Storspel av Lillegut 11
Klikk på bileta for å få dei større. Tekst/foto: Erlend Bøyum
26 august var Trio på besøk til årets første haustkamp. Etter den spennande bortekampen mot samme lag rekna vi med eit tett og jevnt oppgjer, og dette skulle visa seg å stemma.
Ian var tilbake i slag på topp, og på goalgetter vis fekk han lurt inn både 1-0 og 2-0 i første omgang. Trio reduserte til 2-1, før Kristian banka inn 3-1 med eit skot heilt oppe i krysset etter ei nydelig kontring. Like før pause mista vi konsentrasjonen, og Trio fekk krangla inn 3-2 like før halvtid.
Spelet fortsatte å bølgja fram og tilbake i 2. omgang. Ian fullførte sitt hat-trick då han sette inn 4-2 målet, men Trio gav ikkje opp, og reduserte nok ein gong. På slutten av kampen pressa Trio hardt for å få utlikninga, men Olav stod glimrande i mål og vi klarte til slutt å dra i land 4-3 siger.
2 september reiste vi til Odda for å prøva å få revansj mot Odda kvit etter 6-3 tapet i vårkampen. Heimelaget stilte litt redusert og det viste seg raskt at det var store mulighetar for siger. Vi starte klart best, men på sitt første virkelige angrep gjekk Odda opp til 1-0. Ian var frampå likke etter og styrte inn 1-1. Kristoffer ordna 2-1 etter glimrande forarbeid frå Kristian, og eit sjølvmål av Odda gjorde at vi leda komfortabelt 3-1 til pause.
Andre omgang fortsatte samme stil og Ian nikka inn 4-1 på hjørnespark. Etter dette virka det som om vi trudde at sigeren var sikra, og vi inviterte heimelaget inn igjen i kampen. Dette førte til at 4-1 plutselig var blitt til 4-3, og ny spenning. Gutane tok tak i seg sjølv igjen, og Kristoffer dundra inn 5-3 etter flott spel, og Torgeir sette inn 6-3 med eit hælspark etter hjørnespark, noko som og vart sluttresultatet.
Neste kamp er heime mot Odda raud torsdag 9. september klokka 17:15, og alle er velkomne til å sjå på. 






