Merka løype til Kjeldestøl
I Melsdalen ved Rosendal ligg det tre større setrar som var i bruk fram til moderne tid: Midtseter (tilhøyrande Kletta, Mel og Eik), Hovda og Kjeldestøl (tilhøyrande Skåla og Vang).
Medan dei to første er godt kjente blant folk flest, har Kjeldestøl gått litt i gløymeboka dei siste åra. Men no er stien grundig rydja og merka, og allereie blitt eit populært turmål for gamle og unge!
Då Rosendal Turnlag – Turgruppa i 1979 byrja med Fjelltrim, gjekk løypa til Nordlifjell via Kjeldestøl. Men då den nye skogsvegen frå Ludnabekk kom overtok den som fjelltrimløype. Stien til Kjeldestøl grodde sakte men sikkert igjen, og T-ane vart dekka av mose. Kjeldestøl er imidlertid ei naturperle med storslått utsikt over Rosendal og Melsdalen, og dessutan ei seter med stor kulturhistorisk verdi. Difor meiner vi i RT at det var viktig å opna stien att, og grunneigar var svært positiv til dette. Kjeldestøl var i bruk fram til 1952. På det meste stod det sju sel der – i dag er bare eitt framleis oppreist. Namnet Kjeldestøl kjem av ei kjelde som finns på staden.
For å koma til Kjeldestøl tek ein utgangspunkt i parkeringsplassen ved bommen på Bjørke. Då er det først ca 20 minuttars gange til Åsvodl, og deretter nye 15 minuttar innover skogsvegen. Frå ein tek av skogsvegen (merka med raude T-ar) brukar ein omtrent 20 minuttar til ein er framme på stølen. Løypa går vidare til Kjeldestølsskaret, og ein kan ta ein flott rundtur attende via Skålafjell.
Då Kjeldestøl ligg midt i eit viktig hjorteterreng bør ein i jakttida (10. september til 15. november) bare nytta løypa dersom ein er sikker på at det ikkje føregår jakt.


