Bli med på Fjelltrimmen!

Det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 40. gong fjelltrimmen vert arrangert. For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1037 m) og Melderskin (1426 m), skriva namnet i vardebøkene, klippa i kortet og levera det innan 1. november. Alle som fullfører fjelltrimmen i år er med i trekkinga av ein flott trefigur laga av Kjell Musland.

Turane passar nær sagt for alle aldrar. I tillegg til den fantastiske naturen, kan ein sjå dei imponerande sherpatrappene på Melderskin frå 2015 og dei på Malmangernuten frå 2016. I mai og juni skal det det byggjast sherpatrapper også i bratthenget under Skålafjell!

Fjelltrimkort er i sal hjå Rosendal Sport. Korta skal leverast inn same stad, eller til fjelltrimansvarleg Laila Hovland.

Velkomen til fjelltrim, og god tur!

Helsing Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

9 + seventeen =

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.