J13 9er Odda-Rosenda/Uskedalen: 0-2

Torsdag i haustferien var det eit revansjesugent Odda lag med veldig mange raske, sterke og gode enkeltspelarar som gav oss veldig god motstand på sin eigen heimabane.
Det blei ein jamnspelt 1.omg. der Odda klarte å etablera spel på vår banehalvdel  i mykje større grad enn tidligere oppgjer. Største sjansen i 1.omg. hadde vi med stolpeskudd frå skrå vinkel av Hanna. 0-0 etter første 35 min og pauseprat med fokus på å skyta meir og raskere oppi duellene.

Jentene heva seg i 2. omg. og hadde eit lite overtak sjølv om Odda fortsatt var farlige på kontringer. Vi var ikkje fornøyd med uavgjort og gjorde mange rokkeringer der vi satsa meir offensivt med ein kalkulert større risiko defensivt. Vi holdt på å få ein baklengs på det (einaste farlige målsjansen for Odda), men så 6 min. før slutt fekk vi betalt for tøff satsing då vi endelig fekk 1-0.

Annika og Hanna hadde raskt og godt samspel mellom mange Odda forsvarere på høgrekanten, der Hanna til slutt fyrte av frå veldig skrå vinkel i motsatt kryss. Vi kunne jubla og raskt ta ny omrokkering for å sikra oss best mulig defensivt. Odda klarte fortsatt ikkje å produsera ein einaste farlig sjanse etter dette og på overtid var det vi som auka til 2-0 etter endå eit langskudd, denne gongen av Sigrid.

Med medbrakt sjokoladekake blei det dobbeltfeiring med både seier og bursdagsjenta i bussen ; )

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × 2 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.