Medlemskontingent for 2019

Informasjon

Rosendal Turnlag (RT) har aktivitetar for born, unge og vaksne. Vi tilbyr aktivitetar innan friidrett, turn, judo, fotball, ski, orientering og mykje meir. Sjå heimesida for total oversikt.
Alle som er med på aktivitetar i RT, skal betala medlemskontingent for det driftsåret dei er med. Kontingenten er ei viktig inntektskjelde for laget og er avgjerande for å kunna tilby dei
ulike aktivitetane til medlemmane. Når medlemskontingenten er betalt, kan du fritt delta på alle aktivitetane i laget. Forsikring inkludert i kontingenten for born inntil fylte 13 år.
RT har eit elektronisk medlemsregistreringssystem. Systemet heiter SuperInvite og skal hjelpa oss med så vel medlemsregistrering som kontingentinnbetaling.
Betalinga skjer med bankkort eller kredittkort. Betalingsfrist: 1. mars.

Gå inn her for å betale kontingenten

Gjeldande kontingentsatsar

Lagleiar/trenar/styremedlem 100,-
Støttemedlem 350,-
Born t.o.m. 7 år (Fødd i 2012 eller seinare) 350,-
Born/ungdom f.o.m. 8 år (Fødd i perioden 2002-2011) 550,-
Vaksne f.o.m. 18 år (Fødd i 2001 og tidlegare) 950,-

Konsekvens av å ikkje betala kontingent

«RT kan ta medlemsskap frå medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for 2-to år taper automatisk sitt
medlemskap i RT, og skal strykast frå laget si medlemsliste. Medlem som har tapt sitt medlemskap kan ikkje takast opp at som medlem før skuldig kontingent er betalt.»
(jf. RT sine vedtekter, §3 Medlemmar – pkt.6)

Dersom kontingenten ikkje er betalt, eller du har tapt medlemskapet, så kan du heller ikkje delta på aktivitetar i regi av RT, dvs. treningar, kampar, cupar, stemner osb.

Anna informasjon

Om du ynskjer å melda deg ut av laget, så skal dette skje skriftleg (brev/epost) til styret i laget (jf. RT sine vedtekter, §3 Medlemmar – pkt.5).
Dersom du av ulike grunnar er i ein situasjon som gjer det vanskeleg for deg å betala medlemskontingenten, kan du ved skriftleg søknad (brev/epost) be styret om reduksjon av
eller fritak frå medlemskontingenten.

Superinvite – betalingssystem

Rosendal TL har elektronisk medlemsregistreringssystem. Systemet som heiter SuperInvite, er online-basert, og skal hjelpa oss med såvel medlemsregistrering  som kontingentinnbetaling. Medlemskontingenten er særs viktig for klubben, så vi håpar alle vil betala raskt.

Trykk her for melda deg inn i Rosendal TL og for å betala medlemskontingenten.

I tilfelle spørsmål, kontakt:
Medlemsansvarleg Bodil Berge Lernes,
Mob.: 934 27 575,
Send epost til medlemsansvarleg

Med venleg helsing
Rosendal Turnlag – hovudstyret

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five + nineteen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.