J13 9er Rosendal/Uskedalen-Trio 1: 2-2

Kampen gjekk på ein litt liten bane (på tvers) på Heio i dag. Det var vanskelig å få til godt spel på ein liten og våt bane, men vi pressa godt i 1.omg. og spelte stort sett på ein banehalvdel. Det var surt og veldig ufortjent då Trio tok føringa 1-0 etter slurv i bakerste rekker uten at dei hadde ein einaste reell målsjanse. Men vi må unngå å gje vekk mål som i dag. Sigrid utligna før pause på langskudd som gjekk via Trio-fot.
2.omg. var jamnare, men fortsatt med overtak til oss. Men så skjer det igjen, vi gjer vekk eit heillt unødvendig mål etter mykje nøling og uheldig keeper som glipper ballen med såpeglatte hansker rett i beina til Trio spissen. Igjen ligg vi under heilt mot spelets gang, men slik blir det når vi gjer så lette mål til motstanderen. Jentene kjemper veldig for å få utligning på slutten og vi gjer div. offensive prioriteringer. Like før slutt får vi corner som Sigrid som vanlig gjer seg klar for å slå inn. Corner frå høgre med høgre foten og Sigrid får til det umulige: knaller ballen knallhardt direkte i lengste hjørna og i mål. Då blei vi til slutt passe fornøyd, sjølv om dette var ein kamp vi burde vunne.
Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 × 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.