G14: Solid start på haustsesongen

Foto: Vidar Alfarnes

Foto: Vidar Alfarnes

Fyrste kamp i vårsesongen var borte mot Solid, den tapte vi 4-1 på grunn av at vi ikkje hadde satt på «på-knappen». I går stod Solid på andre banehalvdel heime på våras kunstgras, og «på-knappen» var definitivt på!

Vi hadde vinden i ryggen i fyrste omgong og pressa godt på i frå start av. Berre etter 5-6 minutt dømte dommar, Erlend Fredheim, straffe til oss etter holding innafor 16. meteren. Den ellers så sikre straffetakaren, Sander, gjekk fram, men satte straffen ein halvmeter over krysset.

Heldigvis la ikkje dette noko dempar på presset til heimelaget, gutane vann stort sett alt på midtbanen, både fyrste- og andre ball. Presset gav til slutt resultat, vi kom oss rundt på høgre sida og fekk lagt inn, der er Torstein på plass og breisida inn 1-0, flott mål etter godt spel.

Fleire mål vart det ikkje i fyrste omgong, sjølv om vi hadde fleire store sjansar.

I andre omgong var underteikna redd at motvinden skulle gje fordel for bortelaget. Dette skjedde derimot ikkje, gutane gjorde som dei hadde fått beskjed om, nemleg å spela ball langs bakken. Vi kom fleire gonger rundt på kantane og produserte målsjanse etter målsjanse. Til slutt fekk vi hol på byllen, og Jeppe satte ballen i mål etter ei god heading etter innlegg frå høgresida.

Etter scoringa vart vi litt baktunge i ein liten periode, men gutane tok tak i kampen att og heilt mot slutten fastsatte Marcus sluttresultetet til 3-0.

Vi gjer ein god kamp der vi kontrollerar kampen så og seia heile tida. Ola rydda opp i dei få situasjonane der Solid kom til halvsjansar.

Forsvarsrekka vår med Torbjørn, Lars og Øystein var tett i motstandarane heile tida og skapte store vanskar for angriparane til Solid. Jaran kom inn og fortsatte den gode jobben for Øystein.

Midtbanen la ned ein formidabel innsats på heile banen, Torstein, Tord G og Tord A.G. vann alt som var sentralt på midtbanen av utspel, lange ballar og taklingar. Sander måtte ut etter kort tid på grunn av skade, men gjorde som vanleg ein god jobb når han var på banen. Harald kjem inn for Tord Aa og gjer ein god jobb på midtbanen.

Kristoffer og Jonatan var solide i sitt kantspel, låg bredt, var alltid spelbare og kom til innlegg.

Framme låg Marcus og Sebastian og var på hugget heile tida og skapte sjanse etter sjanse. Jeppe kom inn i fyrste omgong etter at Marcus fekk seg ein smell der det gjer aller mest vondt. Marcus kom inn att i andre omgong for Sebastian. Jeppe var ein konstant trussel for forsvaret til Solid. Stian sleit litt med ein lysk, men viste gode takter i dei siste minuttane då han kom inn for Jeppe.

Takk for ein knallgod lagseier gutar!!
Ekstra takk til 2002 modellane, Jeppe og Tord A.G. som stilte opp og viste godt igjen på banen.

Takk og til dommar Erlend Fredheim for god og tydeleg dømming!

Desse var med:
Ola, Torbjørn, Lars, Øystein, Jaran, Sander, Torstein (1), Tord G, Tord A. G., Harald, Kristoffer, Jonatan, Marcus (1), Jeppe (1), Sebastian og Stian.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

six − two =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.