Opne dagar på Kjeldestøl

Seks onsdagar og éin søndag i sommar vil det vera budeier til stades på Kjeldestøl ovanfor Rosendal. Det er T-merka sti til Kjeldestøl, og derifrå vidare til Skålafjell og Nordlifjell.

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei to førre somrane. Følgjande onsdagar: 28. juni, 5. – 12. – 19. og 26. juli samt 2. august, klokka 11.00-15.00, vil det vera budeier til stades på stølen. Dei skal syta for lunk i omnane og vil ynskja alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, enten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med vanleg bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne kjøpa seg nykokt kaffi og noko å bita i, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Fjorårets opne dagar var svært populære. I år vert det stølsdag også søndag 23. juli.

Førebels har venelaget restaurert fire sel – Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet og Kristiansselet – utanom Siriselet som har vore intakt heile tida. Arbeidet med dei to siste sela; Peraselet og Torkjellsselet, er i gang. Peraselet skal opnast i løpet av sommaren, medan Torkjellsselet står for tur i 2018. I tillegg er det sett opp både utedass og ei sjykkje.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

1 Response

  1. Kristine Hestad sier:

    Er det forsatt mulig å leie hest opp til Kjeldestøl? Det var svært populært blant turistane ifjor at vi to med ein fjording.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twenty − seven =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.