Seriestart for J15

J15 var i Bergen forrige helg for å møta Bjarg i årets første seriekamp i 1 divisjon. Bjarg er nyopprykka i divisjonen og var dermed eit nytt bekjentskap for oss.
Jentene har kun spelt treningskamp før seriestart, der vi slo Halsnøy sitt sterke J16 lag 8-5, blant anna etter 6 mål av Ina , så vi følte oss ganske sikre på at vi stilte godt forberedt til årets sesong.

Likevel kunne det sjå ut som om jentene var litt nervøse, for vi starta dårlig, og allereie etter 8 minutt låg vi under 2-0.
Då virka det som om jentene forstod alvoret, og i løpet av ein 5 minuttars periode hadde vi snudd kampen med 3 raske mål.
Vi putta ytterligare 2 mål utover i omgangen, og hadde ein komfortabel 5-2 leiing til pause, etter 4 mål av Ina, og 1 av Guro.

Andre omgang vart rotete frå vår side, og vi slapp Bjarg til ein del store sjansar. May Beate storspelte og rydda opp i det meste, men måtte sleppa inn 2 mål på straffespark.

Heldigvis for oss scora Marte og Hanna for oss også, slik at resultatet til slutt vart 7-4 til Rosendal/Uskedal.

Dette var nok ikkje blant våre beste kampar, men vi viste at vi scorar mykje mål sjølv om spelet ikkje alltid fungerer optimalt, og det var kjekt å få ein siger med seg heim frå Bergen.

Neste kamp skulle etter planen vore heime mot Tertnes 29 april, men pga konfirmasjonar i Bergen har denne blitt utsatt på ubestemt tid.
Neste helg har vi konfirmasjon i Kvinnherad, så då blir sannsynligvis neste kamp heime mot Fyllingsdalen 13 mai.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nine − two =