Julehelsing frå leiar i fotballgruppa

Eg vil med dette ynskje alle fotballspelarar, trenarar, dommarar, støtteapparat og foreldre til fotballspelarar i Rosendal Turnlag ei retteleg God Jul. 

Tusen Hjarteleg takk til alle dykk som har vore med og gjort dette til eit svært minnerikt år.

Vi er ein breiddeidrettsklubb som har hatt omlag 20 lag med. Desse har spelt treningskampar, serie og cupar. I Rosendal TL er det like sjølvsagt for begge kjønn å spela fotball. Det har utvikla seg som ein kultur i Turnlaget. I dei yngste klassane er det no fleire jenter enn gutar som spelar fotball.

Til neste år er det 40 år sidan RTL starta opp med damefotball. -kanskje det må markerast på ein eller annan måte til neste år.

I all lagsport er dette med god lagånd viktig for å prestera. Eg har eit bestemt inntrykk av at dette sit godt innprenta rundt fotballgruppa til Turnlaget. Hugs at: DET ER SAMAN VI BLIR GODE!

Atter ein gong GOD JUL til alle saman

Bh Lars Emil Berge
Leiar fotballgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 4 =

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.