Dame A-laget vann borte mot Halsnøy

1. mai var det klart for sesongen fyrste kamp for A-lag damer, i år med nytt namn: Rosendal/TRIO.  I år har Rosendal og Trio gått i lag og målet var samarbeidslag i junior- og senior-klassen, noko som er eit godt steg i rett retning! Diverre har vi ikkje klart å stilla nok spelarar eller trenarar til juniorlaget, men vi håpar vi kan få dette til i framtida. Eg vil såleis oppmoda alle juniorar som ynskjer å spelar fotball, men ikkje har noko stad å gå til, å koma på treningane til damene. Vi er ikkje skumle og har det veldig kjekt i saman. Ingen tvang å spela kamp.Lagbilde Damelag 2014Så tilbake til opningskampen. I år stille òg Halsnøy damelag, og vår fyrste kamp gjekk nettopp mot Halsnøy på Halsnøy idrettsplass. Før fyrste kamp kriblar det alltid litt ekstra, og i år var nok litt fleire enn vanleg nervøse. Men jentedamene og damejentene tråkka til frå fyrste stund, og stod godt i mot eit Halsnøy-lag som har mykje rutine og styrke. Rosendal/Trio er eit lag som trivast best med ballen på bakken. Starten på kampen gjekk nok mest på Halsnøy sine premiss. Leia av Kari Bråtun stod vi godt defensivt, og Halsnøy klara aldri å skapa nokon sjansar. Dei ballane som spratt inn i 16-meteren plukka Katrine Y. Røssland trygt opp. Utover omgongen kom vi meir og meir med i kampen og fekk tidvis vist godt spel der vi kom rundt på kanten, og som resulterte i fleire stolpe- og tverrliggarskot. Etter ein omgong med motvind, gjekk begge laga til pause med ein smultring kvar.

Etter pausen fekk vi vinden i ryggen, noko som resulterte i at vi førte det meste av omgongen. Kampen sitt einaste mål kom etter nok eit kantangrep, der Helene Skåla kom ned på høgrekanten, runda ein spelar langs dødlinja, og la ein god pasning til Emilie K. Ersland som sette den kontrollert i mål! Flott angrep, og årets fyrste mål i boks. Vi kom til fleire sjansar i kampen, og med litt flaks og dyktigheit kunne vi ha sett ballen i nota fleire gongar.

I år som i fjor er det ein ting som går att. Jentedamene og damejentene jobbar veldig veldig bra gjennom heile kampen. Innsatsviljen er på topp!

Fleire spelarar fekk debutera på seniornivå i løpet av kampen.

–          Emilie Kaldestad Ersland, Trio, spelar hovudsakeleg spiss og kjem til å lage mange mål på seniornivå i tida som kjem. Når Emilie er i siget, er ho vanskeleg å stoppa; god teknikk, fantastisk skot og er fotballsterk!

–          Sunniva Ljone Solfjell, Trio, er hovudsakeleg sentral midtbanespelar, men er ein allsidig spelar som nok taklar alle plassar på banen. Sunniva er veldig god med ballen og slår gode og lure pasningar. Fotballsmart!

–          Thea Vaage, Trio, er ein god sisteskanse i mål. Med Thea og Katrine har vi eit godt keeperteam! Thea har god reaksjonsevne, keeperteknikk og fotballforståing. Ikkje minst tilfører Thea laget masse positiv energi.

–          Elinor Stiansdòttir Ersland, Trio, er ein habil kantspelar som har vore skada over lengre tid, men er heldigvis for oss klar til å spela fotball igjen. Elinor er god med ballen i beina, god pasningsfot (begge bein) og enorm innsatsvilje!

–          Renate Alfarnes, Rosendal, er ein sentral midtbanespelar med stor forståing for fotballspelet. Renate er god til å orientera seg tidleg og slår gode og løysande pasningar.

Tropp: Katrine, Thea V, Kari, Trude, Anne Marthe Z, Mariell, Gørill, Ingebjørg, Sunniva, Helene, Ingeborg, Emilie, Renate, Lise, Elinor, Nathalie.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 − 12 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.