God start på sesongen for G16

IMG_1504I skikkeleg haustvær var det endeleg sesongstart for G16-laget. Gutane har hatt ei god oppkøyring i vinter med veldig godt og stabilt frammøte på treningane. Optimismen var difor stor då Trott 2 gjesta oss på kunstgrasbanen.

Kampen starta bra, med høgt press og god ballvinning føregjekk mykje av spelet på Trott sin banehalvdel. Gutane spelte seg fram til fleire gode sjansar, der Marcus hadde den største etter ca 15 minutt. Han vert spelt gjennom og kom aleine med målvakta, men diverre gjekk skotet på utsida av stolpen. Trott var frampå eitpar gonger men eit solid stykke arbeid av forsvar og midtbane hindra dei store sjansane. Likevel fekk dei nokre frispark i farleg posissjon, men heldigvis vart skota for upresise.

Etter 25 minutt får Sander ballen i beina omtrent ved midtsirkelen, han set fart og glir forbi heile forsvaret før han plasserar ballen til sideIMG_1505 for målvakta. 1-0 til stor jubel frå sidelinja. No var måltørken slutt og Jonatan putta til 2-0 fem minutt etterpå, omtrent frå død vinkel.

2-0 vart pauseresultatet. Pausen var akkurat lang nok til å å sei nokre ord og å svelga ei banan, noko som var heilt ok iallefall for oss på sidelinja.

Andre omgong fortset som fyrste sjølv i motvind. Gutane har full kontroll og pressar på for fleire mål, og etter berre  rundt fem minutt i omgongen var det klart for 3-0. Vi har hjørnespark og etter litt fram og tilbake inne i 16-meteren dett ballen ned framfor Tord, kaldt og roleg plasserar han ballen i mål.På 4-0 målet er det Tord som gjer det meste av forarbeidet,  han dreg seg forbi fleire spelarar på venstrekanten, kjem til dødlinja og legg ut til Jonatan som sikkert plasserar ballen i mål.

Det vart ikkje fleire mål på gutane denne kvelden, Trott fekk eit trøstemål som soleklart skulle vore annulert for offside, men utan linjedommarar er ikkje offside lett for dommaren.

Gutane leverar ein god og solid kamp. Mykje av det vi har trent på i vinter kan ein sjå att i kampen. Dei er flinke til å gjera seg spelbare og ikkje minst å spela ballen, flott gutar!

Desse var med (mål i parantes)

Asgeir Vågen, Oskar Jegteberg, Mats Løland Eik, Andreas Ølvestveit, Petter Solbakken Boot, Sander Myklebust (1), Tord Guddal (1), Torstein Kristiansen Olsen, Torstein Myklebust, Marcus Såtendal, Jonatan Eskeland (2).

Reservar:
Lars Bjordal Bondhus, Jaran Jensen Eide, Sebastian Tufta Kirknes, Snorre Solheim Søllesvik, Kristoffer Tangstad, Jacob Taranger

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 − 9 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.