G02 med siger på Stord

rosendal-stordLaurdag spelte gutar 02 sin første 11-ar kamp mot Stord. Vi reiste over fjorden og møtte dei på Langeland Stadion. Vi fekk tidleg eit mål imot, men gutane hadde stor moral og køyrde på.

Etterkvart fekk vi frispark  frå 43,2m. Vegard Tungesvik stilte seg opp med fire fem sjølvsikre Ronaldofotlengder bak ballen og sikta. Ballen tok vegen mot mål og spratt i bakken mellom forsvaret og keeper og i mål. 1-1. Vi fortsatte med høgt press. Duracellkanina Sander Simensen scora eit flott mål etter å ha tatt nokre Stordspelarar med på karusell. Vi gav på vidare.

Vi bygde opp eit angrep på vår høgreside, ballen havna etter kvart i beina på det unge fottballtalentet Øyvind Haugland Nes. Han sikta og fekk DET  treffet frå hjørnet av sekstenmeteren. Ballen fekk ein flott kurve over keeper og  landa i mål ved bakre stolpe. Vi gjekk til pause og leia 3-1, og det var fullt fortjent.

Etter kanskje litt for mykje skryt i pausen gjekk spelarane ut i andre omgang med mykje pågangsmot, men Stordspelarane kom og ut med nytt pågangsmot. Stord tok tak i kampen og pressa oss bakover. Dei reduserte tidleg til 3-2 og om ikkje lenge stod det 3-3.

Heile laget jobba godt og vi kom sakte og sikkert inn i kampen igjen, men mange hadde sprunge langt og fått slitne bein, så me måtte gjera nokre byte. Etter nokre byte og litt omrokeringar tok vi etter kvart tak i kampen igjen. Brynjar Berge kom inn litt uti andre omgang (hadde vore sjuk ei veke i forkant av kampen) på høgre indreløparposisjon og scora 2 flotte, nesten identiske mål med vrista frå omkring 14.25 m frå vår høgre side.

Når det var omtrent 2 minutt igjen av kampen fekk Sondre Usain Bolt Klyve ballen på vår venstre side. Det tok ikkje mange tidelssekund før han kom seg frå midtstreken og til hjørnet på sekstenmeteren og klinte ballen i motsatt kryss –vi leia no 6-3 som og var sluttresultatet.

No har målscorarane blitt framheva, men eg vil kanskje berømma enno meir keeprane våre Sander Elias Helleland og Kristian Steinsvik, forsvarspelarar som Isak Naterstad, Fredrik Haugland, Sigmund Ulvestadbakken og Eimund Vik som danna ein flott grunnmur for resten av laget. Midtbanespelarar som Tord Guddal, Emil Skår, Kristian Hansen og angriparen vår Jeppe Raketten Søllesvik som sprang og plaga Stordspelarane gjennom samtlege minutt. Dette var ein LAGSEIER der positivitet stod i fokus. Alle jobba for kvarandre, og det gav eit flott resultat for oss. Vil og berømma karakteren de gutane viste ved at de reiste dykk etter at de hadde fått nokre sure mål imot.

Helsing 2 stolte hanar Jonny og Lars Emil

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

four + 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.