Friidrettsgruppa startar opp att

Inspirerta av nytt friidrettsanlegg på Husnes, startar ein i morgon – onsdag 27. august – opp igjen friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag.

– Alle frå 8-20 år er velkomne på trening i morgon kl seks. Foreldre som vil engasjera seg er også velkomne, seier RT-leiar Jostein Hatteberg. I starten vert intiativtakarane Åsmund Mehl og Annbjørg Fossberg trenarar, men ein håpar å få ei engasjert foreldregruppe som kan byggja eit friidrettsmiljø saman. Gruppa vert starta opp igjen no for å kunna delta på Friidrettens dag og Kvinnheradmeisterskap på Husnes allereie om tre veker.

– Det hadde vore veldig kjekt å få ei aktiv friidrettgruppe i Rosendal igjen. Eg oppmodar pensjonerte friidrettsentusiastar og foreldre til å vera med på å få dette i gong, seier Hatteberg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.