Opning av sherpastien til Nuten

_MG_1134

Foto: Morten Nygård

Sikringsarbeidet mellom Høyklepp og Hjort, som er det brattaste partiet på stien til Malmangernuten, er no i innspurten. Truleg vert måndag siste dag med murarbeid for dei fire sherpaene som er hyra inn for å gjera jobben. Tysdag vil bli nytta til ein avsluttande finpuss. Det er såleis ei stor glede å kunne invitera alle interesserte til ei lita markering tysdag 21. juni klokka 18.00. Etter den offisielle opninga vert det høve til å ta det fantastiske arbeidet, utført av sherpaene Sonam, Dawa, Dorji og Kami, nærare i augesyn.

«Det er nesten ikkje til å tru at det går an å byggja så flotte trapper i så bratt og vanskeleg terreng. Vi er djupt imponerte og takksame over arbeidet som er gjort», seier Morten Nygård (leiar i turgruppa) og Kåre Eik (prosjektleiar).

Med dei nye trappene er det vanskelege partiet, som dei siste åra berre har blitt verre og verre grunna stor slitasje og aukande trafikk, blitt det flottaste området på heile turen til Nuten (890 meter).

«Vi gler oss til opninga og til å visa fram den nye stien», fortel Nygård og Eik.

Også i fjor var det sherpabesøk i Rosendal. Då vart den rasutsette stien ved Skarsklyp på Melderskin utbetra.

«Det er sjølvsagt stor stas å få arbeidet gjort, men for oss i turgruppa har kontakten med sherpaene vore ei vel så stor oppleving. Makan til arbeidssame og trivelege folk skal ein leita lenge etter», seier Nygård og Eik, og takkar samstundes alle som har bidrege med økonomiske midlar for å få prosjekta gjennomført.

Parkering ved Rosendal Fjordhotel. Ta gjerne med klyppekortet og gå til toppen av Nuten etter opninga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

20 − 3 =