Oppstart for skigruppa

Leiarane i skigruppa, frå venstre, Stig Klette og Sjur Langesæter. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda

Startar rulleskitrening

Langrennsentusiastane lar seg ikkje stoppa av at me framleis er i ein sommarmånad. På tysdag startar nokre av dei førebuingane til skisesongen.

– Me startar med rulleskitrening på tysdag, og tenkjer å halda på med det til det blir forhold i fjellet til å gå på skikkelege langrennsski der, seier Sjur Langesæter og Stig Klette i langrennsgruppa til Rosendal Turnlag.
Langesæter, som nyss har returnert til teneste for moderklubben, har tatt på seg leiarvervet i langrennsgruppa. Rulleskitreninga er eit tiltak for å få i gang både trening og eit miljø for langrennsinteresserte. Saman med styrekollegaane Åsmund Mehl og Henrik Bauge går dei i gang og stiller trenarkreftene sine til disposisjon
– Me vender oss mot nybyrjarane, men ynskjer også å skapa ein plass der skiinteresserte kan treffast og trivast. Utgangspunktet er rulleskitrening på gang- og sykkelvegane rundt Rosendal. Alternativet er stavgang i motbakkar, seier Langesæter.
Han håpar også på eit samarbeid med Omvikdalen Idrettslag utover vinteren.

Tekst og foto: Håvard Sætrevik – Grenda

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 1 =