Hjelp oss med nytt banedekke

Med støtte og stor velvilje frå Kvinnherad kommune, og i samarbeid med skulane i nærområdet, nabobygdene og samarbeidsidrettslag, er Rosendal Turnlag no i ferd realisera opprusting av Rosendal Stadion, mellom anna med nyetablering av friidrettsstadion.

Prosjektet er kostnadsrekna til 6 millionar kroner, og blir finansiert ved hjelp av kommunale tilskot, offentlege spelemidlar, sponsormidlar og gåver, i tillegg til idrettslege eigenlutar og dugnad.
Spelemiddelsøknad er sendt, og her forventar vi kroner to millionar i støtte. Så langt har vi motteke kr 365 000.- frå SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad. I tillegg er
kr 2 560 000.- i tilskot/mva-kompensasjon med nødvendige garantiar øyremerkt prosjektet frå Kvinnherad kommune.

Resten av nyetableringa av friidrettsstadion må finansierast med sponsing og gåver, og akkurat her kjem di hjelp inn.

Trykk på vedlagt lenkje https://www.superinvite.no/shares/#/account_1464852164
Rull ned og les meir, eller trykk Gå til andelskart, for å gje di støtte.

Tusen takk for at du støttar oss.

Med takksam helsing

Jostein Hatteberg, leiar
Rosendal Turnlag
tel 489 94 213
ePost: rosendal@folgefonn.net

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

sixteen − 15 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.