Fantastiske dagar på fotballskule i Rosendal

Tusen hjarteleg takk til alle saman som har gjort årets fotballskule så utruleg vellukka. For at dette skulle gå så bra, må me takka dei som har gjort førearbeidet med all planleggjing. Me må takka dei som har gjort alt det praktiske arbeidet som å skriva namnet på over 150 fotballar, sekkar og diplomar. Det vart servert mykje mat, frukt og drikke under desse dagane. Maten kom ikkje dettande ned frå oven. Takk til alle som stod for mat og fruktservering. Det kom ein medhjelparar som knapt hadde vore innom husdøra si etter å ha blitt utskriven frå sjukehuset for å vera med i kiosken. Tusen takk til alle instruktørane som var med, nokre ein dag, andre to dagar og nokre var med alle tre dagane. Tusen takk til sponsorane våre, og ein særskild takk TINE og Palfinger som ytte mykje under fotballskulen.

I juni hadde me hatt regn kvar dag fram til fotballskulen, men på opningsdagen skein sola, og den låg å skein over oss mykje av tida under fotballskulen. Så me får heva blikket og senda ein hjarteleg takk til han som styrer vêret.

Fotballskulen er svært viktig økonomisk for å kunne ha den aktiviteten vi har. Etter eit kort gjennomsyn tyder alt på at vi får eit solid overskot, og det trengs.

Det var ein som sa til meg at ein blir jo beint fram yngre av å vera med på dette, og det er sant. Til alle som har lysst å kjenna seg yngre ta kontakt med Rosendal Turnalg og meld dykk som medhjelparar til neste år. Og best av alt -denne kuren er heilt GRATIS!

Lars Emil Berge

Fotballgruppa i RTL

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen + 10 =