på andre plass med ein kamp og eit poeng mindre enn Fyllingen, som ligg øvst på teballen.
07. Jun, 2010
Jenter 14 vann borte mot Fana Fotball 2
Jentene reiste til Nesttun for sin bortekamp mot Fana idag. Jentene låg under etter fyrste omgang, men skora 4 i andre og vann dermed 4-1! Godt jobba!
05. Jun, 2010
Puljeoppsettet i Norway Cup er klart
Puljeoppsettet er klart. Det kan og vil sikkert verte endring fram mot cupstart. Alle tre rosendalslaga skal møte Vålerenga i puljespelet.
04. Jun, 2010
Akuelle idrettsstemner 2010
04. Jun, 2010
Rosendal- Strand Ulv 7'er 5-5 (2-2)
Rosendal ledet 2-0, så kom Strand Ulv etter og fekk to mål. I andre omgong følgde dei kvarandre heilt ut. Mykje bra spel, men det går ikkje vår vei. No er det spel i 2.div. til hausten.
04. Jun, 2010
Anders spelte ein god debykamp
Anders spelte i 75 minutt for Løv-Ham i dag. Løv-Ham vann 3-0 heime mot Moss, Anders hadde ein målgjevand passning.
30. May, 2010
Jenter 14 vann 11-2 mot Sotra
Jenter 14 vann heile 11-2 mot Sotra i dag. Vi testa det nye kamera litt i andre omgang og du kan klikke deg vidare for å sjå nokre snuttar.
30. May, 2010
Damelaget vann 3-1 over Tertnes
Damelaget var idag på besøk hos Tertnes. Der tok dei sin fjerde strake siger for sesongen. Målskårarar var Ingunn Uglehus, Hildegunn Guddal og Eva Kristine Eikeland.
Herrelaget spelte 1-1 heime mot Norges Handelshøgskule igår, målskårar var Kjetil Helvik!
29. May, 2010
Rosendal Turnlag har kjøpt digitalt videokamera
Rosendal Turnlag har gått til innkjøp av eit HD-digitalt videokamera. Kamera er meint lagleiarar eller trenarar skal kunna låna med seg ved idrettsstemne, fotballkampar og andre arrangement som turnlaget deltek på.
28. May, 2010
2 tap for Lillegut 11 mot Odda
Torsdag 20 mai hadde vi besøk av Odda kvit, og etter 2 sigrar og 1 uavgjort i dei første kampane trudde gutane på ny siger mot Odda. Det viste seg fort at det skulle bli vanskeligare enn vi trudde. Ballsikre oddingar varte opp med flott pasningspel frå start, og vi hadde meir enn nok med å henga med i svingane. Sjølv om Odda hadde spelet var det Rosendal som tok ledelsen. Måltjuven Ian fortsette der han slapp i dei forrige kampane, og sette inn 1-0 tidlig i første omgang.
28. May, 2010
Siste miniputtcup før sommaren er på Halsnøy 12.juni
Alle klubbar må senda samla påmelding innan fredag 4.juni. Dei ulike trenerane til laga på Halsnøy sender og påmelding til meg innan samme dato.
27. May, 2010
Anders Næs utleigd til Løv-Ham
Anders er i følge Løv-Ham sine nettsider snart klar for Adeccoliga-spel. Han er utleigd frå Brann. Vi ynskjer han lukka til i Adeccoligaen!
27. May, 2010
NB! Rosendal - Norges Handelshøgskule går på fredag!
A-lagskampen mot Norges Handelhøgskule går på fredag (i morgon) klokka 18:30. Ikkje laurdag som er annonsert!
27. May, 2010
Tine Fotballskule - påmelding
Tida nermar seg for den årlege og populære fotballskulen i Rosendal. Fotballskulen er for både gutar og jenter født i tidsrommet 1997-2002. Fotballskulen varer i tre dagar, onsdag 23. juni til Fredag 25. juni. Den startar klokka 09:00 og vert avslutta klokka 14:00 kvar dag.
26. May, 2010
Anders Bennæs hoppa til gull i Bislettleikane
Anders Bennæs frå Rosendal Turnlag deltok sist helg i Bislettleikane i friidrett. Anders hoppa til gull med årsbeste i landet i klasse G-13.
25. May, 2010
286 spelarar på minicup!
Det var eit yrande liv på kunstgrasbanen og grasbanen frå klokka 11 idag og fram til 16. Rundt 1000 personar var nedom stadion og spelte eller såg på kamp.
24. May, 2010
NB! Nytt kampoppsett for minicup
Nokre nye lag er påmeld og det er små endringar i kampoppsettet for nokre lag.
18. May, 2010
Rosendal dominerte Triostafetten
Rosendal Turnlag stilte mannsterke på Triostafetten som vart avvikla sist laurdag. Ikkje mindre en 40 løparar reiste utover fordelt på 2 jentelag, 3 gutelag, damelag og herrelag. Dei tre gutelaga tok dei tre første plassane,
jentelaga vart nr 2 og 3, og både damelaget og herrelaget vann sine klassar.
18. May, 2010
Spennande lokaloppgjer for lillegut 11
Lillegut 11 møtte Trio borte i 3 serierunde til det som viste seg å bli eit svært så spennande lokaloppgjer. Kampen opna med flott pasningspel av begge lag, men der forsvaret til Rosendal var bunnsolid, var det tilløp til kaos i Trio forsvaret kvar gong vi sette fart framover. Dette utnytta Ian allerede etter få minutt då han stakk igjennom og sikkert sette inn 1-0. Midtveis i omgangen sette han inn sitt andre for dagen, på ein ny overgang.
17. May, 2010
Rekord påmelding til minicup i Rosendal 24.mai
Det er stor påmelding til cupen i Rosendal. Då påmeldingsfristen gjekk ut hadde 41 lag meldt seg på. Det er ny rekord i antall lag for minicup.
16. May, 2010
G13 Rosendal-Harding 5-9 (2-2)
Det var ein spennande kamp. Harding opna med to kjappe mål, og vi henta dei inn igjen med to kjappe mål tilbake. Så fulgte laga kvarandre til Rosendal leia 5-3 til midten av andre omgang. Etter det rakna det for Rosendal og Harding scora seks mål.
14. May, 2010
Herrelaget tapte 3-1 mot Ny-Kronborg
Rosendal møtte i ettermiddag Ny-Kronborg på heimebane. Ny-Kronborg kom til Rosendal med tre poeng meir enn heimelaget, med andre ord skulle det vera duka for ein jamn kamp. Det vart det og i fyrste omgang. Begge lag hadde sine halvsjansar, men den største kom etter 20. minutt. Då vart Johannes Hjelmeland spelt fri av Frode Havnerås. Johannes kom litt skrått på mål, satte skotet forbi målvakta, men i stolpen og ut.
13. May, 2010
Damelaget vann 6-0
Rosendal sitt damelag knuste Arna-Bjørnar 3 heile 6-0 heime i dagens seriekamp. Eit flott resultat. Damelaget har på 3 kampar scora 13 mål og sluppe inn 0. Det står det respekt av!
13. May, 2010
G 14 vann mot Bømlo borte
Smågutane vann heile 10-1 borte mot Bømlo i ettermiddag. Eit flott resultat på bortebane. Sondre Eskeland putta 7 av måla, medan Andreas Moss, Ørjan Øvsthus og Hermund Døssland scora eit kvar sitt. Bra jobba!
11. May, 2010
Kampflyttingar!
Herre kampen mot Ny-Kronborg er flytta frå laurdag til komande torsdag, etter damekampen. Kampstart damer: 14:00 og herrer 16:00.
G13 kampen som skulle vert spelt 19.mai er flytta fram til i morgon 12. mai klokka 18:30.
11. May, 2010
Damelaget vann borte
Damelaget slo Skjergard 4-0 i dagen bortekamp. Målscorarar var Kristine Enes, Elisabeth H. Eide og Line S Holmedal 2 mål.
08. May, 2010
Uavgjort for herre a-laget
Rosendal spelte i kveld uavgjort 2-2 borte mot Fusa. Rosendal leia 2-1 til pause og holdt leiinga heilt til i 92. minutt, då scora Fusa på ein dødball. Frode Havnerås og Yngve Enes stod for måla til Rosendal.
07. May, 2010
Lillegut 11 møtte Halsnøy i årets andre kamp i Rosendal
Som i forrige kamp opna vi forrykande og gjekk opp til 1-0 etter eit par minutt. Måla fortsette å renna inn i første omgang og Rosendal gjekk til pause med fortjent 5-2 leiing.
07. May, 2010
Smågut 96 vann 15-9
Smågut 96 vann heile 15-9 mot Moster i sjuarfotball i går. Rosendal hadde full kontroll heile vegen. Målskorarar: Sondre Eskeland 8, Hans Fredrik Zimmer 4, Håvard Krossøy 2 og Anders Moss.
05. May, 2010
Smågut 13 vann 3-6 borte mot Jondal
Gutane spelte ein god kamp, og hadde taket på Jondal gjennom heile kampen. Likevel var det Jondal som fekk det første målet, men Rosendal lot seg ikkje stresse av den grunn. Rosendal fekk mange målsjansar, men det var kun ein sjanse som rersulterte i mål i første omgong.
05. May, 2010
Ope brev til kommunen: Eit skammeleg vedtak
Den gamle grusbanen i Rosendal fekk krøllgrasdekke for eit par år sidan. Kommunen stod som utbyggar, men Rosendal Turnlag (RT) gjorde det meste av jobben. I utgangspunktet er finansieringa av eit slikt prosjekt basert på ei 3-deling: 1/3 blir finansiert med spelemidlar frå staten, 1/3 av kommunen og 1/3 av idrettslaget. I vedtaket som i si tid vart gjort i kommunestyret var ikkje dette tatt med, men for RT var det opplagt at dette skulle vere ein del av vedtaket.
04. May, 2010
Flott Minicup i Herøysund
Endeleg var det klart for fyrste minicup for året, og endeleg vart det fint vær når det var Herøysund sin tur. Det var mange blide born og vaksne som hadde teke turen denne sundagen.
04. May, 2010
Invitasjon til minicup i Rosendal 24. mai
03. May, 2010
Nye skjema for reiser
Oppdaterte reiseoppgjer skjema og eigenbetaling på reiser i samband med fotballkampar er lagt ut.
30. Apr, 2010
Foreldrevettreglar
Styret i fotballgruppa ynskjer som nemnt tidlegare å setja fokus på haldningar på og rundt fotballbanen. I samband med dette er det laga nokre "foreldrevettreglar" som vi utanfor banen bør leggja oss på minne.
30. Apr, 2010
Smågut 13 tapte borte mot Trio
Det vart ein jamn kamp mellom Trio og Rosendal. Rosendal var tydleg litt nervøse og missa på mange målsjansar og ballmottaket har vert betre. Forsvaret jobba godt gjennom heile kampen. Rosendal varLitt lite gjennombruddshissige til tider, men dei spelte ein mykje betre kamp denne gongen enn forrige kamp.
26. Apr, 2010
Lillegut 11 siger i fyrste seriekamp
Lillegut 11 laget møtte Odda Raud på Rosendal Stadion i første seriekamp. Gutane tok tak i kampen med flott spel fra første sekund, og gjekk opp til 1-0 allerede etter eit minutt. Måla fortsatte å renna inn i første omgang og til pause var stillinga 6-0 til Rosendal.
23. Apr, 2010
Husk fotballtrening for alle over 13 i morgon!
Treninga startar 17:30 og vert avslutta klokka 19:00. Alle som ynskjer å vera med er velkomne
22. Apr, 2010
Seriedagar for gutar 2000-klassen
Sereidagane for gutar i 2000 årsklassen er satt opp.
22. Apr, 2010
Agenda til trenar/lagleiar
1 Eigenandel reiser og transport plan
2 Fair Play – haldnings kampanje
Foreldrevettreglar
Haldnings kontrakt
3 Sportsplan
4 Treningstider
5 Rydding / orden
Rydde bane og garderobe etter trening og kamp
6 Overtrekksdrakter
7 Ferdighetsmerke
8 Fredagstreninga
9 Heimesida
10 Spelar lister og registrering
11 Ymse
21. Apr, 2010
80 miniar på trening på tysdag
Det var flott å sjå på mylderet av spelarar på stadion igår, heile 80 spelarar møtte opp til trening på ymse minilag. Rekrutteringa ser ut til å vera bra for framtida.
21. Apr, 2010
Smågut 96 vann 3-2 i andre seriekamp
Rosendal vann fullt fortent 3-2 heime mot Solid 2 igår. Målscorarar: Johannes Taranger (2) og Hans Fredrik Zimmer.
21. Apr, 2010
Invitasjon til minicup i Herøysund
Fyrste minicupen for året går i Herøysund sundag 2. mai. Påmeldingsfrist 27. april.
21. Apr, 2010
Treningstider minilaga (6-10 år)
Gutar f.01 - mandag, 17:30 - 18:30 - Romar Skeie Olsen
Gutar f.00 - tirsdag, 17:30 - 18:30 - Lars W. Solheim
Gutar f.02/03/04 - tirsdag, 17:30 - 18:30 - Hilde Olderkjær
Jenter f.00/01 - tirsdag, 17:30 - 18:30 - Tove Seim
Jenter f.02/03/04 - tirsdag, 17:30 - 18:30 - Lise Chr. Sætrevik
Trenar på Rosendal Stadion og kunstgras. Treningsoppsettet gjeld frå 19.april.
18. Apr, 2010
Cupar for minilaga 2010
Tirsdag 13.april var det møte på Triohuset, om oppsett av arrangement for miniar i Kvinnherad.
Cupdatoer og arrangørar:
Søndag 2.mai i Herøysund
Mandag 24.mai i Rosendal
Lørdag 12.juni på Halsnøy
Søndag 5.september Heio Cup i Uskedalen
Søndag 26.september på Husnes
Det ser ut til å bli rekord i antall lag i 2010.
16. Apr, 2010
Gutar -96 vann serieopninga
Det var duka for lokaloppgjer i fyrste kamp for Rosendal/Uskedal gutane. Dei vitja Trio på Husnes og vann heile 8-0. Det var flott innsats frå alle spelarane. Måla vart scora av Sondre Eskeland (4), Hans F. Zimmer (2), Hermund Døssland og Håvard Furdal.
14. Apr, 2010
Vellukka lagsmeisterskap i friidrett
29 entusiastiske born deltok tysdag kveld i Turnlaget sitt lagsmeisterskap i
hopp utan tilløp. Stemnet var for jenter og gutar i klassane 10-19 år og
rekruttklasse for 8 og 9-åringar. Stor innsats,flotte resultat og mange
personlege rekordar. Dette lover godt. Det vart delt ut deltakarmedalje til
alle rekruttar og vanlege medalje premiering i dei andre klassane.
14. Apr, 2010
Trenar- lagleiarmøte i fotballgruppa
Onsdag 28. april klokka 18:00 vert det trenar- lagleiarmøte for fotballgruppa i møterom på samfunnshuset. Håpar alle kan møta.
13. Apr, 2010
To spelarar på eliteturnering i Bergen
10. og 11. april reiste Jonas Havnerås og Sondre Eskeland til Bergen som einaste frå Kvinnherad for å vera med på eliteturnering. Spelarane var frå alderstrinn 95-96. Lørdagen var det to kampar. Sunhordaland vann den første kampen mot sone Bergen sentrum med 5-0. Neste kamp var mot sone Bergen Vest. Den kampen endte 1-1 etter eit klart spelemessig overtak til Sunnhordaland.
12. Apr, 2010
Siger til herrelaget i serieopninga
Alt låg til rette for ein flott fotballkamp på kunstgrasbanen i Rosendal denne laurdagen. Sola skein og ein rundt 50 personar hadde teke turen for årets fyrste seriekamp. Motstandarane i dag var Austrheim/Lindås, som vann si pulje i 5. divisjon i fjor. Kampen byrja med ein formidabel dobbelsjanse for heimelaget etter 2 minutt. Frode Havnerås kom seg fri på venstre kanten og la flatt inn til ein ventande Johannes Hjelmeland. Johannes fyrde av eit skot som bortelaget sin målvakt så vidt greide å slå ut i feltet, returen tok Yngve Enes seg av, men heller ikkje han klarde lura målvakta. Heimelaget er aggressive dei fyrste 10 minuttane.
10. Apr, 2010
Lagmeisterskap i friidrett 2010
Tid: Tirsdag 13.april , Kl: 18.30
Stad: Gymsalen i Rosendal
Disiplin: Lengde uten tilløp og hopp uten tilløp.
Det vert klassar for gutar/jenter frå 10 år - 18år, samt rekruttklasse
Gutar/jenter 8år og 9 år.
Deltakarkontigent kr: 30.-
Frammøte kl 18.00 for registrering og oppvarming.
Velkomen- styret
07. Apr, 2010
Trenings- og kamptider vår 2010
Per Inge Olsen har gjort ein formidabel jobb med oppsett av treningstider og kamptider for alle fotballaga i Rosendal. Her vil ein sjå om treningstider kolliderar med kampar.
06. Apr, 2010
Fjelltrimkorta i sal
Det er klart for ny sesong med fjelltrim i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 32. gang fjelltrimmen vert arrangert. For å fullføra må ein vitja Skålafjell, Malmangernuten, Nordlifjell, Skeisfjell og Melderskin, skriva namnet i boka, klyppa i kortet, og levera kortet innan 1. november 2010.
05. Apr, 2010
Haldningskampanje
Styret i Rosendal Turnlag Fotballgruppa vil framøve leggja fokus på haldningar på og ved fotballbanen. Det er spesielt banning og ukvemsord ein vil prøve å verte kvitt. Det vil difor verte forbode å banne og å bruka ukvemsord på og ved fotballbanane!
Styret meiner ikkje det er meir eller mindre banning rundt fotballen i Rosendal, men ynskjer å setja fokus på problemet, og oppfordra alle klubbar om også å setja igang tiltak. Spre budskapet til alle!
04. Apr, 2010
Fotballtrening for alle frå 13 år og oppover
Rosendal Turnlag Fotballgruppa, vil frå og med komande fredag invitera jenter og gutar frå 13 år og oppover til felles fotballtrening på kunstgraset. Treninga startar 17:30 og vert avslutta klokka 19:00. Alle som ynskjer å vera med er velkomne!
04. Apr, 2010
Trekking av R.T. fotballgruppa sitt påskelotteri
Gev.1 - Matkorg, verdi ca.kr 1000 - Kirsten Skeie, Seimsfoss
Gev.2 - Matkorg, verdi ca.kr 750 - Reidar Bauge, Herøysund
Gev 3 - Matkorg, verdi ca.kr 500 - Familien Furuberg, Mauranger
Gev.4 - Stor Kong Håkon konfekt eske - Helga Korsvold, Rosendal
Gev.5 - Stor Kong Håkon konfekt eske - Kirsten Bøyum, Rosendal
Rett trekking av Torgeir Fosse, politiførstebetjent
R.T. fotball takkar alle som tok lodd, det har vert eit godt sal. Takk til Eurospar Rosendal for sponsing av ein del av gevinstane.
02. Apr, 2010
160 grasrotregistrerte
Dår har Rosendal Turnlag 160 registrerte på grasrotandelen!! Dette utgjer pr idag i underkant av 14000,- i kvartalet. Vi nyttar høve til å takke alle som har registrert seg!
31. Mar, 2010
Talent turnering
Sone Sunnhordaland er invitert til å vera med i ei eliteturnering i Bergen for ulike sonelag. Dette er ei turnering for gutar. To kampar i Bergen lørdag 10. april, plasseringskamp søndag. Kampane blir spelt på Nymark (Brann sin bane).
30. Mar, 2010
To spelarar tekne ut til elite turnering
10. april reiser Jonas Havnerås og Sondre Eskeland til Bergen som einaste frå Kvinnherad for å vera med på elite turnering. Spelarane er frå alderstrinn 95-96. Kjem med meir informasjon seinare.
27. Mar, 2010
Invitasjon til føredrag
Kvinnherad kommune har gleda av å tilby dette fordraget som har som målgruppe alle som arbeidar med menneske anten det er på jobb eller i fritid.
26. Mar, 2010
Unge talent på sonesamling
Ti Kvinnherad-talent i fotball var i helga innkalla til sonesamling i Haugesund. Seks av dei reiste, og fekk trena godt.
22. Mar, 2010
Vellukka fotballcup
Det vart i helga arrangert cup for gut-97 i Rosendal. I fint vêr og på ein flott grøn bane var det bare nøgde spelarar, trenarar og føresette å sjå. Klikk deg vidare for resultat og nokre bilete.
22. Mar, 2010
Cup for smågut 97 søndag 21. mars Rosendal kunstgras
Cup / treningskampar fyrstkommande søndag, med start kl 12:00
Laga som deltek er Odda 1, Odda 2, Trio og Rosendal.
Kampoppsett
12:10 Rosendal - Odda 1
12:30 Trio - Odda 2
13:00 Odda 2 - Rosendal
13:20 Odda 1 - Trio
14:00 Plasseringsspill 3-4 pl
14:20 Plasseringsspill 1-2 pl
Kiosksalg.
19. Mar, 2010
Trio - Rosendal 2-2
Kampen starta friskt, Frode var igjennom allerede etter 2.min,men Trio keeper fekk slått avslutninga til corner. Etter 5. min fekk Trio corner, ballen blei slått inn på 5-meteren, der sto Espen Åkra upressa og stupheada inn eit vakkert sjølvmål.
17. Mar, 2010
Fotballskule i Rosendal
Fyrste del av fotballskulen i Rosendal for spelarar fødd i -97 er vel overstått. Det var 24 spelarar frå Rosendal Turnlag, Trio, Halsnøy og Odda. Fem jenter og nitten gutar. Trenar var Eivind Nissestad, og hjelpetrenar Bjarte Solheim.
17. Mar, 2010
Herrelaget med god gjennomkøyring
Herrelaget var igår i Tyssedal og spelte treningskamp mot Harding. Rosendal leia 2-0 heilt til i det 86. minutt. Då slapp dei inn to mål, som kan reknast for keepertabbar. Laget hadde god kontroll defensivt og hadde sjansar til fleire mål.
11. Mar, 2010
Treningskamp for herrelaget
Helga 19-21.mars reiser a-laget på treningstur til Bergen der møter dei Brann sitt juniorlag fredag kveld kl.19.30. A-laget har og fått tillatelse til å nytta Brann sin treningsbane på Nymark på lørdagen.
10. Mar, 2010
Friidretten startar opp att
Friidretten for 4 klasse og oppover tek til att 16.mars kl 18.00 i gymsalen. Alle nye og gamle utøvera er velkomne.
Helsing Kjersti
08. Mar, 2010
Lagleiarmøte
Torsdag 18.mars blir det møte i sone Kvinnherad og Odda i Rosendal Samfunnshus, kl.18:00, i 2.etasje, hjørna mot Rådhuset.
Sjå innkalingsliste, gjelde alle lag frå og med 97 laga og opp til og med A-laga.
01. Mar, 2010
HFK fotballskule
Det blir fotballskule i Rosendal i veke 10, 11 og 12 for gutar og jenter fødd 1997. Dette er for Kvinnherad og Odda. Det blir 5 treningsøkter over 90 minutt, over fem kveldar. Kvar klubb vil ta ut nokon spelarar som får tilbodet.
22. Feb, 2010
Ekstraordinært årsmøte i Rosendal Turnlag
Tysdag 2. mars kl 1900, i klubbrommet.
Vanlege årsmøtesaker
22. Feb, 2010
Invitasjon til TrioCup - Lilleputt
Laurdag 6.mars arrangerer Trio inneturnering for 11-12-åringar. For meir info, sjå vedlagte invitasjon eller www.il-trio.no. Ved spørsmål eller påmelding, ta kontakt pr telefon (99 24 00 87) eller epost: post@il-trio.no.
16. Feb, 2010
Småjenter -97 startar opp treningane
Småjenter -97 startar treningane oppatt tysdag 16. februar klokka 18:00. Det vert foreløpig innetreningar så ta med innesko.
15. Feb, 2010
Fagseminar
Rosendal T.L. fotballgruppa deltok på Hordalands Fotballkrets sitt fagseminar og leiarmøte på Thon Hotell Kokstad, 12. -13.februar. R.T. var representert ved Arvid Nes og Kjell Ove Underhaug. Det var både lærerikt og eit sosialt, nyttig møte.
15. Feb, 2010
Rosendal smågut 13 på Trio cup
Rosendal hadde med to lag på Trio cup. Dei spelte ein heilt grei cup, med tanke på at dei kun har hatt ei trening i vinter. Gutane opna litt nervøst og stressa i den første kampen, men spelte seg godt opp i dei neste kampane. Og var da fullt på høgde med dei andre laga. Forsvaret fungerte veldig bra, men scoringsviljen var litt fråverande, til tider. Vi spelte 0 - 0 mot Harding Grønn som vann cup'en.
15. Feb, 2010
Rotula 2009
Dei fleste har nok fått den i postkassa si allereie. Rotula 2009 er ferdig og nok eit år i Rosendal Turnlag er historie. Rotula er årsmeldinga for turnlaget, klikk deg vidare for å lese den.
12. Feb, 2010
Knut Johannes Helvik heidra
Knut Johannes Helvik fekk på årsmøte til fotballgruppa mandag, overrekt fat med namn og helsing for godt arbeid for Rosendal Turnlag. Dette var ei gåve i samband med at han nyleg fylte 60 år.
10. Feb, 2010
A-laget får spela i 4. divisjon i 2010
Ja du leste rett. Herre A-laget har i dag takka ja til tilbodet om å spela i 4. divisjon komande sesong. Dette er eit resultat av at Årstad har trekt sitt lag.
09. Feb, 2010
Gutar 96 vann TrioCup
Gutar 96 vann sin klasse på TrioCup i helga. Dei spelte 6 kampar utan tap og utan å sleppe inn eit einast mål. Godt jobba!
07. Feb, 2010
Måking av kunstgraset
Då var det påan igjen. Banen som var grøn før helga er no atter kvit. Dei som kan og ynskjer å måka litt kan hente snømåke i redskapsskjulet ved kunstgrasbanen (det nyaste). Dersom du lurer på noko, kan du kontakte Arvid på tlf. 48228026.
01. Feb, 2010
Fullt hus på islandsk kveld
Den islandske kvelden i Samfunnshuset igår samla ein full vestibyle. Rundt 120 personar møtte på arrangementet. Dette gjorde sitt til at det vart ein fin sum til fotballgruppa etter åresalet.
29. Jan, 2010
Halve kunsgrasbanen klar til bruk
No er endeleg halve kunstgrasbanen snøfri. A-laget tok resten av snøen vekk frå banen igår. No er den klar til å nyttast til trening.
28. Jan, 2010
Islandsk kveld i samfunnshuset
Torsdag 28. januar klokka 19:30 er det duka for islandsk kveld i Rosednal Samfunnshus. Kjøpmann Elli på Seimsfoss fortel og viser bilete/film. Åresal til inntekt for Rosendal Turnlag si fotballgruppe.
21. Jan, 2010
Flott skirenn i Baroniet
Det var mange som hadde lagt sundagsturen til Avlsgarden og Baroniet for både å sjå på, og delta i skirennet i dag. Flotte forhold og fint vêr gjorde dette til ein flott dag
17. Jan, 2010
Anders teken ut til A- kamp mot FK Haugesund
Anders er teken ut til Branntroppen som skal møta FK Haugesund i ein treningskamp i kveld. Vi ynskjer Anders lukke til. Les meir om uttaket på www.brann.no
14. Jan, 2010
Lagsmesterskapet i stille høgde og lengde
Lagsmesterskapet i stille høgde/lengde som var planlagt 23 januar, vert utsett til skisesongen er over. Dato for mesterskapet vert lagt ut på sida seinare. Vi tek pause i treningane for den store gruppa, frå 4 klasse og oppover. Det vert annonsert når treningane tek til att.
Idrettsskulen tek til 14.01.10, meir info om den finn du her
14. Jan, 2010
Vil du bli fotballdommar?
Er du interessert i å bli fotballdommar har du sjanse til det i slutten av januar. 30.- 31. januar er det dommarkurs på Stord. Alle som er interessert kan ta kontakt med Willy Kalsås på tlf. 90805405. Klikk deg vidare for meir informasjon.
13. Jan, 2010
Trenarkurs
Helga 29. -31. januar vert det, om det er nok påmelde,
trenar kurs, del 2 -Fotballferdighet (16t)
i Rosendal. Kurset er steget vidare etter aktivitetsleiarkurset. Fotballgruppa håpar at det er mange som vil, og kan vera med denne helga.11. Jan, 2010
Har du skiutstyr, sykkel, eller anna som du kan selja?
Då bør du nytta sjansen og selja da via marknadsplassen her på sidene til turnlaget!
Gratis å bruka! Gå inn her og legg inn, du kan og legge inn eventuelle ting du ynskjer å kjøpa: http://www.rosendal-turnlag.no/Marknadsplassen/cid/8921/
11. Jan, 2010
Invitasjon til Trio Cup
Her er invitasjon til årets Trio Cup'ar. I alt 4 cupar blir arrangert, den første for smågutar og så går det slag i slag.
11. Jan, 2010
Feil tal grasrotspelarar
Det viser seg at talet på 180 grasrotspelarar er feil. No har Norsk Tipping justert talet ned til 142. Men folkens det er berre å melde seg inn.
06. Jan, 2010
Skisesongen er i gang
Årets fyrste trening var i kveld på Puttballbanen. Mellom 30 og 40 personar møtte fram. Dette lovar godt for sesongen vidare. Så lenge vi har tilhøve i bygda har vi treningane her. Når vi må til Fjellhaugen møter vi på Vangstunet med frammøte kl. 17.00.
06. Jan, 2010
Rosendal Turnlag på Facebook
Då er Rosendal Turnlag på Facebook. Klikk deg inn og på Facebook og legg Turnlaget til som "ven". Der er det mogleg å diskutera og kome med kommentarar for alle som er interessert i det.
05. Jan, 2010
Treningsoppstart
Idrettsskulen tek til att i gymsalen torsdag 14. januar kl. 18.00, og Friidrettsgruppa frå 4. klasse og oppover tek til 12. januar kl 18.00. Mvh Kjersti
05. Jan, 2010
180 grasrotandels-spelarar
Pr 01.01.2010 har Rosendal Turnlag 180 grasrotandels-spelarar. Vi nådde 143 innan 31.12.2009, dette utgjorde kroner 23197,- frå september til desember. Som alle sikkert veit går 5% av det ein tippar for direkte til grasrotmottakaren ein er registrert til. Dei 5% vert ikkje trekt frå deg som tippar, men frå Norsk Tipping!
04. Jan, 2010
Skitrening på Putballbanen på tysdag
04. Jan, 2010
Trond Inge Haugland til Rosendal
Det vart igår klart at Trond Inge Haugland vert hjelpetrenar for A-laget til Rosendal. Då er trenarteamet på plass med Ivar B. Arnesen som hovudtrenar og Haugland som sagt som hjelpetrenar. Vi ynskjer lukke til i sesongoppkøyringa!
04. Jan, 2010
Informasjon om soneuttak i fotball
28. Dec, 2009
Sonesamling i Rosendal
Rundt 75 gode talent var samla i Rosendal søndag. Gruppa vert no etter denne samlinga redusert eindel, så det vert spanande og sjå kven som vert med vidare.
14. Dec, 2009
Frode Havnerås tilbake i rosendalstrøya
Frode Havnerås kjem til å spela for Rosendal til neste år. Han har underskrive kontrakt og dermed har a-laget fått ein god forsterknig offensivt til neste sesong. Vi ynskjer han hjartleg velkomen heim!
Det er og bekrefta at Ivar B. Arnesen fortset som trenar. Hjelpetrenar er og snart på plass.
10. Dec, 2009
Friidrett for 4.- 10. klasse tek juleferie
Friidretten for 4 - 10 klasse har tatt juleferie. Vi tek til att 12. januar kl. 18.00.
Kjersti
10. Dec, 2009
Juleavslutning for idrettsskulen
Idrettsskulen hadde ein triveleg juleavslutning forrige torsdag. 34 ungar
fekk medalje for deltaking i haust. Etter fleire stafettar vart kvelden
avslutta med saft, pepperkaker og frukt.
10. Dec, 2009
Småjenter vann 6-2 over mødrene
Tysdag kveld var det duka for "lokaloppgjer" i Rosendal. Småjentelaget hadde fått beskjed om å stilla til kamp klokka 17:30, motstandaren fekk dei ikkje vita noko om før nokre minutt før kampstart.
09. Dec, 2009
Sonesamling
Søndag 13. desember, vert det stor samling av gode fotballtalent i Rosendal. 80 gutar og jenter er kalla inn til samling. Dette er gutar og jenter fødd 1995-1996. Dei kjem frå klubbar i heile Sunnhordland - Bremnes, Stord, Kvinnherad og Odda.
08. Dec, 2009
Årsmelding 2009
No må alle laga i fotballgruppa i Rosendal starte arbeidet med årsmelding. Vi oppmoar om å ta det med eingong slik at det ikkje vert gløymd. Klikk deg vidare og sjå kva som skal vera med i årsmeldinga.
07. Dec, 2009
Jul i Rosendal
Rosendal Turnlag si fotballgruppa hadde salsbod på julemarknaden i Rosendal 26.nov.-28.nov. Me selde kristorn og julenek, og salet gjekk bra. Alle 100 juleneka vart seld. Kristorn hadde me 150 buntar av, og selde ca.125 stk. Er det nokon som vil kjøpe, så har me nokon att. Pris kr.50 pr bunt. Ring Arvid Nes - 48 22 80 26
30. Nov, 2009
Treningssamling på Korlevoll 8.-10. januar
Det blir treningssamling for aktive utøvarar på ski 8. -10. januar 2010. På Korlevoll/Seljestad er det flotte skiforhold og vi få med dette ein fin start på årets skisesong. I tillegg til treningsøkter, god mat og sosialt samvær blir det skismøringskurs.
Detaljert program kjem seinare.
27. Nov, 2009
Rosendal meld på juniorlag
Rosendal meld på juniorlag til seriespel sesongen 2010. Dette har ein kome fram til i samråd med juniorspelarar og gutespelarar.
26. Nov, 2009
Grasrotandelen til turnlaget har 135 spelarar
Greier vi å passera 150 til jul?
Grasrotandelen fungerar slik at når du tippar t.d. for 100 kroner går 5% av summen direkte tilbake til den lokale grasrotmottakaren, i dette tilfellet Rosendal Turnlag. Du som spelar betalar ingenting ekstra, du tippar for dei 100 kronene. Så dette er ein vinn vinn situasjon. Så oppmoinga er; Registrer deg på grasrotandelen.
25. Nov, 2009
Vinnarar av lotteriet til fotballgruppa
Hovudvinsten, eit fotoapparat, gjekk til Johannes Guddal. Ellers kan de sjå ved å klikka vidare, dei andre vinnarane av lotteriet.
24. Nov, 2009
Stappfullt hus på fotballfest
Sundag var det duka for den årlege fotballfesten for aldersbestemte lag. Det var smikkfullt i Samfunnshuset. I år hadde til og med arrangøren sett ut fleire bord og stolar enn tidlegare, men likevel måtte ein finne fleir stolar til dei som kom sist.
23. Nov, 2009
Premieutdeling for Skikarusellen 2009
Torsdag 19. Nov var "skieliten" i Kvinnherad samla til premieutdeling for Skikarusellen 2009. Matre IL og Omvikdalen IL var saman om tilskipinga. Blandt dei som fekk premie var det noko fråvær, men i år også var det godt frammøte frå Rosendal TL.
20. Nov, 2009
Flott arrangement på Wenche- dagen
Turngruppa hadde laga ei kjekk Tarzan - løype for born mellom 3 og 10 år laurdag 7. november. Wenche Skaaluren hadde gitt 40000 kroner til utstyr for Rosendal Turnlag og ved gravferda til Bjørg Waage Tveitnes sin mann, Hans Knut Waage, vart det gjeve over 11000 kroner til friidrettsgruppa.
19. Nov, 2009
Anders trenar med A-laget til Brann
Anders har i den siste tida trent med A-laget til Brann. Klikkar du deg vidare kan du lesa meir og sjå video der Anders vert intervjua heilt på slutten.
17. Nov, 2009
Eventyrar Rainer Gamm kjem til Rosendal
Rainer Gamm frå Tyskland har lagt ut på mange eventyr/ekspedisjonar dei siste åra. Sist i rekkja er turen frå Berlin til Alta på 80 dagar som han gjennomførte i sommar. Framkomstmiddel var skike rulleskøyter. Nødvendig medbrakt utstyret var pakka i ein pulk som var oppgradert med hjul for å takla sommarføret.
16. Nov, 2009
BOSU treninga er avslutta for i haust
Det har berre vore tre personer på treninga dei siste gongene. Dersom det viser seg at det er interesse for å starta opp til våren, kan det bli aktuelt. Mvh Laila
16. Nov, 2009
Fotballfest 2009
Søndag 22. november kl.14:30 - 17:00, i Rosendal Samfunnshus. Fotballavslutning for 2009, for laga frå og med 10 år til og med jente/gut 17 år. Ta med foreldre, søsken og besteforeldre til ei flott hyggjestund.
16. Nov, 2009
Fakkeltog for skulane
Vel og merke er ikkje dette eit idrettsarrangement, men viktig er det for idretten at vi beheld skulane i nærmiljøet, om vi skal behalde eit aktivt idrettsmiljø. Difor oppmoar vi alle om å stilla opp på dette arrangementet.
Klikk deg vidare for meir info.
14. Nov, 2009
Jentelaget vart krinsmeistrar
Jentelaget vann 3-2 over Eldar i ettermiddag i ein spanande kamp. Målskorarar var Marte Ingebretsen, Ida Røssland og Tonje Skåla. Dermed er dei krinsmeistrar 2009. Vi gratulerer!
08. Nov, 2009
Rosendal oldboys gjorde reint bord på Voss
Oldboyslaget er i helga på Smalahovecup på Voss. Med 4 kampar i seriespel var det duka for årets hending. Første kampen famla vi litt i starten mot Rubbestadneset, men vi vann tilslutt 6-2. Med denne gode starten gjekk vi på banen att etter ein halvtime mot Kolbotnlaget, Oterkameratane, og banka dei 6-1.
07. Nov, 2009
Krinsfinale
Sundag 8. november er det duka for krinsfinale på Rosendal kunstgrasbane. Då spelar jenter 17 år mot Eldar (Voss) klokka 15:30. Møt fram og heia fram jentelaget!
05. Nov, 2009
Anders skal trene med A-laget til Brann
I kveld skal Anders visa seg fram på trening i lag med A-laget til Brann. I vekene framover skal dei beste av dei yngste få trene med A-stallen. Fyrst ute er Anders ilag med to andre landslagsspelarar, vi ynskjer han lykke til!
04. Nov, 2009
Siste kampoppsett for Smalahovecup (endra 3.nov)
Oldboyslaget til Rosendal skal også i år på den velkjende Smalahovecupen på Voss den 7. november. 12 mann reiser til Voss for å prøva å gjera den sportslege prestasjon betre enn forrige gong. Deltakarlag og kampoppsett finn du ved å klikka deg vidare.
03. Nov, 2009
Debuterte i toppserien
Linn Tveiten, som kjem frå Rosendal Turnlag, debuterte laurdag i Toppserien for Sandviken. Sandviken hadde då tre spelarar frå Rosendal med på kampen. Dette er bra både for fotballmiljøet i Rosendal og spelarane. I tillegg spelar Tina Fausk for Amazon Grimstad i same divisjoen.
Rosendal T.L. gratulerer!
02. Nov, 2009
Kretsfinale
Det har skjedd mykje rundt krinsfinalen i KM jenter. Selbjørn som var eit av finalelaga, vart diska av Hordaland Fotballkrets, grunna bruk av spelarar som ikkje var speleberettiga. Det er no bestemt at Rosendal/Uskedal skal spela returkamp mot Eldar frå Voss, sundag 8. november kl. 15:00. Første kamp endte 2-2 på Voss. Møt fram og heia på jentene. Annonse kjem seinare.
02. Nov, 2009
Fotballfesten 2009
Det vart nok ein velukka avslutning for trenarar, støtteapparat og A-laga, i Rosendal Samfunnshus. Folk kosa seg, og humøret var på topp. Det var rundt 100 stk som deltok. Leif Sverre Enes var festleiar, noko han gjorde på ein flott måte. Ein god middag vart laga av Tomas Berius, og bra musikk var det av Midnight Special. Det var utdeling av blomar og medaljer til trenarar og spelarar og mange gode ord.
02. Nov, 2009
Anders fekk stipend av Brann
Unggutane Anders Næs og Øystein Øvretveit fekk tildelt midlar frå to minnefond sundag.
I pausen på Brann Stadion under kampen mellom Brann og Rosenborg sundag fekk Brann-juniorane Anders Næs og Øystein Øvretveit tildelt kvart sitt idrettsstipend verdt 10.000 kroner.
02. Nov, 2009
Fotballfesten
90 personar har meldt seg på til fotballfesten som startar klokka 20:00 i morgon (laurdag). Hovudretten er lammesteik laga av Thomas Berius. Festarrangørane håpar at alle stiller til rett tid ;)
30. Oct, 2009
Kretsfinale
Kampen til jentelaget f.92/94 til Rosendal/Uskedal laurdag 31.oktober er utsatt truleg til neste helg. Selbjørn, som Rosendal/Uskedal skal møta, er blitt sjuke, det gjeld heile laget.
29. Oct, 2009
Jente 92-94 i kamp om kretsmeisterskapen
2-2 vart resultatet mot i kampen mot Eldar på Voss. Tonje Skåla og Marte Ingebretsen var målskorarar for Rosendal. Dersom jentene vinn kampen mot Selbjørn på neste laurdag klokka 15:00, er dei kretsmeisterar. Vi oppmoar alle som kan om å koma og heia på jentene.
24. Oct, 2009
Det vert ikkje idrettsskule idag
Det vert ikkje trening for Idrettsskulen idag kl.18.00 grunna Solidaritetsmarsj på Malmanger skule. Oppmodar alle å stille på marsjen kl 17.30 i staden.
Helsing Kjersti
22. Oct, 2009
Damelaget rykker ned
Det er no avgjort. Sjølv om damelaget greidde å koma seg opp på nestsiste plass, vert det likevel direkte nedrykk og ingen kvalikk kampar. Dermed vert det 4. divisjon på damelaget neste år.
20. Oct, 2009
Vellukka lagmeisterskap i friidrett
I helga arrangerte Rosendal Turnlag lagsmeisterskap i friidrett for gutar og jenter i klassane 10-19 år. I tillegg vart det arrangert 2 øvingar for rekruttklassen 7-9 år. Strålande ver, eit stort korps av velvillege funksjonærar og ikkje minst rekorddeltaking av nær 60 utøvarar det til eit svært vellukka arrangement. Det vart avvikla 3 øvingar laurdag og 4 øvingar søndag. Resultat og bilde frå dagane finn du på friidretten sine sider.
19. Oct, 2009
Rosendal gut-14 puljevinnar
Etter seier tysdag kveld med 8 - 3 heime mot Halsnøy er Rosendal sitt smågutelag i 14-års klassen med ein kamp att klare som puljevinnarar i 2. divisjon pulje 1 i Hordaland. Vi har denne sesongen så langt spelt 20 kampar i ein trippel serie (3 kampar mot kvart lag), og det var ei fantastisk glede å kunne avslutte som puljevinnarar før siste bortekamp mot Bremnes 2, som vert utan betyding for gruppesigeren. Vi har no 52 poeng mot Halsnøy sine 43, og med ein margin på 9 poeng kan ingen andre lag ta oss att. Sjå kopi av tabellen nedanfor.
14. Oct, 2009
Fest for minilaga
Tysdag kveld var rundt 50 minispelarar og mange føresette samla i vestibylen i samfunnshuset for å avslutte årets fotballsesong. Stemninga er det aldri noko å seia på når desse spelarane er samla. Pokalar vart delt ut av Arvid Nes, etterpå var det klart for pølser og brus.
13. Oct, 2009
Avslutningsfestar for fotballen
Det er snart tid for å avslutte ein lang fotballsesong. Minilaga skal ha avslutningsfest i vestibylen på samfunnshuset i kveld (13.10) klokka 17:30.
13. Oct, 2009
Lagmeisterskap i friidrett
Laurdag 17. og søndag 18. oktober arrangerer Rosendal Turnlag lagsmeisterskap i friidrett på Rosendal Stadion. Stemnet er for guter og jenter fødde i 1990 -1999
I tillegg blir det rekruttklasse for 7-9 år. (Alle som er fødde i 00, 01 og 02)
12. Oct, 2009
Damelaget vann 2-0
Damelaget vann 2-0 over Os no i ettermiddag. Dette betyr at dei kan kjempa om ein kvalikkplass. Målskorarar var Kristine Enes Medhus (straffe) og Gørill Samland Eik.
11. Oct, 2009
Herrelaget tapte 6-2
Herrelaget tapte idag 6-2 mot Loddefjord. Med to sjølvmål og eit straffespark imot vart det ein tung kamp. Rosendal kan klare å halde seg i divisjonen dersom dei greier nest siste plass.
10. Oct, 2009
Kretsmiesterskap i fotball for jenter 92-94
08. Oct, 2009
Resultatliste Kvinnheradløpet
Resultata frå Kvinnheradløpet er klare, Ståle Vange vann herreklassen medan Marit Årthun vann kvinneklassen.
04. Oct, 2009
Uavgjort for herrane
Med noko redusert mannskap reiste herrelaget til Bergen og møtte Ny-Kronborg. Etter 5 minutt i første omgong førte Håvard Sætrevik Rosendal opp i 1-0 leiing.
03. Oct, 2009
Fyrste bortecup for minijenter 2001-2002
Laget er nytt for året, og var med på Minicupen i Herøysund på søndag. Laget spelte sine fyrste kampar utanfor Rosendal. Sjølv om været var dårleg, var humøret på topp.
02. Oct, 2009
3 poeng til Rosendal
Herrelaget spelte i kveld kamp mot Bremnes. Ein viktig kamp i både for heimelaget og bortelaget. Etter ein mållaus og tam første omgang vart det litt meir trøkk i heimelaget i andre omgang.
25. Sep, 2009
Resultatlister frå Kvinnheradløpet
Alle resultatlistene frå Kvinnheradløpet frå 1982 og fram til 2008 er no lagt ut på nettet. Dei finn du i menyen til venstre under "Turgruppa".
24. Sep, 2009
Avslutningsfest for miniane
Tysdag 13. oktober klokka 17:30 vert det avslutningsfest for minilaga i Rosendal Samfunnshus.
22. Sep, 2009
Rosendal dominerte Kvinnheradsmeisterskapet i friidrett
Rekordmange born og ungdom frå Rosendal deltok i Kvinnheradsmeisterskapet i
friidrett som var arrangert på Husnes sist helg. 38 påmelde deltok i kring 180 starter. Og etter god innsats, mange gode resultat og ei røys med
personlege rekordar kunne gjengen reise heim til Rosendal med 125 medaljer.
Av desse var 57 gull.
22. Sep, 2009
Resultat i Kvinnheradløpet gjennom tidene
4. oktober er det klart for det tradisjonsrike Kvinnheradløpet. Her på nettsidene kan du no sjekke resultata frå 1982 og fram til 2005. Meir kjem etterkvart, blant anna deltakarlister på alle løpa i turklassen.
21. Sep, 2009
Treningsleir
Eit av Åsane sine lillegutlag har denne helga vert i Rosendal på treningsleir. Dei kom laurdags morgon, og brukte dagen på fjelltur og sosialt samver. Sundag trente dei på kunstgrasbanen i Rosendal, og avslutta med kamp mot Rosendal sine lillegutar 97.
21. Sep, 2009
Jenter 92-94 seriemeistrar
Jentelaget er seriemeistrar i 7'ar fotball, når to kampar gjenstår. Dei har vunne alle kampane sine, med klar margin. På torsdag slo dei Odda, som ligg på 2. plass, heile 15 - 8. No ventar spel om kretsmeisterskapet for 7'ar i Hordaland. I skrivande stund ser det ut til å verte Selbjørn og Ulvik som vert med i kampen om kretsmeisterskapet.
19. Sep, 2009
Kvinnheradsmeisterskap i friidrett
Kvinnheradsmeisterskap i friidrett på Husnes Idrettspark laurdag 19. og søndag 20. september 2009. Meisterskapet startar kl 12.00 kvar dag og alle deltakarar bør vere på plass på stadion 1130. Vi køyrer frå samfunnshuset i Rosendal kl.10.45. Vi må syte for å få alle utover og det er fint om foreldre som skal køyre kan ta kontakt med Kjersti på 48136404 slik at vi får fylt opp bilane. Det er kjekt med så mange foreldre som muleg på sidelinja.
17. Sep, 2009
Haustlotteri
R.T. fotballgruppa er no klar for å selge lodd til haustlotteriet. Som de vil sjå er gevinstlista variert og flott. Håpar folk støttar opp om loddsalet noko som det er god tradisjon for. Trekkinga vert på den store avslutninga for aldersbestemte lag, søndag 22.november.
17. Sep, 2009
Haustplan for idrettsskulen er klar
Planen for idrettsskulen hausten 2009 er klar, klikk deg vidare for meir informasjon.
14. Sep, 2009
Endeleg siger til herrane
Herrelaget vann fortent 5-2 heime mot Osterøy på laurdag. Med nokre sigera til framover så kan plassen vera redda. Damelaget tapte 2-1 heime mot Øygard som ligg på 3. plass i divisjonen.
14. Sep, 2009
Invitasjon til miniturnering i Herøysund
Sundag 27. september er det klart for årets siste uteturnering for minispelarane. Denne er i Herøysund.
14. Sep, 2009
Nok eit tap for herrelaget
Herrelaget tapte 6-1 borte mot Os 2 i går. Osterøy, som er neste motstandard for Rosendal, spelte 3-3 heime mot Ny-Kronborg. Dermed er det 4 poeng opp til nest siste plassen i divisjonen. No kryssar vi fingrane for ein siger heime komande laurdag.
07. Sep, 2009
Hærverk på kunstgrasbanen
I løpet av helga har nokon svidd av litt av kunstgraset på kunstgrasbanen. Dette er utruleg meinigslaust og kan verte dyrt for den eller dei som har gjort det.
06. Sep, 2009
Idrettsskulen startar opp att 17 september
Vi startar opp att 17 september klokka 18.00. Då vert det utetrening.
04. Sep, 2009
Turn startar opp att etter sommarferie
Bosu er på torsdagar og Pilates på tirsdag.
Barnetrim startar 14. september. Trykk deg vidare for meir informasjon
02. Sep, 2009
Kursinformasjon om aktivitetleiarkurset
02. Sep, 2009
8 medaljar til Rosendal i KM 11-14
I helga vart det avvikla Kretsmeisterskap i friidrett for klasse 11-14 år. Stemnet gjekk på Fana Stadion i rikeleg med regn og til dels sterk motvind på kortdistansane. Rosendal Turnlag stilte med tre deltakarar og samla tok dei med 8 medaljar heim til Rosendal. Kjempe innsats og fleire personlege rekordar trass i dei vanskelege tilhøva.
31. Aug, 2009
Damene spelte uavgjort, medan herrene tapte
Damene spelte 2-2 mot Follese igår. Kampen starta dårleg for heimelaget med 0-2 i målprotokollen etter kun få minutt spelt. Herrane spelte kamp på laurdag mot Valestrand/Hjellevik.
31. Aug, 2009
Kampoppsett miniturnering på Heio
Her er kamoppsettet til HeioCup som går av stabelen til helga.
31. Aug, 2009
HeioCup påmelding
Uskedalen arrangerar HeioCup 6. september. Cupen er for gutar og jenter fødd mellom 1999 og 2002. Påmelding må skje innan laurdag 29. august.
Påmeldingsskjema og meir informasjon finn du ved å klikke deg vidare.
26. Aug, 2009
Informasjon om aktivitetsleiarkurs
Aktivitetslederkurs barneidrett (16 timer) "Lek og lær". Dette er et 16 timer kurs som går over en helg, lørdag og søndag. Her får en innføring og opplæring innen ulike aktiviteter, både ute og inne samt teoretisk stoff. Kurset krever ingen forkunnskaper og passer for alle som trener/leder barn gjennom fysisk aktivitet, eller for de som vil starte opp med idrettsskole og skolerer unge assistenter.
25. Aug, 2009
Stordleikane
I helga vart Stordleikane arrangert. Her møttes heile vestlandet i friidrett. Frå Rosendal Turnlag stilte Sondre Eskeland (13), Kristoffer
Eskeland(10) og Anders Bennæs(12). Desse flotte gutane markerte seg med fleire gode resultat.
25. Aug, 2009
RT representert i Skåla opp
Laurdag 15. August vart Skåla opp arrangert i Loen i Stryn. Frå Kvinnherad var det fleire påmelde, men ut frå resultatlista ser det ut for at det var Rosendal Turnlag med Åsmund Mehl i konkurranseklassen, og Ole Martin Mehl i mosjonsklassen som deltok.
19. Aug, 2009
Aktivitetslederkurs for barn!
Hordaland Idrettskrets kommer til Rosendal 12. og 13. september for å holde kurs. Dette er eit kurs som er aktuelt både for vaksne og ungdom.
Det blir både aktiv og teoretisk undervisning.
19. Aug, 2009
Fortent siger
Herre A-laget vann 2-1 over Årstad på laurdag. Dette var ein fortent og viktig siger for herrane. Neste kamp er allereie på onsdag klokka 1900 mot Norges Handelshøyskole.
17. Aug, 2009
Friidretten tek til att
Friidretten for 4 kl. og oppover tek til tirsdag 18.august kl.18.00 på banen.Det vert oppkøyring til kretsmesterskapet 29-30
august på Fana stadion.Alle gamle og nye medlemmer velkomne!!!
Idrettsskulen tek til att ein gong i september.Det vert lagt inn treningsplan etterkvart.
Kjersti
17. Aug, 2009
Internasjonale toppduellar i Nuten Opp 9. august
Sundag 9. august kan publikum oppleva internasjonale idrettsstjerner på nært hald under fjelløpet NutenOpp, som i år er minneløp for Jon Tvedt. På startstreken står også i år seks gonger verdensmeister i motbakkeløp Jonathan Craig Wyatt (biletet) frå New Zealand. Han får knalltøff konkurranse av m.a. to kenyanske toppløparar.
04. Aug, 2009
Norway Cup 2009
Då er Norway Cup over for denne gang. Det er kjekt å sjå at laga våre er på høgde spelemessig med mange av dei gode laga i Norway Cup. Veka i Oslo hadde drama i seg på heile registeret, følelsemessig. Flotte mål, bra spel, spennande kampar, og igjen tap på myntkast. Det er flott å sjå at mange folk heimefrå møter opp og støttar laga våre bra, om sola skein eller det styrtregna. Engasjementet frå folk heime er stort, mobilane gløda heile tida.
02. Aug, 2009
Besøksrekord på nettstaden
I samband med Norway Cup har det vert besøksrekord på nettstaden til Rosendal Turnlag. Talet har stege jamnt gjennom turneringa og toppa seg igår med 261 unike treff. Det vil seia 261 ulike pc'ar har vert innom.
31. Jul, 2009
Jentene tapte 1-0 mot tyske Endorf i kvartfinalen
Jentene spelte jamnt med tyskarane, men det ville seg ikkje denne gongen. Innsatsen var fabelaktig. Tonje K. Bryn skora på frispark i andre omgong, men dommaren annullerte målet grunna at det var eit inndirekte frispark.
30. Jul, 2009
Rosendalsjentene tapte på myntkast
Rosendalsjentene kjempa hardt i semifinalen. Dei spelte ein kjempekamp der dei hadde presset på motstandaren gjennom heile kampen.
30. Jul, 2009
Småjenter -13 vidare til semifinale etter dramatisk kamp!
Rosendalsjentene fekk ein tøff start med 2 på skadelista og 1-0 i mot allereie etter 5-6 minutt. Fleir mål vart det ikkje i omgangen og pauseresultatet vart 1-0 til Falkeid.
30. Jul, 2009
Kampar i dag
Småjenter 13 skal i ilden mot Falkeid klokka 12:50 i dag. Dei skal spela kvartfinale i B-sluttspelet. Småjenter 14 spelar kvartfinale i A-sluttspelet klokka 16:40 mot Endorf SV.
30. Jul, 2009
Småjentene vann 3-1 og er klare for kvartfinale i A-sluttspel
Småjentene vann heile 3-1 i 8-dels finalen mot Herd! Det stod 1-0 til Rosendal til pause, like etter pause utlikna Herd til 1-1. Jentene tok tak i kampen att og klinka inn to mål til. Dermed er det klart for kvartfinale i A-sluttspelet!!! Gratulerar!
30. Jul, 2009
Herd vert motstander for Småjenter 14
Herd vann 2-1 over Olsvik 2 i kveld. Dermed er det klart for Rosendal - Herd i morgon klokka 09:00. Herd kom på andre plass i si pulje som hadde 5 lag. Dei vann 3 kampar og tapte 1.
29. Jul, 2009
Småjentene vidare med 3-0 siger medan Smågutane tapte med 1-0.
Jentene spelte ein framifrå kamp med flotte skoringar. Det vert meldt om enorm stemning blant jentene og alle tilreisande publikummarar. Gutane tapte med 1-0 for Åmot. Dermed er det over og ut for gutane i denne omgang.
29. Jul, 2009
Sluttspelkampane klare
Småjenter- 14 møter Hasundgot i i 16.- delsfinale dag klokka 16:40. Småjenter- 13 møter Tønsberg eller Falkeid i kvartfinale klokka 12:50 i morgon. Smågutane møter Åmot i 16.- delsfinale idag klokka 16:40. Klikk deg vidare og les korleis motstandarane har gjort det i sitt puljespel.
29. Jul, 2009
Alle vidare til sluttspelet
Smågutane klarde 1-0 mot Rollon i kveld og enda dermed på ein 3. plass i pulja. Dette betyr at dei er klare for B-sluttspelet. Målskorar var Jonas Havnerås. No er alle tre laga klare for sluttspel.
28. Jul, 2009
Småjentene vann 6-0 i siste kamp
Småjenter -14 leia 2-0 til pause. I andre omgang la dei på til 6-0 og er dermed klare puljevinnarar og klare for A - sluttspel.
I den andre kampen i pulja mellom Vigør og Enebakk er vann Enebakk 1-0.
28. Jul, 2009
Småjente 13 - til B-sluttspelet
Oppegård forsvarte seg godt i kampen mot rosendalsjentene idag. Spelemessig var Rosendal det beste laget og det var synd dei ikkje greide putte eit mål.
28. Jul, 2009
Rosendalsspelarar på TV-Norge
Dersom du ser på aktuellt og været i kveld klokka 22:30 så vil du mest synleg få med deg intervju av nokre av rosendalsspelarane.
27. Jul, 2009
2-1 tap for både jentene og gutane
Både småjente 13 år og smågutane tapte sine kampar no i kveld. Diverre var ikkje marginane på Rosendal si side i desse kampane, men håpet for avansement lever vidare.
27. Jul, 2009
1-1 for småjentene i dag
Småjenter -14 spelte i dag 1-1 mot Vigør. Rosendal dominerte gjennom heile kampen, men klarte ikkje å putta det avgjerande målet.
27. Jul, 2009
Tøff start for smågutane
Smågutelaget møtte i dag eit veldig godt lag i sin første kamp i Norway Cup. Skedsmo vann heile 7-0, men det vert meldt om god innsats av gutane.
27. Jul, 2009
Småjente 13 vann og sin første kamp
Småjente 13 leia 2-0 mot Herd til pause! Helene Skåla og Kari Bråtun skora kvar sitt mål. Jentene sto på i andre omgang og, noko som resulterte to nye mål av Helene og kari.
26. Jul, 2009
Småjente 14 vann sin første kamp
Småjenter 14 år, er nett ferdig med sin første kamp. Den vann dei 2-1 mot Enebakk etter ein spanande kamp. Inga Øye sette inn første målet til Rosendal med eit langskot som enda i krysset.
26. Jul, 2009
På plass på Ekebergsletta
Norwaycup-deltakarane er komen vel fram til skulen dei skal bu på gjennom turneringa. Turen øve fjellet gjekk fint og dei er idag klare for kampar.
26. Jul, 2009
Ny pulje for G14 laget
G14 laget er satt opp i ny pulje og har dermed fått nytt kampoppsett. Den nye pulja består av 4 lag.
21. Jul, 2009
Norway Cup
Laga som skal til Norway Cup har trent bra i sommar, så dei skal være godt førebudd. Vi er komen i gruppe med gode lag.
18. Jul, 2009
Trenarskifte på damelaget
Leiv Kristian Skaala som har trent A-lag damer i 09, har gitt beskjed om at han trekker seg. Styret vil takke han for innsatsen.
05. Jul, 2009
Norway Cup 2009
No er det Norway Cup som står for tur. 25.juli reiser R.T. med 3 lag: 2 småjentelag og 1 smågutelag. Kjekt å ha med spelarar frå Trio på to av laga.
30. Jun, 2009
Fotballskulen over for denne gong
Fotballskulen vart avslutta 24. juni. Alle dagane vart prega av flott vèr og godt humør på deltakarar og instruktørar. Tusen takk til alle som bidrog!
30. Jun, 2009
Anders Næs i G17-troppen til 4-nasjoners
Norges Fotballforbund har tatt ut Anders Næs i G17-troppen som skal til Sverige og spele 4-nasjonersturnering 13-19. juli.
Norge skal møte Wales, Island og Sverige.
29. Jun, 2009
Fotballskule Rosendal
Nå er vi i gong med fotballskulen. Vi klarte å få med 104 stk. Ein god del måtte vi diverre sei nei til. Stemninga har vært på topp alle dager. Onsdag var det klart for besøk frå Brann.
22. Jun, 2009
Tine Fotballskule
Forballskulen er no fullbooka.
Vi ønskjer alle påmeldte velkomen måndag 22. juni kl. 09:00.
Brann sender tre spelarar frå A-stallen.
Vi treng fleire instruktørar. Er det nokon som har sjanse til å hjelpa til så ta kontakt.
20. Jun, 2009
Seier over Odda
Rosendal/Uskedal jenter 92/94 var fredag i Odda for å spela ein viktig kamp. Det vart seier 7-5 og tabelleiing
20. Jun, 2009
Medlemskontingent
Medlemskontingent for 2009 vert nå sendt ut med forfall 01.07.09. Håpar alle som er med på ulike aktivitetar får tilsendt giro.
18. Jun, 2009
Oppdatering av sidene neste to veker
Underteikna reiser på ferie frå og med i dag. Frode Alfarnes vil vera vikar og oppdatere internettsidene. Då må de bruke denne epostadressa: frode@alfarnes.no for å sende inn stoff.
12. Jun, 2009
Suverent jentelag
Rosendal sitt jentelag f.92/94 som i år spelar 7'ar har hatt det lett til no i årets serie. Dei har spelt 5 kampar, og har vunne alle med klar margin. Dei spelar trippelserie, alle laga møter kvarandre tre gonger.
11. Jun, 2009
Tap for 1998 jentene
Det vart tap for 1998-jentene heime mot Odda Rød. Det stod 1-1 ved pause, men Odda-jentene var svært effektive framfor mål i 2. omgang og vann til slutt fortent 5-1. Mange foreldre og andre møtte fram på kampen, og det er ekstra moro for jentene med ein stor heiagjeng på sidelinja.
08. Jun, 2009
Kretssamling
Helene Skåla og Silje Øyre var søndag 7.juni på treningssamling i regi av Hordaland Fotballkrets. Ca 30 jenter var samla på Åstveit Kunstgras ( Tertnes). Jentene, foreldre og trenarar fekk beskjed om å senke skuldrane dette var kun ei treningssamling og ikkje uttak til kretssamling.
08. Jun, 2009
Vellukka miniturnering
Strålande vêr med passeleg temperatur gjorde sitt til at alle som deltok på miniturenering i Rosendal hadde ein fin dag. Totalt 31 lag var påmelde, noko som tilsvarar rundt 200 spelarar.
I tillegg var søsken, foreldre, besteforeldre og andre på plass for å heie fram laget sitt.
07. Jun, 2009
Advarsel!
Nok eingong prøver "European City Guide" seg på lureri. Får du noko i posten frå dei er det ein ting å gjera, kast det umiddelbart.
05. Jun, 2009
Tre brannspelarar til fotballskulen
Det er stadfesta at det kjem tre spelarar frå Brann sin A-stall på onsdagen under fotballskulen. Kven dei er er ikkje avgjort enno.
04. Jun, 2009
Velkomen til minicup i Rosendal
På komande sundag frå klokka 11.00 til ca 16.00 vert det eit yrande liv på kunstgrasbanen. 31 lag er påmelde noko som betyr at ca 220 spelarar frå 6-10 år vil innta kunstgrasbanen.
04. Jun, 2009
Ny siger til smågutt 95
Tysdag 2. juni spelte laget borte mot Fitjar (7ar) Gutane opna svakt, Fitjar var agresive og slo lange ballar på ein god spiss. Dette medførte at vi låg under 1-4 før gutane skjønna at dette ikkje gjekk lenger. Vi la om på taktikken og alle skjerpa seg, måla byrja å komma.
04. Jun, 2009
Kampoppsett miniturnering i Rosendal
31 lag er påmelde. Vi har prøvd å samle kampane så godt som mogleg. I 2001 klassen er det kun 5 lag, der er det to lag som møter kvarandre to gonger.
02. Jun, 2009
Nytt tap for herrane
02. Jun, 2009
Friidrettsdag komande torsdag
Komande torsdag 4.juni kl 18.00 vert det friidrettsdag på Rosendal idrettsbane. Alle som har gått på idrettsskulen ,som går på idrettsskulen og andre som kanskje kunne ha lyst å begynne på idrettsskulen er hjerteleg velkomen.
02. Jun, 2009
Siger til Damelaget
Rosendal vann laurdag over Arna/Bjørnar 2, 2-1. Måla vart scora av Kristine Enes og Gøril S. Eik. Honnør til heile laget for god innsats!
31. May, 2009
Oldboystrening i kveld
27. May, 2009
Tine Fotballskule på Rosendal Stadion 22. - 24. juni 2009
Tida nermar seg for den årlege og populære fotballskulen i Rosendal. Fotballskulen er for både gutar og jenter født i tidsrommet 1996-2001.
27. May, 2009
Tre kamper på tre dager for Næs
26. May, 2009
Småjentene vann borte mot Bremnes
Småjenter 95-96 var søndag til Bremnes og spelte kamp,det blei eit målrikt oppgjer iallefall den eine veien.vi hadde ialt 7 målskårere,og det viser at desse jentene både kan og vil.Vi hadde heller ingen mål mot oss i denne kampen,og det har vi klart i 3 av 5 kamper i år,så det er bra.
25. May, 2009
Anders Næs spelte A-kamp for Brann
Anders fekk sin deby for A-laget til Brann igår. I det 74. minutt kom han inn for Tijan Jaiteh. Anders hadde eit godt skot på mål i det 85. minutt som Lyngbø keeper greide å få slått ut.
25. May, 2009
Flott tur til Gol
Oldboysane reiste med godt mot til Gol på fredag for å delta i Bjørnecup. Vi reiste opp på fredagen og var klare for kamp allereie klokka 09:00 på laurdagen. Kroppane var nok ikkje heilt innstilt på kamp så tidleg så første kamp vart noko lurvete.
25. May, 2009
Bilete frå miniturneringa på Husnes
På laurdag var det klart for årets miniturnering på Kvednabekkjen på Husnes. Det var tilsaman 32 lag som var påmelde.
25. May, 2009
Triostafetten vart arrangert for 44.gong på Valen.
På laurdag 23. mai var det triostafett for 44. gong. Rosendal vann både guteklassen (tida: 7.00.7) og herreklassen(tida 18.50.8). Rosendal sitt 2.gutelag kom på 3.plass.(tida:7.34.2)
25. May, 2009
Resultat aldersbestemt
Det har vore ein flott start for dei aldersbestemte laga i Rosendal. Mykje god fotball og innsats er vist av desse laga. Klikk deg vidare for å sjå dei siste resultatene:
21. May, 2009
Invitasjon miniputt-turnering på Rosendal Kunstgras
Rosendal Turnlag arrangerar sundag 7. juni årets tredje miniputt-turnering. Turneringa vert spelt som 5'ar fotball i desse klassane: 2002, 2001, 2000 og jenter 1999.
21. May, 2009
Ny siger for lillejenter 98
Det vart ein ny siger for lillejenter 98 i heimekampen mot Odda Hvit 20. mai. I første omgang var Odda best reint spelemessig, men Rosendal var effektive framfor mål og det stod 2-2 ved pause.
21. May, 2009
Sommarferie for barnetrimmen
Barnetrim og resten av "turngruppa" har teke sommarferie. Vi vil takke instruktørar, born, foreldre og alle medlemer for ein fin sesong.
19. May, 2009
Oldboystrening i kveld
Det er oldboystrening i kveld (måndag) klokka 2000. Det vert kamp mot gutalaget, så ta med leggskinn!
18. May, 2009
Kampoppsett miniputt-turnering på Kvednabekkjen
Laurdag (23.mai) er det duka for årets andre uteturnering for miniputtar, denne gongen på Kvednabekkjen. Heile 32 lag er påmeldt. Vedlagt er kampoppsettet.
18. May, 2009
Turnering Tyssedal
13. mai hadde Mini 98/99 si første turnering for året i Tyssedal. Då vi i år har fått med ein del 98 spelarar på 99 laget, stilte vi med 2 lag og totalt 17 spelarar. Spelarane koste seg i finveret, og det var kjekt å møte nye lag, då vi tidligare kun har møtt lag frå Kvinnherad.
15. May, 2009
Tap for herrane
www.kvinnheringen.no : Etter det femte serietapet på rad meiner påtroppande trenar at ein berre må erkjenna at laget er for dårleg trent.
15. May, 2009
Siger for Lillejenter 98
Lillejenter 1999 spela i går borte mot Skare IL og grunna fleire forfall vart det denne gongen 5-er fotball. Det er ikkje alle som er like heldige som oss i Rosendal når det gjeld baneforhold, og Skare IL er blant laga i Hordaland som må spela heimekampane sine på grusbane.
15. May, 2009
To kampar idag
Idag er det duka for to kampar samtsundes på Rosendal Stadion. A-laget herrar møter Os2 på grasbanen, medan gutalaget står føre eit lokaloppgjer mot Halsnøy på kunstgraset. Begge kampane startar 18:30.
14. May, 2009
Miniputt-turnering på Kvednabekkjen
Trio arrangerer laurdag 23.mai årets andre uteturnering for dei minste (7-9 år) på Kvednabekkjen Kunstgras. Turneringa arrangerast som 5ar-fotball for årsklassane 2000, 2001 og 2002 på Kvednabekkjen kunstgras for klubbane i Kvinnherad.
14. May, 2009
Høgdepunkt frå kampen mellom Valestrand Hjellvik - Rosendal
Hei, og takk for kampen, Rosendal. Det ble mer spennende enn vi trodde på forhånd, takket være god innsats fra hardt kjempende Rosendalspillere.
Klikk deg videre for å se høgdepunkt fra kampen på webtv!
13. May, 2009
Mykje aktivitet i turnlaget idag
12. May, 2009
Sesongopning jenter 11 år
Jenter 11 år hadde sesongopninga borte mot Odda onsdag 6. mai. Odda vart for sterke og vann heile 7-1. Vi har i år ein liten spelarstall, men 1999-laget hjelper oss med eit par spelarar slik at vi kan stilla 7-er lag.
11. May, 2009
Terrengløp
Det har vært gjennomført 3 terrengløp i baroniet og Steinparken i vår. Det siste er på komande tirsdag 12. mai kl 18.00. Alle er hjertelig velkomen!
11. May, 2009
Kjekk miniturnering på Halsnøy
PS! Nye bilete er lagt ut.
Den første miniturneringa for året gjekk av stabelen på Halsnøy idag. Det var mykje snakk om vêret på førehand, og yr.no har nok hatt mange treff siste veka. Heldigvis vart ikkje vêret så gale som ein hadde frykta.
09. May, 2009
Informasjon angåande miniturneringa i morgon
Litt praktiske opplysningar anngåande turneringa på Halsnøy. Arrangørane ber
foreldre parkere ved samfunnshuset eller inne på området til Øyatun skule under cupen i morgon.
08. May, 2009
Pressemelding frå Rosendal Turnlag
Andrejus Tereskinas, a-laget sin trenar frå Lithauen og Rosendal Turnlag er med verknad frå i dag 7. mai blitt samde om å avslutta samarbeidet. Årsaka til at vi saman valde denne løysinga er at kommunikasjonsproblema (språkproblema) mellom trenar og spelegruppa gjorde samarbeidet vanskeleg, og er slik partane ser det ein medverkande årsak til at resultata i dei fyrste seriekampane har vore dårlege.
08. May, 2009
Idrettsdagen er flytta
Den planlagde Idrettsdagen vert flytta frå laurdag 6. juni til torsdag 4. juni kl 18.00. Dette grunna anna arrangement.
08. May, 2009
Framleis lagsdrakter for sal
Det er framleis eindel lagsdrakter på lager. Nytt høvet til å kjøpe drakta no medan det er bra utval av størrelsar.
06. May, 2009
Kampoppsett Bjørnecup Oldboys
Då er kampoppsettet til Bjørnecupen på Gol klart. Alle kampane går på Laurdagen frå tidleg morgon til litt utpå kvelden. Klikk deg vidare for oppsettet. PS! Trening til vanleg tid i morgon.
05. May, 2009
Kampoppsett miniturnering på Halsnøy
Då er kampoppsettet klart for årets fyrst miniturnering. Fyrst ut er som kjend Halsnøy, turneringa startar klokka 10:00. Klikk deg vidare for oppsettet.
05. May, 2009
Tap for begge A-laga
Herrelaget tapte 1-0 heime mot Laksevåg medan damelaget tapte 3-0 borte mot Follese i helga. No får vi håpe at årets første siger kjem i neste kamp for begge laga.
04. May, 2009
Dagens ros
Dagens ros går til Jan Ove Johansen som installerte varmt og kaldt vatn samt monterte vask i kiosken til Rosendal T.L. Dette vart gjort på dugnad. Det er flott gjort.
04. May, 2009
Andrejus Tereskinas speleklar
Andrejus Tereskinas er speleklar til kampen på laurdag. Så dei som vil sjå den tidlegare landslagsspelaren utfolda seg på Rosendal Stadion, må stille på kamp klokka 15:00 på laurdag.
30. Apr, 2009
Smågutane vann 10-3
Smågutane til Stord måtte reise heim til Stord med 10-3 tap på tysdag. På heimesidene til Stord, lure dei på kva som "traff dei" i Rosendal. Klikk deg vidare for å lesa referatet frå Stord.
30. Apr, 2009
Tap for damelaget
Damelaget spelte borte mot Hordabø i sin andre seriekamp for året i 3. divisjon. Diverre vart Hordabø for gode for damelaget og det enda 7-2 i favør Hordabø.
27. Apr, 2009
Nytt Rosendal-tap
www.kvinnheringen.no: Rosendal gjekk på eit nytt tap i utekampen mot Årstad laurdag ettermiddag. Bergensarane vann til slutt 5–2, etter at Rosendal hadde leia både 1–0 og 2–1.
27. Apr, 2009
Miniturnering
Laurdag 9. mai vert første cupen for minilag 6-10 år arrangert. Denne skal vera på Halsnøy. Alle minilag må melde frå til Arvid Nes om dei vert med og kor mange lag dei melder på. Frist 30.april.
27. Apr, 2009
Norway Cup
Rosendal Turnlag har meldt på 3 lag til årets Norway Cup. Det er jenter -96, 11'ar fotball, jenter -95, 7'ar fotball og gutar -95, 11'er fotball.
27. Apr, 2009
Første kamp for lillegut 12 år
Trio Valen - Rosendal (8-4). Det var to gode lag som møttest til dyst på Husnes tirsdag kveld. Mykje fin fotball med mange sjansar til begge lag.
24. Apr, 2009
Stor pågong på barnefotballtrening
Det er i år 29 spelarar på årets lag for minijenter 01-03 og minigutar 02-03. Desse trenar ilag kvar tysdag klokka 17.00.
22. Apr, 2009
Nokre bilete frå barnefotballtrening
Bjarne Klette har teke nokre fine bilete frå fotballtrening for dei yngste. Klikk deg vidare for å sjå dei.
22. Apr, 2009
Stem på Alexander
Rosendalsguten og fotballspelar, Alexander fekk diganosen diabetes 1 i då han berre var 1 1/2 år. Sjølv om han har sjukdomen har han eit aktivt liv og dyrka fritidsaktivitetane fotball og skulekorps.
17. Apr, 2009
Kampoversikt
I kalenderen til høgre på sida vil vi prøve å oppdatere heimekampar for Rosendalslaga. Oppsettet er teke utfrå "Speaker" sine sider.
17. Apr, 2009
Minicupar 2009
Tid og stad for minicupane er no fastsatt. Det vert som i fjor, 5 cupar fordelt på bygdene i kommunen, fyrste er allereie 9. mai. Alle cupane er lagt inn i aktivitetskalenderen, påmelding kjem i god tid føre cupane.
17. Apr, 2009
God sesongstart for aldersbestemte lag
Tre lag har starta sesongen heime allereie. Alle tre laga vann sine kampar med store siffer.
17. Apr, 2009
Blindleia-Cup 2009 - Internasjonal ungdomsturnering på Sørlandet
Arrangeres 31.juli - 2. august i Lillesand – Sørlandets perle!
Dette er den perfekte turneringen for ungdomslag med ambisjoner og ønsker om å møte internasjonal motstad. Dessuten har man fantastiske muligheter til å arrangere en treningsleir i forkant eller etterkant av turneringen på Sørlandet. Kombinasjonen fotball, sol og Sørlandet er en vinner!
14. Apr, 2009
Klubbbesøk
Hordaland Fotballkrets kommer måndag 27. april til Rosendal på klubbbesøk. Det blir presentasjon av Rosendal T.L. samt diskusjon om forskjellege tema som samarbeid klubb/krets, økonomi, organisering m.m.
10. Apr, 2009
Trenings- og kamptider
For at alle trenarar og lagleiarar, men og spelarar og foreldre skal kunne planlegge fotballkvardagen betre er det no laga ein vekeplan for banedisponeringa for både grasbanen og kunstgrasbanen i Rosendal.
07. Apr, 2009
Kampoppsett 2009
Kampoppsett for alle lag frå smågut/jente til A-laga er no lagt ut. Lenkjene på høgre side for kvart lag er oppdatert for 2009 sesongen.
30. Mar, 2009
Rosendal Smågut 95 på Varegg Cup i Bergen
Rosendal Smågut 95 har dei siste 2 helgene delteke i Varegg Cup i Bergen, som er ei av Vestandets største fotballturneringer med nesten 600 lag deltakande lag. I klassen smågut 95 deltok til saman 42 lag, som var delt inn i grupper med 3 lag i kvar. Kampane går som 11-ar kampar over 2 * 20 min, og vart spela på banar over heile Bergen.
30. Mar, 2009
Minijenter 99 på Triocup
Laurdag arrangerte Trio inneturnering for dei minste i Husneshallen. Rosendal var ikkje representert med meir enn eitt lag, men det var til gjengjeld 10 spreke jenter frå Rosendal J99.
30. Mar, 2009
Båten er forsvunne
Båten som har lege ved kunstgrasbanen har forsvunne i løpet av natt til fredag. Dersom det er nokon som har opplysningar om båten så ver gild og gje beskjed.
27. Mar, 2009
Tøff start for Anders og G17-landslaget
G17-landslaget fekk ingen god opning på EM-mellomspelet. Danmark vart for sterke og vann heile 4-0.
25. Mar, 2009
Tre lag på Triocup
Rosendal stilte 3 lag, to i 97-klassen og eitt i 98. Blide og kjekke gutar som viste mykje positiv fotball i jamnspelte kampar.
23. Mar, 2009
A-lags trenaren er på plass
Andrejus Tereskinas er komen til Rosendal i dag.
Han vil delta på treninga til A-laget i kveld.
19. Mar, 2009
Lokaloppgjer på kunstgraset
Onsdag klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer mellom Rosendal og Trio. Still opp og hjelp heimelaget til siger!
17. Mar, 2009
Innkalling til lagleiarmøter
Hordaland Fotballkrets skal også i år ha informasjonsmøter for alle lagleiarar/trenarar i forkant av seriestart. Vedlagt finn de innkalling til desse møta, med eit oppsett for når møta vert avvikla i dei ulike sonene i kretsen.
17. Mar, 2009
Turnlaget på styreseminar i Hordaland idrettskrets
RT har saman med Lindås idrettslag, Flaktveit idrettsklubb og Kjøkkelvik idrettslag vore på styreseminar i HIK. Dette er eit nytt opplegg for utvikling av styrearbeid i fleiridrettslag som kretsen og idrettsforbundet ville prøve ut.
16. Mar, 2009
Ny struktur på lenkene på sida
Vi har endra litt på strukturen på lenkene på sida. Dei som låg på høgre sida under resultatservice er flytta til menyen til venstre. Der ligg dei alle under "Aktuelle lenker".
11. Mar, 2009
Mål øydelagd i vinden
Natt til sundag vart eit av dei nye store måla øydelagd i vinden. Vinden har teke tak i det og slengt det ned mot gjerde mot sjøen.
09. Mar, 2009
Invitasjon innecupar i barneavdelinga
Laurdag 21.mars er det lillegutar og -jenter i alderen 11-12 år som slepp til i Husneshallen, og laurdagen etter er det dei minste.
09. Mar, 2009
To nye damer til damelaget
Rosendal sitt damelag har fått signert to nye spelarar, denne gongen frå Halsnøy. Spelarane er Elisabeth Hansen Eide og Kristine Solheim. Desse har spelt på Halsnøy sitt damelag tidlegare.
06. Mar, 2009
Anders Næs teken ut til EM-troppen
Anders gjer inntrykk på landslagsleiinga. No er han teken ut til mellomrunden i EM som skal spelast allerie no i mars.
05. Mar, 2009
Innbyttarbuene på plass
Lio Sag og Treforedling har på dugnad laga skalla til innbyttarbuene på kunstgrasbanen. Idag vart dei kjørt på plass og festa til fundamenta.
05. Mar, 2009
Vi har fått båt til henting av ballar
Bodil Øyre har vert så snill og gjeve bort båten sin til fotballgruppa. Som de sikkert veit hamnar det eindel ballar på sjøen gjennom ein sesong. No ligg det båt nede i hjørna ved elveutløpet, klar til bruk.
05. Mar, 2009
Velkomen til ny sesong
Treningane for jenter 99-00 startar opp att onsdag etter vinterferien.
05. Mar, 2009
Grasrotandelen
Frå 1. mars 2009 kan du som spelar hos Norsk Tipping velge eitt lag eller éin forening som skal motta inntil fem prosent av det beløpet du spelar for.
02. Mar, 2009
Tereskinas tilsett
GRENDA: – 10. mars kjem Andrejus Tereskinas til landet og byrjar då umiddelbart som trenar for Rosendal, seier Sigurd Vikøren.
28. Feb, 2009
Minitreningar for gutar
Minigutar 2001 er starta med sine treningar. Minigutar 2000 startar sine treningar tysdag 10. mars.
27. Feb, 2009
Fotballskule ved Hordaland Fotballkrets
Kvart år samlar fotballkretsen alle spelarar som fyller 13 år, inneverande år, til ei kartleggjing av spelarar som skal danna kretslag og vidare til eit landslag.
27. Feb, 2009
Spelemidlar frå Norges Fotballforbund
Rosendal Turnlag v/fotballgruppa, søkte i fjor om midlar til finansiering av dei nye måla på kunstgrasbanen.
I eit brev frå NFF vart det stadfesta utbetaling av spelemidlar.
25. Feb, 2009
Takkar for helsing til 50 årsdag
Åsmund Mehl vil nytta høve til takka alle "skiungane", med foreldre og Rosendal Turnlag for blomehelsing han fekk til 50 års dagen.
25. Feb, 2009
Ungdomsdiskotek 21.mars i Samfunnshuset
Fotballgruppa til Rosendal Turnlag arrangerer rusfritt diskotek for aldersgruppa 10. klasse og oppover.
24. Feb, 2009
Vellukka ekstraordinert årsmøte
Det var eit vellukka ekstraordinært årsmøte i RT i kveld. Det vart vedteke nye lover, noko som var nødvendig for å få samsvar med NIF sine basislover. Den viktigaste endringa er at årsmøtet no skal haldast innan utgangen av februar månad.
24. Feb, 2009
Minigutar 2001 startar treningane
Minigutar 2001 startar oppatt treningane i morgon tirsdag 24. februar klokka 17:00.
23. Feb, 2009
Quiz nr 2 om Rosendal Turnlag
22. Feb, 2009
Ekstraordinært årsmøte i Rosendal Turnlag
Måndag 23. februar kl 1900
i møterommet
Saker:
1. Endring av vedtekter
2. Vedtak av budsjett
3. Utmelding av særforbund
Mvh Styret
22. Feb, 2009
Send inn spørsmål til quizz
Det er kjekt med quizz. No utfordrar vi dykk alle til å sende inn spørsmål som vi kan bruke til quizz her på sida. Klikk deg vidare for meir informasjon.
20. Feb, 2009
Forsterkningar til damelaget
Den tidlegare 2. divisjonsspelaren, Anita Midtun, skreiv idag under kontrakt med damelaget til Rosendal. Ho har fram til denne sesongen spelt på Fana.
19. Feb, 2009
Quiz
Vi har laga ein quiz om turnlaget. Den er ikkje av det vanskelege slaget, iallefall om du føl med på sidene her litt. Klikk deg vidare for å ta quizen;)
19. Feb, 2009
Anders Næs fekk stipend
Anders fekk på kretstinget på Stord idag tildelt stipend for å vera det største fotballtalentet i Hordaland. Dette er utruleg bra med tanke på kor mange som er med i ei slik tevling.
14. Feb, 2009
Fotballjenter på slalomtur
Ein epoke som mini og lillejenter er over og nye utfordringar som småjenter står for tur. Etter travle år kor jentene født 1996 har utført "pålagte plikter" med glans var det omsider duka for belønning i form av hyttetur. Då me var på Voss cup i sommar fekk jentene utlevert gratiskort til skiheisane i Voss Fjellandsby. Og sidan trenar Magne har hytte i Myrkdalen passa det oss ypparleg at han og Hilde inviterte oss dit ei helg.
13. Feb, 2009
Muntleg avtale med Andrejus Tereskinas
Alt tyder no på at Andrejus Tereskinas vil verte A-aget sin komande trenar. Han har muntleg godteke betingelsane som styret i fotballgruppa skissert.
11. Feb, 2009
Snø på kunstgraset
Det er lenge sidan snøen har lege så lenge i lavlandet. Det skapar litt problem med rydding av banen. Det tar si tid når det skal handmåkast.
11. Feb, 2009
Anders spelte mot Tyrkia
Anders spelte dei siste 15 minuttane i dagens 0-0 kamp mot Tyrkia.
10. Feb, 2009
Kampoppsett herre a-lag
Kampoppsettet for 4. divisjon herrer er klart. Klikk vidare for meir informasjon.
10. Feb, 2009
Divisjonsoppsett 2009
Divisjonsoppsett for a-laga og aldersbestemte lag er klart. Klikk deg vidare for meir informasjon.
10. Feb, 2009
Anders spelte ein god kamp mot Nederland
Anders spelte 60 minuttar i kampen mot Nederland igår.
Odd Einar Fossum i Brann meinte at Anders spelte ein veldig god kamp i landslagsdrakta.
09. Feb, 2009
Andrejus Tereskinas sjekkar tilhøva i Rosendal
Den litauiske trenarkandidaten for Rosendal, Andrejus Tereskinas, var idag på plass i Rosendal for å sjekka tilhøva i klubben. A-laget stilte med 18 mann og hadde ein intern oppvisningskamp for Tereskinas.
07. Feb, 2009
Tina Fausk på plass i Grimstad
Tina har forlatt oldboyslaget i Rosendal til fordel for toppserielaget Amazon Grimstad. Ho har no skreve kontrakt med laget i eitt år.
06. Feb, 2009
Invitasjon til Bend It Cup
Idrettslaget Solid inviterer til Bendit Cup. 28. og 29. mars.
Klikk vidare for meir informasjon.
06. Feb, 2009
Litauisk landslagskaptein trenarkandidat
GRENDA: Til helga kjem Andrejus Tereskinas til Rosendal for å møte lokale fotballfolk. Mannen med over 50 landskampar for Litauen er høgaktuell som ny trenar for Rosendal/Uskedal.
03. Feb, 2009
Trykkericup Odda. Miniputt, lille- gutt og jente 14-15. februar
Minner om Odda Trykkericup i innendørsfotball i barnefotballklassane. Turneringa føregår: 14. februar: miniputt 15. februar: lillegutt/lillejente.
02. Feb, 2009
Marcialonga i Italia
6000 personar stilte til start 25.01.2009 i det 70km lange skirennet Marcialonga i Val di Fiemme i Nord-Italia. 2000 av desse var frå Noreg.
30. Jan, 2009
Skirenn i Fjellhaugen
Fyrstkomande sundag er det klart for skirenn i Fjellhaugen. Klokka 12:00 er det barnerenn og klokka 13:00 er det fristilrenn.
29. Jan, 2009
Husk møte idag om minifotball
Husk møte om minifotball sesongen 2009, i kveld klokka 1830!
27. Jan, 2009
Anders Næs er teken ut til landslaget att
Det ser ut til at Anders har meir eller mindre spelt seg til fast plass i G 17- troppen. Landslaget skal til La Manga og spele internasjonal turnering i fyrste halvdel av februar, og Anders er med
23. Jan, 2009
Første annonse på marknadsplassen
Då er det endeleg kome inn annonse på marknadsplassen. Marknadsplassen er sjølvsagt gratis for alle. Bruk den til å få vekk utstyr du ikkje lenger nyttar, truleg er det andre som kan nytta det;) Klikk deg vidare for å kome inn på marknadsplassen
23. Jan, 2009
Attgløymde jakker etter fotballfesten
Det er nokre av dykk som var på fotballfesten før jul som truleg saknar ei jakke. Det heng nokre igjen i samfunnshuset.
22. Jan, 2009
Rotula er lagt ut
Fjorårets Årsmelding (2008) i form av Rotula er lagt ut. Du finn den ved å klikka deg vidare.
21. Jan, 2009
Politierklæring
Dei som ikkje har levert politierklæring må gjere det snarast. Dei som har fått igjen godkjendt må vise den til leiar i gruppa eller laget.
21. Jan, 2009
OBS NY TID! Møte angåande minifotball
Tysdag 27. januar klokka 18.30 vert det møte angåande minifotball, for trenarar og lagleiarar. Møtet vert i "fotballrommet".
20. Jan, 2009
NB!
I den vinden som er no er det særs viktig at alle flyttar måla ned til gjerde mot sjøen, etter trening.
19. Jan, 2009
Tina Fausk til Toppserien
Tidlegare rosendalsspelar, Tina Fausk, skal til neste år spela for Amazon Grimstad som ligg i Toppserien for damer.
19. Jan, 2009
Fotballag fra Åkra
Truleg vil Åkra for første gang stilla med eit lag i serien for miniar. Rosendal T.L. har hatt samtaler med Åkra ved Lars Emil Berge, om å hjelpe til med litt utstyr, påmelding m.m.
16. Jan, 2009
Idrettsskulen 1.- 4. klasse
Terminlista for våren 2009 er lagt ut. Klikk deg vidare for meir informasjon.
16. Jan, 2009
Aktivitetsleiarkurs
Fyrste dagen med aktivitetsleiarkurset er omme. 11 stk møtte, og fekk med seg nyttig informasjon om barnefotball.
14. Jan, 2009
Arvid var i semifinale i Norges Ildsjelpris
Vår eigen Arvid Nes låg heilt i toppsjiktet til å verte blant dei 5 finalistane i Norges Ildsjelpris.
13. Jan, 2009
Anders spelte mot Tyskland
Anders kom inn etter 62 minutt i kampen mot Tyskland. Det vart tap med knappast margin, 1-0 til Tyskland. Tyskland er å rekna som eit av dei beste i verda blant G17 landslaga.
Klikk deg vidare for meir informasjon på NFF sine sider
12. Jan, 2009
Invitasjon til Sørlandet og PlussbankCup 1. - 5. juli
Vi vil invitere ditt lag til PlussbankCup som arrangeres på Sørlandet fra onsdag 1. juli. – søndag 5. juli. Den nye storcupen arrangeres for andre gang, og den er et samarbeidsprosjekt mellom fotballklubbene Fløy fra Flekkerøy, Vindbjart fra Vennesla, Donn fra Kristiansand, Sparebanken Pluss og Dyreparken.
12. Jan, 2009
Aktivitetsleiarkurset
Program og klokkeslett for aktivitetsleiarkurset er klart. Klikk deg vidare for meir informasjon.
09. Jan, 2009
Treningstider - Ski 2009
Trening kvar tysdag kl 17.30 i Fjellhaugen.
Køyring frå Vangstunet kl. 17.00
Kvinnherad Bygg kl. 17.10
Torsdag kl. 17.30 for 12 år og eldre, (saman med Uskedalen)
09. Jan, 2009
Ei flott gåve frå Wenche
Som dei fleste veit har Wenche Skaaluren gjeve ut boka "Minneboka mi" i haust. Det du kanskje ikkje veit er at overskotet på salet av denne boka har ho i dag overrekt Rosendal Trurnlag.
08. Jan, 2009
Nytt frå fotballgruppa
Treningsdagar for dame- og herrelaget er fastsatt. Herrelaget er starta opp medan damelaget startar komande måndag.
07. Jan, 2009
Endra treningstider
Bosu og Pilates treninga har bytta dagar. No er det Bosu på tirsdag kl. 19:30 og Pilates på torsdag 19:30.
07. Jan, 2009
Friidrett treningstider
Idrettsskulen tek til att torsdag 15. januar
kl. 18.00. Friidretten for 4.- 10. klasse tek pause til skisesongen er over.
06. Jan, 2009
Fotballmøter
Det vert informasjonsmøte angåande neste fotballsesong, kommande laurdag, 3. januar, i fotballrommet. Klokka 14:00 for dame a-laget og klokka 15:00 for herre a-laget.
28. Dec, 2008
Jularennet på Korlevoll 2. Juledag 2008
Det var fantastisk vær, rikeleg med snø og nydelege løypeforhold under Jularennet på Korlevoll 2. Juledag. Løpet for dei vaksne er 15km fristil som vart gjennomført med 3 rundar i 5km løypa.
28. Dec, 2008
Aktivitetsleiarkurs
Rosendal T.L. er tildelt aktivitetsleiarkurs, dersom det melder seg nok folk (10 stk). Kurset er open for alle frå heile Kvinnherad, og andre kommunar. Kurset vert i Rosendal Samfunnhus tysdag 13. januar, samt laurdag og sundag 17. og 18. januar.
28. Dec, 2008
Julehelsing
God Jul og Godt Nyttår
Rosendal Turnlag ynskjer alle ei God Jul og eit Godt Nyttår.
Samtundes vil vi takke alle for året som snart er historie.
22. Dec, 2008
Anders Næs på landslaget igjen
Anders er nok ein gong teken ut i landslagstroppen for G17.
G17 skal ha samling på La Manga der dei skal spele landskamp mot Tyskland.
18. Dec, 2008
Marknadsplassen
Har du noko sportsutstyr eller andre ting som du eller dine ikkje nyttar lenger? Då kan du legge det ut her for sal. Kanskje du har nokre møblar du ikkje har bruk for lenger og ;o)
16. Dec, 2008
Populært møbelsal
Også igår vart det godt sal av møblar i samfunnshuset. Så godt at det kjem nye sjansar straks etter nyår!
15. Dec, 2008
Eventyrleg møbelsal
I dag er det satt rekord i møbelsal i samfunnshuset. Det vart selt for om lag dobbelt så mykje i dag i forhold til heile forrige helg.
13. Dec, 2008
Årsmelding - Turgruppa 2008
Her er årsmeldinga til turgruppa. Den er utgjeven i Rotula også, men etter at Rotula vart trykt kom det inn 6 klyppekort. Namna på desse er med i denne versjonen.
08. Dec, 2008
Draumesal i Samfunnshuset
Det er meldt om eit enormt godt møbelsal i Samfunnshuset idag og igår. Heile fem lastebillass med møblar er seld.
06. Dec, 2008
Fotballkalendar 2009
Rosendal Turnlag, ved fotballgruppa, har laga ein "fotballkalendar" for 2009. Denne har bilete frå fotballaktivitetar i 2008. Det vert sal av kalendaren om litt.
05. Dec, 2008
Evalueringsmøte
Torsdag 4.desember kl.18:00 - 20:00 har Hordaland Fotballkrets evalueringsmøte i Samfunnshuset i Rosendal.
01. Dec, 2008
OBS! Ingen Bingo i morgon!
Ved ein feil stod det å lesa i Grenda i dag at det er bingo i morgon 28. november. Dette er ikkje korrekt, neste bingo er 5. desember.
27. Nov, 2008
Sk Djervs sentrumscup for damer
Djerv prøver å få igang ein cup for damer i 3. og 4. divisjon i vinter.
Dei inviterer 10 lag til å vere med, altså først til mølla osv......
26. Nov, 2008
Avdelingsoppsettet for 3. divisjon damer er klart
Oppsettet er klart, klikk deg vidare for å sjå kven damene møter til neste år.
25. Nov, 2008
Møbelsalet
Kjempemulighet til å skaffa seg rimelege møblar. Vert seldt med 50% avslag av butikkpris.
25. Nov, 2008
Møbelsal
No kan du gjera eit kjempekupp ved innkjøp av nye møblar. Øystese fotball ved Roger Vassnes har tatt kontakt med fotballgruppa i Rosendal om sal av møblar. Dei har fått hand om eit lager frå Torpe møbel som har ein utsalsverdi på eit par millionar kroner.
20. Nov, 2008
Gild avslutningsfest
Det var ein gild avslutningsfest for R.T. fotball sine trenarar, lagleiarar og andre med verv i klubben. Humøret var på topp og stemninga var god.
17. Nov, 2008
Seks av sju fotballar komen til rette
For ei tid tilbake skreiv vi om A-lags fotballane som var forsvunne. I alt sju stykk var sporlaust borte.
16. Nov, 2008
Fotballfesten på laurdag
Det vert ein flott fest til helga, iallefall dersom ein skal sjå på antal deltakarar. 100 deltakarar er passert, og dersom du er ein av dei som vil delta, men ikkje har meldt deg på, må dette gjerast til Arvid idag!
11. Nov, 2008
Vinnarane i RT-fotballgruppa sitt lotteri
Vinnarane vart lesne opp på avslutningsfesten til fotballgruppa forrige sundag. Ikkje alle var der, så her er lista over vinnarane.
11. Nov, 2008
Fotballfest for aldersbestemte lag
Godt over 300 personar var med på fotballavslutninga for aldersbestemte lag, i dag i samfunnshuset. Gunnar Våge losa dei gjestene gjennom festen på ein framifrå måte.
09. Nov, 2008
Bilete frå barnetrimmen
Barnetrimmen er staden der dei yngste i Rosendal Turnlag får boltra seg. Dei trenar ein gong i veka i gymsalen. Klikk deg vidare for å sjå nokre bilete frå barnetrimmen.
07. Nov, 2008
Fotballar på avveie
Kampballane til herre a-laget er forsvunne frå skapet. Dersom det er nokon som veit noko om kor dei er, håpar vi de kan ta kontakt. Dette er dyre fotballar.
07. Nov, 2008
Årsmøte 2008
Det vert årsmøte i Samfunnshuset sundag 30. november klokka 18:00 for Rosendal Turnlag.
Sundag 23. november for fotballgruppa på same stad og til same tid .
06. Nov, 2008
Sosial tur til Voss
I kaldt, men flott vær reiste vi til Voss på laurdagen for å delta på Smalahovecup. Vi stilte i "åpen klasse" og såg lyst på eit eventuellt avansement til finale.
03. Nov, 2008
Fotballfestar
Det er klart for avslutningsfestar i fotballgruppa. Miniane har hatt sin fest, no er det resten av dei aldersbestemte laga og dei vaksne sin tur.
28. Oct, 2008
Flott tur til Brann Stadion
Då var endeleg dagen komen for tur til Brann Stadion og kamp mot Stabæk. Småjentene stilte med 17 balljenter til kampen og inkludert foreldre og andre brannsupporterar var vi totalt vel 50 stk som reiste til Bergen. PS! Nye bilete er lagt inn onsdag 22/10.
20. Oct, 2008
Ubeseira gjennom serien
29.september var det på nytt duka for lokaloppgjer mellom Uskedal og Rosendal. Då desse lillejenter (f.96) møttes på Rosendal stadion i juni, var det ein jevn kamp der Rosendal trakk det lengste strået og vann 3 -2. Uskedølane var likevel nøgde med at dei hadde hatt topplaget i kne…
17. Oct, 2008
Trenar- og lagleiarmøte
Det vert trenar- og lagleiarmøte 29. oktober for fotballgruppa.
17. Oct, 2008
Brann tur m/endelige priser
Tid: søndag 19.oktober
Reiser fra Skålakaien med Rødne båt kl.16:30.
Husk å vær ute i god tid!
14. Oct, 2008
Hordabø trakk det lengste strået
Det enda 4-3 til Hordabø i kretsfinalen på stadion i dag. Stillinga var 3-3 då det stod att 3 minutt.
12. Oct, 2008
Årsmelding 2008
No er tida kome for å levera inn årsmelding. Dette gjeld alle lag i Rosendal Turnlag si fotballgruppe samt keeperprosjekt, dommarar m.m.
10. Oct, 2008
Vil du vera med på BRANNKAMP
Brann har lagt av 30 billettar til oss i kampen mot Stabæk sundag 19.oktober, der småjentene skal vera balljenter.
09. Oct, 2008
Brann inviterer småjentelaget til stadion
Småjentelaget til Rosendal er invitert til å vere balljenter i oppgjeret mellom Brann og Stabæk sundag 19. oktober. Rødne sponsar heimturen, då tek båten ein ekstra tur til Os, kjempeflott!
07. Oct, 2008
Jentelaget i avgjerande kamp
Fyrstkommande fredag eller laurdag spelar jentelaget sin siste kamp for sesongen. Kampen går borte mot Trott og vinnaren av kampen vert puljevinnar.
06. Oct, 2008
Orientering i haustferien
Onsdag 8. oktober kl 16.30 er det postplukk i Omshagen.
Oppmøte ved Hestasletto.
Store og små er velkomne.
06. Oct, 2008
A-laget tapte
A-laget tapte 4-1 mot Flaktveit idag. Det var ein kamp som heimelaget aldri fekk skikkeleg tak på.
04. Oct, 2008
Invitasjon til Trenar I-kurs
Denne invitasjonen er retta mot dei som har teke delkurs I og IV i vår. Invitasjon vert sendt ut til dei som har delteke på delkurs I og IV. Kursa blir på Triohuset. Deltakarane betaler kursmateriell. Kostnadane til førelesar vert delt ut på antal deltakarar.
Er du interessert, ta då kontakt med Arvid på tlf. 482 28 026.
03. Oct, 2008
KM-finale for damer i Rosendal
Rosendalsdamene får spela KM-finale for 4. divisjon heime på stadion. Dette skal skje sundag 12. oktober. Klokka 15:00.
03. Oct, 2008
Innlevering av drakter
Så snart sesongen er over for dei enkelte lag skal draktsetta leverast inn til Arvid.
03. Oct, 2008
Fyrste terrengløp for sesongen
Idrettskulen gjennomførte det fyrste terrengløpet for sesongen igår. I fint haustvêr var det folksamt i Steinparken
02. Oct, 2008
Kjekk minifest
Tysdag kveld var det duka for minifest i samfunnshuset. Vestibylen var full av spelarar, trenarar, søsken og foreldre.
01. Oct, 2008
Kvinnheradløpet 2008
Start/Mål Rosendal Stadion
Kl. 11.00- 13.00: Turklasse utan tidtaking.
Kl. 13.00: Fellesstart med tidtaking (f.1997 eller før).
29. Sep, 2008
Linn og Solbjørg spelte for Sandviken
I dag spelte to lokale fotballjenter for Sandviken i 2.divisjonsoppjer mot Fana. Dette var Solbjørg Apeland og Linn Tveiten. Sandviken slo Fana 2-0. Linn scora andre målet litt uti 2. omgang på ein teknisk glimrande halv volley. Ho skaut hardt i målet, etter eit innlegg frå venstre kanten. Dette var første målet for Linn i Sandviken trøya….
28. Sep, 2008
Damelaget i tredjedivisjon
Nymark 2 - Odda 1-1. Odda greide ikkje å slå Nymark med 10 mål idag og rosendalsdamene er definitivt klare for opprykk!
28. Sep, 2008
Ein herleg gjeng
Flott jenter !!!! Alle gjorde ein strålande jobb på banen i dag. Ingen andre enn spelarane og innbyttarane veit korleis presset har vore på oss dei siste to vekene. Då vi med eit redusert lag spelte uavgjort 1-1 mot Nymark på bortebane, fekk jentene til å bestemma seg for å vinna resten av kampane. Når Varegg/Sandviken i tillegg "snubla" dei siste kampane, var det berre Odda og Rosendal som stod att som mogelege vinnarar av serien. Til tross for skader og litt slitne damer, har alle saman vore flinke og stått fram som EIT LAG saman. Det har vore ein tøff haust med fire bortekampar etter kvarandre før siste kampen i dag. No får vi berre håpa at det held heilt inn…(vert avgjort imorgon når Nyrmark og Odda møtest i Bergen).
27. Sep, 2008
Damene nesten klare for opprykk
27. Sep, 2008
Harding-Rosendal 0-7
Rosendals Lillegutt 12 leverte nok en knallkamp. Rosendal tok tak i kampen fra start av. Ordlyden "corner er mål" fikk en ny dimmisjon. Rosendal skrudde 2 cornere inn i mål i løpet av noen få minutter. Til pause ledet Rosendal 5-0.
25. Sep, 2008
Bos på kunstgrasbanen
Kunstgrasbanen er ein ynda plass for aktivitet både på dagtid og kveldstid. Men diverre vert det eindele bos som vert liggjande både på og utanfor banen.
24. Sep, 2008
Avslutningsfest for minilag
Det er tid for avslutningsfest for minilaga. Festen vert halden i Rosendal Samfunnshus - vestibylen - tirsdag 30. september klokka 18:00
22. Sep, 2008
Fotballar på sjøen....
Det hender at når vi er på trening på kunstgrast så er vi uheldige og skyt ein ball eller to på sjøen.
22. Sep, 2008
Informasjonsskilt til Melderskin
På seinsommaren fekk turgruppa sett opp 5 informasjonsskilt langs ruta til Melderskin. Skilta er plassert på Årom, Kassen, Skardsklyp, Holo og på toppen, og tekstane (på både norsk og engelsk) forklarar litt om namnet, geologi og historier knytt til stadane.
22. Sep, 2008
Flott innsats på Jokercup
Siste miniturnering for året gjekk i Herøysund idag. Det var god stemning og mange spelarar i aksjon.
21. Sep, 2008
Flott innsats i Kvinnheradmeisterskapet i friidrett
Flott innsats av Rosendalsgutar i Kvinnheradmeisterskapet i friidrett. Alle satte personlege rekordar og fleire vart kvinnheradsmeistrarar.
21. Sep, 2008
Lille jenter 96 held koken
Laurdag 13. sept. og søndag 14. sept. var 11 blide rosendalsjenter på fotball cup til Prestegardsskogen på Stord, Trott Idrettslag si Spar Haga jenteturnering. Laurdag køyrde me endelig minibuss, noko jentene har masa om lenge.
21. Sep, 2008
Endeleg siger for Rosendal-Uskedal
I flott haustver var det duka for ein viktig heimekamp i Rosendal. Heimelaget satsa offensivt med ein 3-5-2 formasjon, og allereie etter eit halvt minutt var dei farleg frampå med eit skot som gjekk like utanfor. Laga delte jamnt på å ha ballen i dei fyrste minutta. Gneist kom etter sju minutt aleine med målvakt Frank Mehl, men Frank rykte ut og redda skotet meistarleg. Like etter, i det 12. minutt, var det klart for frispark for Gneist frå 20. meters hald, skotet var hardt, men muren tok i mot.
21. Sep, 2008
Kanskje dei beste lysforholda i kommunen
Dei som bur i Rosendal og omegn har nok merka seg at flomlyset på kunstgrasbanen no er i orden. Med lavt skydekke i kveld så vart det ekstra merkbart.
19. Sep, 2008
Då er lyset på!
Då har kunstgrasbanen fått lys! Det vil no slå seg automatisk på ved skumringstid og slår seg av klokka 21:30.
18. Sep, 2008
Kampoppsett for Minigutar 00/01
Her kampoppsettet for minigutar 00/01 til søndagens cup i Herøysund . De finn og laginndelinga her. Vil be om at de møter minimum 20 minutt før kampstart for ditt lag.
18. Sep, 2008
Kampoppsett Miniturnering i Herøysund
Kampoppsettet i Herøysund er klart. Dette oppsettet viser alle kampane til alle laga
18. Sep, 2008
Reis til Tyssedal og hjelp damelaget
Søndag klokka 16:00 skal damelaget til Tyssedal og spela nest siste kamp for sesongen. Vinne dei denne bortekampen så vil dei ved å vinna siste kamp, som er heime mot Fana 2 neste laurdag, rykkja opp.
16. Sep, 2008
Anders Næs i EM-troppen
Brannspelaren "vår" er teken ut til å spela for G16 landslaget i EM-kvalifiseringskampar på Island. Dette skjer i neste veke. Norge skal spela mot Ukraina, Sveits og Island. Dei to beste laga går vidare til mellomrunden.
16. Sep, 2008
Det vert ikkje friidrett på tirsdag
Det vert ikkje trening i friidrett
for 4 klasse og oppover på kommande tirsdag.
15. Sep, 2008
Lillegutelaget vann mot Valen
14. Sep, 2008
Bortesiger til lillegutar 12 år
10. Sep, 2008
Loddsalet for fotballgruppa
10. Sep, 2008
Idrettsskulen 1.- 4. klasse
Terminlista for idrettsskulen for fyrste til fjerde klasse er klar.
08. Sep, 2008
Damelaget vann borte mot Løv-Ham
08. Sep, 2008
Invitasjon til miniturnering
Det er klart for den siste miniturneringa. Den er i Herøysund 21. september
07. Sep, 2008
Flott dag på HeioCup
Rosendal stilte med mange lag på HeioCup. Mykje folk og mange gode kampar gjorde sitt til at det vart ein flott dag.
07. Sep, 2008
Anders Næs storspelte
Anders skora tre mål i kampen mot Austevoll igår. Klikk deg vidare for å lesa kor viktig Anders var i oppgjeret.
07. Sep, 2008
Ny god kamp av lillegut 12
Det vart tap 3-5 mot Solnut på kunstgraset, men vi fortviler ikkje. Framgangen er for tida og ta og føla på.
05. Sep, 2008
OBS! Nytt kampoppsett til Heio Cup
Grunna fleire lag som har meldt seg på er det komen nytt kampoppsett.
03. Sep, 2008
Årsbeste trass tap i Odda
3-4 vart feira som seier. Lillegutane jobba skikkeleg godt mot eit sterkt Oddalag. Vi låg under 0-2 før vi utlikna til 2-2, noko som vart pauseresultatet. Odda gjekk enno ein gong opp i leilinga, men gutane stod på og ordna balanse i rekneskapen.
02. Sep, 2008
Treningsplan idrettskulen
Treningsplan for idrettskulen vert lagt inn på nettsida ved oppstart i veke 37.
02. Sep, 2008
Kretsmesterskap i friidrett
Kretsmesterskap i friidrett for 11 til 14 år på Osterøy 30.- 31 august. Fire gutar frå Rosendal deltok på KM i friidrett i helga. Det var deltakarrekord og det vart satt årsbeste i landet i fleire øvelsar.
01. Sep, 2008
Velkomen til ny side
Den nye sida til turnlaget er oppe og går. Ta deg litt tid og gjer deg kjend med sida.
26. Aug, 2008
Flott kamp av damene
Damelaget hadde ein flott kamp mot Åsane II på laurdag, og til tider glimrande fotballspel. Laget me spela 2-2- mot i vår, vart overkøyrde av Rosendalsdamene.
25. Aug, 2008
RSS 2.0 Tilbake





























