J13 9er Trio 2-Rosendal/Uskedalen: 1-2

Siste kamp 2015Siste seriekamp borte mot eit godt Trio2 lag. Vi hadde seriegullet i boks før denne kampen og kunne for første gong denne sesongen senka skuldrene med tanke på å få spela sluttspel i (krets) mesterskapet for 2.div. Denne kampen blei brukt som trening mot sluttspelet og for å få dei siste nødvendige svarene før «vinn ellet forsvinn» kampane. Vi er godt forberedt no og er klare for å gjera det best mulig mot gode Bergens lag.

Kampen i dag var jamn der ingen av laga kom til dei store målsjansane før heilt i slutten av 1.omg. Det var Trio jentene som i det 30.min. tok føringa på eit noko uventa og heldig langskudd, som gjekk via ein fot av våre eigne jenter. Så etter 33 min. kom dagens høgdepunkt og største prestasjon. Ina gjorde absolutt alt på eigenhånd. Braut frå motspelar på eigen banehalvdel, satte fart, skar elegant inn rett foran triojenta, og framme med keeper var det bare å putta i kjent Ina-stil. 1-1 til pause og vi gjorde ein del grep for å få større offensivt trykk. Resultatet kom allerede etter 8 min. Guro som nettopp var bytta inn igjen var sist på ballen, med eit skudd som fleire av medspelarane bare kontrollerte over streken. Fortjent 2-1 leiing som vi heldt heilt inn. Litt vanskelige vindforhold,  men til tider ein del bra spel alikevel. Bra jobba jenter !! 😉

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 − 9 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.