God start på haustsesongen for G01

Idag spelte gutane sin andre kamp i fyrste divisjon no haustsesongen. Fyrste kamp vann vi 2-0 heime mot Strand-Ulv. Det var ein kamp som bar preg av at gutane hadde jogga med skulen til fjells same dagen. Idag var det eit av dei sterkaste laga i serien som vitja Rosendal, nemleg Odda 2.Rosendalsgutane viste ein fantastisk innsats idag. Vi pressa oddingane godt i motvind i heile fyrste omgong. Den fyrste skikkeleg store sjansen fekk vi då Torstein traff på heil volley etter eit godt innlegg, Odda fekk såvidt klarert frå streken.

Målet kom etter ein dødball som Sander la til Jonatan som igjen passa til Sebastian som lirka ballen forbi oddamålvakta. 1-0 leiinga sto seg til pause.

Med to skadar måtte vi omrokkera litt i andre omgong, eindel spelarar spelte på uvante plassar, men gjorde ein framifrå innsats. Odda pressa godt på ei stund i andre omgong, men gutane rei av stormen og hadde nokre gode sjansar som oddamålvakta redda. Det såg lenge ut til at vi skulle ro det i land, men då det gjenstod 10 minutt fekk Odda lirka ein corner rett i mål.

Rosendalsgutane gav ikkje opp, men fleire scoringar vart det ikkje. Dermed enda kampen 1-1.

Gutane viste flott innsats idag. Dei stod på og kjempa til siste slutt. Dette lovar bra for kommande kampar.

Desse var med (mål i parantes):
Ola, Torbjørn, Lars, Øystein, Jaran, Espen, Harald, Sander, Tord, Torstein, Jonatan, Marcus og Sebastian (1)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nine + six =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.