Årsbeste av G12

Tysdag ettermiddag var G12 i Odda for å spela sin fyrste haustkamp. Det viste seg at dei skulle prestera årsbeste allereie i fyrste kamp i haust.

 


Kampen gjekk på ein glitrande dag på ein glitrande ny kunstgrasbane. Rosendal hadde fullstendig kontroll på heile fyrste omgong, og skapte sjanse etter sjanse. Fine kombinasjonar med veggspel, gjennombrotspasningar og fine avslutningar enda med heile 6 scoringar til Rosendal i fyrste omgong. I tillegg hadde vi eit godt forsvar og god målvakt som sytte for at Odda ikkje fekk mål. 

 

I pausen bestemte vi oss for å prøva å halde nullen. 2. omgongen vart jamnare. Odda kom på nokre angrep som enda med avslutning på mål. Men gutane rydda opp, og ikkje minst Ola i mål gjorde sitt til å halde nullen. Sjølv om Odda hadde sine sjansar hadde vi desidert flest, og var gjennom fleire gonger, men målvakta til Odda stengte buret. Mot slutten av omgongen fastsatte Senastian sluttresultatet til 7-0. 

Dette lovar godt for resten av sesongen, ein framifrå kamp frå start til slutt. 

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Sander, Marcus, Erik, Harald (1), Tord (1), Torstein, Torbjørn (2), Øystein, Sebastian (3) og Jarand.