Årsbeste for G14

Tysdag kveld vitja Fitjar oss på kunsten. Fitjar har eit godt lag og tabellmessig var dette ein sekspoengars kamp. Gutane våre var akkurat passe tente og det viste seg at dette skulle verte årets beste kamp.

Vi starta med høgt press og vann så og seia kvar duell, dette resulterte i at Marcus kom seg fri på høgrekanten etter tre minutt, la inn ein 45 grader og der står Tord og plassere ballen i mål. Bare nokre minutt etter fyret Tord av eit skot frå ca 20 meter, ballen går uttagbart for målvakta og i mål.

No var gutane skikkeleg igong og varta opp med veggspel på kant, gjennombrotspassningar sentralt og mykje klikk-klakk fotball. Dette gode spelte førte til at vi leia 5-0 til pause, etter to scoringar av Jonatan og eit av Marcus.

I andre omgong fortsatte gutane det gode spelet, Fitjar fekk ikkje spela seg ut av forsvaret sidan vi hadde kollektiv høgt press. Dette førte til at Jeppe klinka inn 6-0 målet etter tre minutt, Tord la på til 7-0 etter 10 minutt. I det 13. Minutt dømde ein god dommar (Olav Lernes) straffe, og vår målvakt, Ola fekk ta denne. Ola satte straffen kontant i nota og auka til 8-0. Harald la på til 9-0, medan Tord Aarseth Guddal fastsatte sluttresultatet til 10-0.

Gutane er i godt driv for tida og spelar flott fotball. Hurtig spel med god presisjon i passningane fører til mange sjansar og mål.

Målscorarane er nemd, men vil og gje kreditt til dei som ikkje scora.
Torbjørn og Sander kontrollerar midtforsvaret utmerka, samt at dei er med offensivt ved høve. Bekkane, Jaran (måtte ut etter kort tid med lyskestrekk), Lars og Sebastian fullførte oppgåvene med glans, jobba godt i forsvaret og gjekk i angrep når det passa seg slik, dette førte til ein vanskeleg jobb for Fitjarforsvaret. Torstein jobba knallhardt på sentral midtbane, god i duellar og gode passningar. Kristoffer på venstrekant imponerar med hurtighet og gode innlegg, konstant trussel for Fitjar. Stian på topp jobbar godt, bevegeleg ut til kant og opnar opp forsvaret.

Denne kampen er som sagt årsbeste og gutane kan vera stolte av ein fantastisk lagsiger.

Desse var med, mål i parantes:
Ola (1), Sander, Torbjørn, Sebastian, Jaran, Lars, Tord G (3), Tord A. G (1) Torstein, Kristoffer, Stian, Jonatan (2), Harald (1), Marcus (1) og Jeppe (1)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen − 7 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.