J13 Rosendal/Uskedalen-Trio1: 5-2 (4-0)

20151015_195421Til denne kampen hadde vi sterkt fokus på at med seier ville vi sikra seriegullet før siste bortekamp mot Trio 2. Jentene var heiltente for oppgaven og gjekk ut i 110. Trio med eit toppa og sterkt lag var ikkje ufarlige, spela godt og gav oss (heldigvis) god motstand lenge. Men etter 17 min. fekk vi igjen uttelling på akkurat det vi hadde førebudd oss mest på i angrepsspelet: timing på pasning og løp i bakrom. Annika braut høgt i banen,  slo pasning til Guro som raskt spela gjennom til Ina, som tima løpet perfekt og kunne dundra ballen forbi keeper til 1-0.

Det gjekk ca.15 min. uten scoringer, men så 4 min. før pause klarte ikkje Trio å stå imot lenger, og det blei 3 mål og eit stolpeskudd før vi kunne ta pause med ein solid 4-0 leiing og full kontroll i kampen. 2-0 kom då Lene vant utspel og spela via Hanna som spela gjennom til Guro som dundra i mål. 3-0 var det igjen Guro som fyrte av. 4-0 stod Ida Marie for då ho kjempa i kjent stil og pressa keeper som bare rakk å ha ei hånd på ballen før den blei trilla over streken. I 2.omg. la vi ikkje om til meir defensiv org. for å sikra leiinga, men tvertimot la vi om til meir offensiv org., frå 4:3:1 til 3:3:2. Dette for å øva på denne formasjonen og for å gje publikum best mulig offensiv og underholdende fotball. Og det blei det.

Trio reduserte til 1-4 i det 5 min. etter bra spel. Og like etterpå kom dagens perle: Thea knalla til med eit langskudd frå venstrekanten i motsatt kryss etter 8 min. og vi auka til 5-1. Med fortsatt kun 3 i forsvar klarte Trio å redusera til 2-5 etter ca.15 min. som blei sluttresultatet. Alle 15 jentene fekk mykje speletid og fleire fekk i kjent stil øva seg i nye roller litt utenfor komfortsonen. På denne måten har vi bygd eit meir robust lag med større fleksibilitet, samtidig som alle har fått ein betre individuell utvikling. Gratulera jenter med fantastisk innsats gjennom heile sesongen !! Avslutningskampene med bl.a. sluttspel om (krets)mesterskapet for 2.div. blir rein bonus uansett korleis det går.

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

four × five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.