FairPlay-laget i september: Gutar 01

Grunngjeving: Gutar 01 har i lag med Romar Skeie Olsen, Åge Myklebust og Kristin Tufta Kirknes eit positivt opplegg for motstandarlaget og foreldre som møter opp. Samstundes tek dei vel vare på dommarane som stiller til kamp. Skulle det av ein eller anna grunn vera ein spelar som ikkje oppførar seg skikkeleg (til dømes stygt ordbruk), blir spelaren tatt av banen og må roa seg på sidelinja.


Laget stiller med kaffi og anna til til begge laga. Nærast alle foreldra til gutane stiller opp på kampane og skapar ein fin atmosfære kring kampane.

Alle gutane har gode haldningar og personar utanfor laget oppfattar det som ein positiv gjeng som jobbar for at alle skal ha det kjekt på og utanfor banen – skikkeleg Fair Play ånd!

Ein utanforstånde har kommentert om denne gjengen: «Eg blir glad av å sjå dei i aksjon».

Gratulera så mykje til G01 som Fair Play-laget i september, og gratulera med 1000 kr (!!!!!!) til laget. Fortsett med gode haldningar og positive tiltak kring laget. Kanskje det kan bli meir pengar i kassen? 🙂