G00: Uskedal/Rosendal – Fitjar

En time før kampen møttest spelarane opp på Heio, der dei starta med oppvarming. Når dei var komen halvvegs i oppvarminga, fekk dei seg ein real kalddusj fra moder natur.
Men det såg ikkje ut som dei lot seg merke med det. Kampen starta 15 min. for seint på grunn av Fitjar som ikkje fann vegen til Heio med ein gong.Kampbilde - helsingFitjar er ei kjent mål maskin, og då dei første 25 minuttane fortsatt var 0-0 seier det seg sjølv at gutane spelte veldig bra. Dessverre fekk vi ikkje ta pause i tide, og Fitjar klarte å skåra to gongar. Etter scoringa frå Fitjar var det godt med ein liten pause, der frukt vart delt ut til begge laga.

Andre omgang klarte vi ikkje å stå imot, og kampen endra seg til 1-5, der Noah suste til, og skåra eit mål.
Veldig bra!

Det er mange som er i sving når det er fotball kamp, og vi treng, og set alltid pris på god hjelp. Derfor vil eg som lagleiar gjerne få retta eit stort «TUSEN TAKK» til dei foreldra som tok med seg kaffi og vafler, til Endre som fekk laga ny malt linje på banen, og ikkje minst til Nathalie for god jobb med dømming av kampen.

Og til slutt Tor og Kjell Eirik : Takk for flott coaching arbeid!!

Med vennleg helsing,
Jan Jaap Boot
Lagleiar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.