Fantastisk dag på årets TINE fotballsklule i Rosendal

20170627_125052
20170627_121137
20170627_120341
20170627_115010
20170627_111006

Etter regn kvar dag til no i juni, skein sola i kapp med både spelarar, instruktørar og andre medhjelparar. Det møtte omlag 150 spelarar med omlag lik fordeling av gutar og jenter.

Tusen takk til Brannspelarane Sivert Heltne Nilsen og Torgeir Børven som kom og besøkte oss. Dei tok seg tid til kvar einskild spelar med både autografar og bilete. Dei tok seg også ein runde til ein del grupper der spelarane fekk både stilla spørsmål og spela litt mot dei.

Utan att Palfinger hadde stilt opp med privatfly for å bringa desse Brannstjernene til Rosendal, hadde det blitt veldig vanskeleg å få dei hit. Så hjarteleg takk til Palfinger for deira engasjement for gjera denne dagen så minnerik for så mange. Takk og til alle instruktørar og medhjelparar for at de sette av tid til denne dagen. Utan alle dykk hadde det ikkje blitt nokon fotballskule.

Fotballgruppa
Lars Emil Berge

(Alle foto: Lars Emil Berge)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 + eight =